Vil gi staten rekninga – men nå kan fleirtalet slå sprekkar

5 days ago 5



I august 2022 kollapsa Tretten bru i Øyer i Innlandet – fleire år etter at det først blei oppdaga svakheiter ved brua.

No vil eit fleirtal på Stortinget – mot viljen frå regjeringa – at staten skal ta rekninga for vedlikehald av bruene staten bygger, sjølv om desse er eigde av kommunen eller fylkeskommunen.

Det er berre eitt stort problem: Partia er ueinige om kva dei faktisk har støtta.

– Eg har registrert at Senterpartiet kanskje har moderert kva dei legg i det, men utgangspunktet står klart og tydeleg, seier Bård Hoksrud (Frp).

Frp er, til liks med Raudt, ikkje i tvil om at innstillinga omfattar alle bruer staten har bygd på dei mindre vegane. Sjølv om Senterpartiet har støtta innstillinga, meiner partiet at rekninga berre skal omfatta dei bruene som går over riksvegar og jernbane.

– Bør ta ansvar

I ei årrekke har staten bygd nye bruer i samband med store, statlege samferdselsprosjekt, som seinare har blitt tilført det kommunale og fylkeskommunale vegnettet.

Mellom anna for å sikre at trafikken på det lokale vegnettet kan fortsette over ny riksveg og jernbane.

Fleire bruer blei samtidig overførte under forvaltningsreforma i 2010, der over 40.000 kilometer veg blei overførte frå staten til fylkeskommunane.

– Når staten har bygd bruene, bør staten også ta ansvar for vedlikehaldet. Vi bør ikkje sende rekninga til små kommunar, seier samferdselspolitisk talsperson for KrF, Jørgen Kristiansen.

Saman med Frp, Høgre, Senterpartiet og Raudt vil KrF sende fleire bruer over på rekninga til staten.

Jørgen Kristiansen

Samferdselspolitisk talsperson i KrF, Jørgen Kristiansen.

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

– Staten har musklar

Debatten blei for alvor aktualisert etter at Tretten bru kollapsa 15. august 2022.

Brua var ein del av E6-prosjektet mellom Øyer og Tretten i 2012 og blei bygd av Statens vegvesen. Sjølv om staten bygde den nye brua over Gudbrandsdalslågen, blei eigarskapen og vedlikehaldsansvaret overlevert til fylkeskommunen som eigde vegen.

I ettertid blei det avdekt at det fanst svakheiter ved brua før fylkeskommunen formelt overtok det fulle ansvaret.

Framstegspartiet meiner det er heilt feil at staten, når dei bygger bruer på kommune- og fylkesvegane, ikkje står for vedlikehaldet.

– Det handlar om tryggleiken til dei som skal bruke vegen. Da har staten musklar og høve til å gjere det når dei har bygd brua, seier Bård Hoksrud (Frp), og påpeikar at problemstillinga blei aktualisert etter kollapsen i 2022.

Bård Hoksrud (Frp) betenkt i Vandrehallen på Stortinget

Det er på sin plass at staten tar ansvar for det dei bygger, meiner leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Bård Hoksrud (Frp).

Foto: Jane Rasmussen / NRK

Ei slik overføring er ikkje det fylka treng, meiner Anne Lise Fredlund i SV, som sjølv kjem frå Søndre Land i Innlandet.

– Dette er ein lite treffsikker måte å sørge for vedlikehald av bruer på. Fylka veit best kvar skoen trykker, dei treng meir pengar til vedlikehald – ikkje meir statleg overformynderi.

En mann og en kvinne står foran en oransje bakgrunn med et blått mønster. Mannen er i forgrunnen og ser mot høyre, mens kvinnen er i bakgrunnen og ser til venstre. Begge har mikrofoner foran seg. Bakgrunnen har et NTB-logo. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Anne Lise Fredlund (SV) meiner ei slik statleg overføring ikkje er det fylka treng. Remi Sølvberg i Raudt støttar på si side intensjonen i forslaget, og vil stemme for det i Stortinget neste tysdag.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Stor usemje

Sjølv om det i innstillinga frå Frp, Høgre og Senterpartiet står at ansvaret gjeld «bruer som staten sjølv har bygd», gjeld det ikkje nødvendigvis alle bruer.

