Nettstaden Polymarket har fått mykje merksemd den siste tida.
Der kan brukarar vedde pengar på stort og smått, også internasjonale hendingar og krigshandlingar.
Brukarar på Polymarket kunne blant anna vedde på om Nicolás Maduro kom til å bli avsett innan visse datoar.
Foto: Wyatte Grantham-Philips / AP,NTBNyleg blei ein amerikansk soldat tiltalt for å ha brukt hemmelege opplysningar om bortføringa av Nicolás Maduro i januar til fleire veddemål. Soldaten var sjølv med i planlegginga og utføringa av aksjonen mot Maduro, har New York Times skrive.
Soldaten, som nektar straffskuld, skal ha tent 400.000 dollar, eller over 3,7 millionar kroner, på veddemåla.
Nå tar eit nytt lovforslag til orde for å forby slike veddemål blant militært personell.
Her er nokre av dei største skandalane knytte til såkalla prediksjonsmarknader som er avslørte den siste tida:
Ryan Murphy / AP / NTB
Soldat tiltalt for Venezuela-spill
Den amerikanske soldaten Gannon Ken Van Dyke er tiltalt for å ha tjent rundt 4 millioner kroner på å sette penger på når USA ville angripe Venezuela og bortføre president Nicolás Maduro, ifølge USAs statsadvokat.
JACK GUEZ / AFP / NTB
Dødstrusler mot israelsk journalist
Times of Israel-journalist Emanuel Fabian fikk drapstrusler etter at han i mars skrev at iranske missiler hadde slått ned i Israel.
De som sto bak truslene, hadde satset penger på prediksjonsmarked-spill knyttet til angrep på Israel og gått glipp av store utbetalinger, skriver The New York Times.
Carlos Barria / Reuters / NTB
Tiltale mot Google-ansatt
Nylig ble en Google-ansatt tiltalt etter å ha satset penger på hvilke ord som hadde blitt hyppigst søkt etter.
Han skal ha vunnet over 10 millioner kroner, ifølge USAs statsadvokat.
Syced (CC0 1.0 Universal)
Temperatur-fusk i Frankrike
Fransk politi satte i gang etterforskning på bakgrunn av mistanke om at noen hadde fiklet med temperatursensorer ved flyplassen i Paris.
Hendelsen knyttes til veddemål på Polymarket inngått kort tid før målingen ble gjort. Det spekuleres på om hårføner eller lighter kan ha blitt brukt.
Hegseth får ansvar
Lovforslaget frå forsvarskomiteen i Representanthuset blei offentleggjort førre veke.
Dei vil blant anna forby personar som har relevant «ikkje-offentleg informasjon», eller som «rimelegvis kan skaffe» slik informasjon, å vedde på såkalla prediksjonsmarknader.
Forsvarsminister Pete Hegseth vil ha det øvste ansvaret for å implementere lova, om ho når gjennom Kongressen.
Foto: AFPKongressen må først stemme over forslaget. Blir det fleirtal, må forsvarsminister Pete Hegseth sørge for at det kjem forskrifter og ei rekke straffereaksjonar for dei som bryt lova.
Forbodet mot slike veddemål vil også gjelde sivilt tilsette i forsvarsdepartementet.
Forbode for fleire
Senatet har allereie innført forbod mot å bruke prediksjonsmarknader for medlemmane sine, skriv CNN.
Guvernørane i California og Illinois forbyr òg delstatstilsette å bruke slike tenester.
Føderal lov i USA forbyr allereie tenester som Polymarket å tilby veddemål på krigshandlingar til brukarar i USA.
Men dei har ei populær nettside utanfor USA, der dei tilbyr veddemål om krig, som brukarar enkelt kan få tilgang til via VPN, skriv CNN.
Åtvarar
Også i Noreg har prediksjonsmarknader fått merksemd.
Måndag skreiv NRK om Magnus Pedersen, politisk rådgivar i Spillavhengighet Norge, som åtvarar om slike tenester.
– Du kan bade i avhengnadsskapande produkt, og det er skummelt, sa Pedersen.
Interessert i utanriks? Høyr siste podkastepisode frå NRKs utanriksredaksjon:
Publisert 02.06.2026, kl. 21.58










English (US)