Vil delvis stenge Trollstigen i tre år

1 month ago 28



I juni i fjor blei den populære turistvegen med hårnålsvingane stengt umiddelbart då ein stein dundra ned fjellsida og trefte ein bil.

Turistnæringa tapte enorme summar på grunn av stenginga og måtte permittere.

No skal Trollstigen varig rassikrast, og samferdselsutvalet fekk valet mellom to alternativ: Anten at vegen blir heilårsstengd i halvanna år eller at rassikringa blir gjennomført over ein periode på tre sesongar med open veg i juni og juli. Det siste alternativet er dyrare.

Utvidar med 15 dagar

Samferdselsutvalet foreslår at arbeidet skal skje over tre sesonger, men der vegen er open frå 1.juni til 15.august.

– Det gjer vi fordi august er ein viktig månad med mykje turistar og mykje trafikk, sa leiaren i samferdselsutvalet, Hans Olav Myklebust (Frp) då han fremma forslaget.

Styreleiar Ole Johnny Amundsen i Romsdal Reiseliv er godt fornøgd.

– Dette bergar mesteparten av sesongen og 80 prosent av omsetninga. Dei resterande 20 prosenta må vi sjå på som ei investering for framtida. Alle må bidra til at vi no får ein sikker Trollstigen

Redd liv skal gå tapt

Trollstigen er eitt av dei mest besøkte reisemåla i landet, men det er slett ikkje trygt å køyre her.

Dei siste åra har fleire køyretøy blitt trefte av stein og fylkesvegsjefen har vore redd for at liv skal gå tapt. Det har også gått fleire ras som har øydelagt vegbanen og skredaktiviteten er aukande.

Befaring Trollstigen

Dei siste åra har det gått fleire steinras i Trollstigen som har treft køyretøy.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Etter stenginga i fjor vart det løyvd 40 millionar kroner til strakstiltak. Gjennom hausten har fjellsikrarar løyst ut enorme steinblokker for å gjere vegen tryggare. Målet er at Trollstigen skal kunne opnast igjen til årets turistsesong.

Møre og Romsdal fylkeskommune har vurdert å rassikre Trollstigen ved å legge vegen i tunnel, men det blir for dyrt. Istaden har ein vald det såkalla fjellsikringsalternativet.

Men det inneber at ein må redusere opningstida medan arbeidet blir gjort. No vil politikarane halde vegen open så lenge som mogleg. Resultatet blir at vegen blir stengd frå 15.august.

Dyrare alternativ

Førebels er det ingen som kan seie kor mykje dyrare det blir å halde vegen open heilt til 15.august. Men det blir dyrare, og Møre og Romsdal fylkeskommune er i en svært vanskeleg økonomisk situasjon.

– Eg synest det er vanskeleg å gå inn for dette. Eg vil ikkje at vi skal kaste glør i augene på folk. Og vi skal ikkje gjere noko som svekkar tryggleiken, sa Hanne Notøy (Ap) under møtet i samferdselsutvalet onsdag.

En kvinne og en mann sitter ved et bord mens de deltar i en diskusjon.

Ap-politikar Hanne Notøy (til venstre) er skeptisk til å halde oppe vegen i 15 dagar ekstra.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fleire av politikarane i utvalet var samde i at det er utfordrande å auke opningstida for Trollstigen med 15 dagar utan å vite kor mykje det vil koste. Men Torgeir Dahl (H) støtta forslaget.

– Vi må finne ein balanse og prøve å gjere det beste ut av det. Eg er heilt samd i at trryggleiken kjem først.

Publisert 12.03.2025, kl. 11.47 Oppdatert 12.03.2025, kl. 12.23

Read Entire Article