I alle fall slik Senterpartiet tolkar det.

Geir Inge Lien (Sp), som fremja forslaget i Stortinget, understrekar at dette berre gjeld bruene som går over riksvegar og jernbane. Bruer som går over kommunale og fylkeskommunale vegar skal ikkje vere omfatta, meiner han.

– Da er det både meir praktisk og meir rettferdig at desse bruene blir haldne ved like som ein del av riksvegen eller jernbanen dei går over. Det medfører ingen meirkostnad totalt, men ein unngår at lokalsamfunna sit igjen med utgiftene til det som eigentleg er store nasjonale prosjekt.

Hoksrud kjenner seg ikkje igjen i denne tolkinga, og meiner innstillinga omfattar alle statleg bygde bruer.

En person holder en mikrofon med logoen til NRK, mens de stiller spørsmål til en annen person på en konferanse. Bakgrunnen har en blå og rød fargekombinasjon, som skaper en formell atmosfære. Den andre personen synes delvis, med fokus på klærne og delen av hodet som er synlig. Det er en interaksjon mellom journalisten og den intervjuede.

Geir Inge Lien (Sp) var den som fremja forslaget i Stortinget.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Alle vegar

Saksordførar for forslaget som no skal behandlast på tysdag, Remi Sølvberg i Raudt, er sikker på kva han trur folk tenker når dei les forslaget:

– Eg trur mange vil tolke det som å omfatte alle vegar, seier han.

Sølvberg understrekar at forslaget er eit såkalla oppmodingsvedtak. Det vil seie at regjeringa skal komme tilbake til Stortinget med korleis forslaget, dersom det blir vedtatt, skal løysast.

Jørgen Kristiansen i KrF opplyser at partiet vil støtte Senterpartiet i at bru-rekninga berre skal gjelde bruer over riksvegar.

Lien har stilt samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) spørsmål om kva bruer forslaget omfattar. Spørsmålet er førebels ikkje svart på. Det er derfor ikkje kjent kor mange bruer dette vil gjelde.

Kva til kven?

Kva som derimot blir omfatta av «vedlikehaldsansvaret» er heller ikkje dei to partia einige om.

Lien i Senterpartiet meiner kommunane og fylkeskommunane framleis skal ha ansvar for «vedlikehald som brøyting og asfaltering».

Frp-Hoksrud kjenner seg ikkje igjen i denne tolkinga, og meiner asfalteringa også skal vere staten sitt ansvar.

Sjølv om ansvaret for vedlikehaldet, dersom vedtaket får fleirtal, skal overførast til staten, understrekar Hoksrud at arbeid kan utførast av dei same folka som på sjølve vegane til og frå bruene.

– Eg trur det er viktig å finne smarte løysingar som gjer at kostnadene blir lågast mogleg for samfunnet totalt sett, seier han.

NRK har spurt Lien om ikkje asfaltering også er ein del av vedlikehaldet ved ei bru. Spørsmålet har ikkje blitt svart på.

Jon-Ivar Nygård (Ap)

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) støttar ikkje forslaget.

Foto: Jane Rasmussen / NRK

– Forskjellsbehandling

I eit brev til Stortinget har samferdselsminister Jon-Ivar Nygård anbefalt å ikkje vedta forslaget om at staten skal ta ansvaret for vedlikehald.

Samtidig åtvarar han mot at eit slikt vedtak, som no skal stemmast over tysdag, vil føre til forskjellsbehandling av norske kommunar.

– Det følger av oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa at både kommunar og fylkeskommunar må finansiere drift og vedlikehald av sine eigne vegar, inkludert bruer. Forslaget som er fremja vil bryte med dette prinsippet og føre til forskjellsbehandling mellom kommunane.

Nygård opplyser i brevet at også han oppfattar at forslaget frå Senterpartiet gjeld alle bruer staten har bygd, «uavhengig av eigarskapen til brua eller om det er kommunal veg eller fylkesveg på begge sider».

Samferdselsdepartementet har ikkje svart på NRKs spørsmål i saka.

Publisert 25.05.2026, kl. 16.43

Read Entire Article