– Eg tenker det er betre å betala 2200 kroner for å fiksa ein maskin eg kan ha i fleire år til, enn å kjøpa ein ny til 10.000 kroner.
Det seier Kjell Ove Fossmark frå Sandnes. Han har nett fått vaskemaskinen sin fiksa av Nils Gunnar Rege, som er dagleg leiar hos bedrifta ELREP på Jæren.
Med seg på reparasjonen har han hatt lærling Ingfrid Sofie Kro-Halvorsen.
– Det er dette som er kjekt med å vera reparatør. Du får hjelpa folk, og dei blir glade og takksame etterpå, seier ho.
Og denne kunden er nøgd.
For 20 prosent av prisen for ein ny oppvaskmaskin har Kjell Ove Fossmark forlenga levetida på den han har. Han håper likevel det skal bli billigare i framtida.
Foto: Mathias Oppedal / NRK– Alternativet var å levera maskinen inn hos Power eller Elkjøp, og så kjøpa ein ny. Dette var mykje betre, seier han.
Og ifølgje bransjeorganisasjonen Elektronikkbransjen er det fleire som gjer som Fossmark. Dei vel reparasjon over nykjøp, også når garantien har gått ut, og dei må betala sjølve.
Kva gjer du dersom oppvaskmaskinen din (som ikkje lenger har garanti) sluttar å virke i morgon?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Riggar seg for ei meir miljøvenleg framtid
Hos ELREP har dei mellom anna merka dette på omsetnaden, som auka med 20 prosent i 2024. Og her har dei tru på at talet på reparasjonar berre vil halda fram med å auke.
Sjølv om det er mange som vil reparera, opplever ELREP at dei ikkje alltid kan konkurrera på pris, når alternativet er å kjøpa nytt og billig.
Foto: Mathias Oppedal / NRKNyleg investerte dei 700.000 kroner i eit nybygg, i mars i år kjøpte dei opp ei anna reparasjonsbedrift og dei går aktivt ut for å henta inn fleire reparatørar – målet er ein ny lærling kvart år.
Lærlingen som nå er inne valde yrket fordi ho liker å hjelpa folk, men også fordi ho har tru på ei framtid der fleire tar miljøbevisste val.
– Eg trur det tar litt tid, men det er på rett veg, seier Kro-Halvorsen.
For sjølv om fleire reparerer, så klarer dei ikkje alltid konkurrera på pris, dersom kunden sitt alternativ er å kjøpa det billegaste nye produktet dei kan få fatt i.
Bedrifta på Jæren, som nå satsar tungt på reparasjonar, fortel om auka pågang av folk som ønsker å få fiksa det som er øydelagd, framfor å kjøpa nytt.
Tendensen er positiv, men det må bli mykje betre om det skal visast igjen i mengden avfall, meiner dei.
Elektrisk avfall
Og nå ventar heile bransjen på at politikarane skal gå inn og gjera det meir attraktivt for folk å velja reparasjon.
Grunnen til det finn ein mellom anna på IVAR sitt anlegg for avfall på Forus i Stavanger.
Elektrisk og elektronisk utstyr er nemleg ein av dei raskast veksande avfallsstrøymane i EU og globalt, ifølgje rapporten «Ikke rett fram». I rapporten, som regjeringa nå har ute på høyring, kjem eit ekspertutval med forslag til korleis ein kan få forbruket ned.
Rundt 1600 tonn med elektrisk avfall blir kvart år kasta på Forus. Nå fortel dei om ein vekst.
– Dei siste åra har mengda berre auka. Så langt i år har me tatt imot 970 tonn, dermed ser det ut som om auken vil halda fram, seier seksjonsleiar på IVAR gjenvinningsstasjon, Kristian Svihus.
På landsbasis ligg det elektriske avfallet ganske stabilt. I fjor blei det kasta rundt 144.000 tonn, ifølgje tal frå Miljødirektoratet.
Så korleis få fleire til å reparera? Dei fleste ser ut til å vera samde om at prisen må ned.
