Vil finne ut korleis marine hetebølger rammar Lofoten

1 day ago 8



Havforskarar skal konkretisere korleis klimaendringane slår ut i Norden, opplyser Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

Nærare bestemt vil dei sjå på korleis marine hetebølger vil ramme Lofoten og Skagerrak.

For dei nordiske havområda skil seg ut frå andre havområde. Dei ligg langt nord og livet i havet har tilpassa seg låge temperaturar, og er sårbare for endringar.

– Klimaendringane vil endre økosystem og fiskeriressursar i dei nordiske havområda, seier forskar Geir Ottersen ved Havforskingsinstituttet.

Han har jobba med å konkretisere korleis klimaendringane vil slå ut i vår region i ei årrekke. No har forskarar fått tildelt midlar til eit nytt forskingsprosjekt som bygger vidare på tidlegare arbeid.

Read Entire Article