Skarpt lys, ukjent lydar og smakar, og framande menneske som tek på deg.
Tannlegebesøk kan vere ubehageleg for mange av oss.
Men for born med autisme, kan alle desse sanseinntrykka vere ekstra krevjande.
Mange vil difor vegre seg for tannlegebesøket fordi dei føler dei mister kontroll.
Forskarar vil no sjå på korleis dei kan hjelpe desse borna.
– Målet er at tannhelsetenesta skal verte betre rusta til å ta imot ei sårbar pasientgruppe. Dette er ei gruppe vi veit vil få utfordringar dersom dei til dømes får hol i tennene og må ha behandling.
Maren L. Agdal er blant dei som deltek i studiet. Målet er at born med autisme skal få lettare tannlegebesøk.
Foto: PrivatDet seier Maren L. Agdal, spesialist i barnetannpleie og ein av forskarane som bidreg i studiet.
Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland står bak prosjektet i samarbeid med den offentlege tannhelsetenesta i Rogaland og Vestland.
Treng å tryggast
Målgruppa er born med autisme mellom 5 og 8 år, som ikkje greier å få tannhelsehjelp.
Agdal møter ofte born med autisme som synest tannlegebesøka er krevjande.
– Mi erfaring er at borna treng å vite kva som skjer og at dei må tryggast, seier ho.
Agdal er klar på at det trengst meir kompetanse om temaet.
Ho og fleire andre skal difor forske på om tilvenning kan vere løysinga.
Målet er at dei skal greie å få desse borna til å kjenne seg tryggare i tannlegestolen.
For nokre av borna som ikkje har greidd å gjennomføre tannlegebesøk tidlegare, må det ofte større og meir omfattande behandling til når dei først kjem i tannlegestolen.
Til dømes som å fjerne tenner i staden for å legge fyllingar.
Vil ha meir kompetanse hos helsepersonell
– At det blir fokus på dette, er utruleg viktig, fastslår Bente Liabø Thorsen, styreleiar i Autismeforeningen Sogn og Fjordane.
Bente Liabø Thorsen, styreleiar i Autismeforeningen Sogn og Fjordane meiner helsepersonell generelt treng meir kunnskap om born med autisme.
Foto: PrivatHo peiker på at ein del born på spekteret har litt avgrensa og einsformig kosthald, og at tannhelse difor er ekstra viktig.
Borna må førebuast på sjølve timen, og så må det vere god relasjon mellom personellet og barnet, seier Liabø Thorsen.
Born på spekteret treng lang tid på å bli trygg på andre vaksne, og dei er heller ikkje så glade i å bli tatt på.
– Dersom det då kjem eit ukjent menneske og skal behandle dei, og dei kjem for tett på, så kan det verte ei ubehageleg oppleving for barnet. Då kan det føre til at dei ikkje vil møte til behandling seinare.
Stadig fleire born får autismediagnosen.
– Difor er det ekstra viktig at det blir meir kunnskap rundt autisme. Dette gjeld også helsepersonell generelt, seier ho.
Vil ha meir kunnskap blant helsepersonell
Reidun Stavland, fylkesleiar i Vestland i Norsk Sykepleierforbund, er samd.
– Utfordringa er at arbeidsgjevar då må legge til rette for at vi får denne kunnskapen, både i form av kurs og i utdanninga, seier Stavland.
Mange av medlemmene deira får for lite av dette, legg ho til.
Medisinstudentar får noko undervisning om tematikken i grunnutdanninga si.
Line Knutsen Lundhos i Norsk barne- og ungdomspsykiatrisk foreining i legeforeininga, seier legane deira får kompetanse på feltet, men ønskjer meir forsking velkommen..
Det har også blitt meir bevisstheit på temaet dei siste åra på norske sjukehus, fortel ho.
Tannpleiar Maren L. Agdal meiner helsepersonell generelt bør få kunnskap om pasientgruppa.
– Det manglar veldig mykje kunnskap. Difor tenkjer eg at det er ekstremt viktig at vi no får gjort denne studien: at det har noko å seie korleis vi møter desse borna.
Håpet er at ny kunnskap også skal hjelpe foreldra slik at tannlegebesøka blir mindre krevjande, og gi dei ein struktur som også kan brukast heime.
– Vi veit at det kan vere ei utfordring å få pussa tennene til desse borna, seier Agdal.
Dei som ønskjer å vere med i undersøkinga, kan ta kontakta med den lokale tannklinikken sin.
Publisert 14.07.2025, kl. 13.06