Billigare reparasjon
Men det er ulike måtar å få prisen ned på. Sju av ni stortingsparti går i år til val på å gjera det ved å fjerna, eller redusera moms, på reparasjon. Frp og Høgre er dei to partia som står utanfor, men Frp ønsker å greia ut ordninga.
Dette skriv dei politiske partia om momskutt i programma sine:
Høgre
Høgre ønsker ikkje momskutt på reparasjon, men skriv følgjande:
- Gå gjennom regelverket og skatte- og avgiftssystemet for å fjerne unødvendige hindringar og gjere det meir lønsamt å gjenbruke og gjenvinne framfor å produsere og kjøpe nytt.
(Kjelde: Høgre sitt stortingsvalprogram)
Raudt
- Innføre momsfritak på brukte varer, reparasjoner og utleie av klær, sko, tur- og sportsutstyr, møbler, verktøy, elektronikk og hvitevarer.
(Kjelde: Raudt sitt arbeidsprogram)
Miljøpartiet de grønne
- Fjerne merverdiavgiften på reparasjon, gjenbruk, kollektivtransport og kulturopplevelser.
(Kjelde: MDG sitt arbeidsprogram)
Kristeleg folkeparti
- Fjerna moms på reparasjon på til dømes hushaldselektronikk, mobiltelefonar, sko, tekstil og sportsutstyr.
(Kjelde: Krf sitt politiske program)
Høgre seier at dei jobbar for meir reparasjon på andre måtar, men har ikkje tru på å fjerna momsen.
– Det vil kosta mellom fem og 10 milliardar kroner i året, og me risikerer raskt at momskuttet blir spist opp ved at prisane blir auka i staden, seier stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde (H) i energi- og miljøkomiteen.
Stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde (H) er kritisk til å fjerna moms. Mein seier at dei vil greia ut andre verkemiddel for at det skal lønna seg å reparera og bruka om att.
Foto: Jon Petrusson / NRKRapporten, som nå er ute på høyring, tilrår heller ikkje at momsen skal kuttast. Der blir det føreslått ei rabattordning på reparasjon, som blir finansiert av eit gebyr ved sal av nye produkt.
Det er 13 tilsette på ELREP. Ein av dei er Andrey Bovtruk som har 20 års erfaring som elreparatør i Ukraina.
Foto: Mathias Oppedal / NRKSjølv om Ap er eitt av partia som skriv dei vil kutta moms, seier dei nå at dei også vil vurdera andre løysingar, og ein mogleg kombinasjon.
– Me må bruka om att og reparera meir, framfor å kjøpa nytt. Alle forslag som kan bidra til dette er interessante å vurdera, seier klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen.
Han lovar at dei vil gå raskt i gang med dette arbeidet, dersom dei blir sitjande i regjering.
Klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen, seier det er spanande å høyra om bedrifter som ELREP, som utvidar satsinga på elreparasjonar.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRKMeiner det er tid for handling
Elektronikkbransjen har kjempa lenge for momsfritak på reparasjon. Og hos ELREP er dei klare på at eit eventuelt fritak vil koma kunden til gode.
– Me vil i så fall gjera det billigare for kunden. Dersom me kan kutta prisen på ein reparasjon med ein fjerdedel er det heilt klart at fleire vil reparera, seier Camilla Kleppe, som er HR og økonomiansvarleg i bedrifta.
Trass mange positive signal for dei som vil ha billigare reparasjonar. På avfallsanlegget hos IVAR er Tord Tjelflaat, som er fagansvarleg for ombruk, mest oppgitt over at det ennå ikkje har skjedd noko.
Tord Tjelflaat jobbar for meir ombruk på IVAR sitt anlegg for avfall på Forus i Stavanger. Han er skuffa over politikarar som syner lite handlekraft.
Foto: Mathias Oppedal / NRKHan meiner tida i Noreg, som er ein versting på bruk-og-kast, er overmoden for momsfritak.
– I over fem år har politikarar, faginstansar og media diskutert behovet for å redusera eller fjerna meirverdiavgift på ombruk og reparasjon. Likevel har lite skjedd. Tida for utgreiingar og intensjonar er over. Nå må det handlast – og det må skje i statsbudsjettet.
Publisert 21.08.2025, kl. 17.19