Vil ha 18-års aldersgrense på energidrikk: – Kan gje hjarteproblem

1 week ago 12



Regjeringa bad for nokre månader sidan om innspel på forslaget sitt om 16-års aldersgrense på kjøp av energidrikk.

Fristen gjekk ut i byrjinga av juni, og det har kome inn 65 svar.

NRK har lese alle svara og sjølv om fleirtalet er einige med regjeringa er det over 20 av svara som ikkje er det.

Hovudkritikken går ut på at aldersgrensa bør vere 18 år, ikkje 16 år som regjeringa føreslår.

Legeforeininga, tannlegeforeininga, fylkeskommunar, kommunar, Forbrukarrådet og Folkehelseinstituttet vil alle heve aldersgrensa til 18 år.

Det betyr same aldersgrense på energidrikk som alkohol.

Legeforeininga meiner risikoen for helseskadar er for stor ved at unge drikk energidrikkar.

en mann med briller

Foto: Thomas B. Eckhoff / Legeforeningen

Det er fagleg gode grunnar til å seie at 16 -års aldersgrense er for lågt. Vi bør ha 18 -års aldersgrense, fordi det dreier seg om unge hjernar i utvikling, og vi veit mykje om skadeverknadene av dei stoffa som energidrikkene inneheld.

Det seier Ståle Onsgård Sagabråten, spesialist i allmennmedisin og leiar av Legeforeiningas fagstyre.

Men er det ikkje sånn at når noko er forbode, så er det enda meir spennande? Kva tenker du om den effekten?

Det er såpass godt dokumentert at stoffa som drikkene inneheld, er av ein slik art at vi er nøydde til å passe på og tru at 18 år er ei rett aldersgrense.

Han seier dette er ein drikk ein kan bli avhengig av.

Så viss ein prøver å slutte med det, vil ein oppleve plagsame abstinenssymptom.

Han seier dei har fleire døme.

Også har vi ein del ekle historier om at nokon har fått alvorleg hjarterytmeforstyrring. Og i tillegg har vi også hatt tilfelle av nyresvikt som følgje av inntak av energidrikkar.

Dette meiner ungdom i Førde:

  • en mann som står i et rom med plakater på veggen

    Preben Nedreberg Holmøy / NRK

    Vil ikkje ha 18-årsgrense på energidrikk

    Eg synest ho bør vere som i dag. Eg drikk to om dagen, og viss dei hevar ho til 18 år, må eg vente i fleire år. Det er kjipt.

    Daniel, 15 år

  • Jente ser inn i kamera

    Preben Nedreberg Holmøy / NRK

    Vil ikkje ha 18-års grense på energidrikk

    Ho meiner at 18 år er ganske mykje, og at 16 år er nok. Ho tenkjer at ein klarer å ta valet sjølv når ein er 16 år.

    Olina, 16 år

  • en gutt som sitter i en stol

    Preben Nedreberg Holmøy / NRK

    Vil ikkje ha 18-års grense på energidrikk

    Eg forstår kvifor dei vil ha aldersgrense, fordi det er mange små som drikk desse drikkane. Men eg synest at 14 år er ein passande aldersgrense.

    Nikolai, 15 år

  • Ung jente ser inn i kamera

    Preben Nedreberg Holmøy / NRK

    Vil ikkje ha 18-års grense på energidrikk

    Når du er 18, kan du òg begynne å drikke alkohol. Og alkohol er verre enn energidrikk.

    Brita, 14 år.

Ikkje alle er einige

Mens legeforeininga og fleire andre store aktørar vil ha 18-års grense, er det andre som vil gå motsett veg.

NRK har lest høyringssvara som er sendt inn.

Støttar du forslaget om ei 18-års aldersgrense på energidrikk?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Energidrikkprodusentar, NHO mat og drikke, og enkelte ungdomsfylkeslag vil enten ha enda lågare aldersgrense eller inga aldersgrense.

Energidrikkprodusentane skriv at dei meiner det ikkje er vitskapleg bevist at drikkane er helsefarlege, og at koffeinåtvaringane er overdrivne.

Iver Aarebrot er 17 år og leier Møre og Romsdals ungdomsfylkeslag. Dei vil ha 14 års aldersgrense.

Ung mann som er politiker i Møre og Romsdal

Iver Aarebrot er 17 år og leier Møre og Romsdals ungdomsfylkeslag. vil ha 14 års aldersgrense.

Foto: Privat

Vi meiner at ungdom sjølv må kunne klare å ta bevisste val i høve til kosthaldet sitt, sjølvsagt i samråd med ein føresett.

Men nå viser det seg jo at unge drikk masse energidrikk, og ingen bryr seg om dette. Er ikkje det beviset på at ein må ha ei aldersgrense?

Vi meiner frå du er 14, som også ungdommane sjølv i høyringa har lagt stor vekt på, så bør ein kunne vere med og ta desse vala innanfor eige kosthald.

NRK spurde for nokre månader sidan kva folk meiner, og i undersøkinga gjort av Norstat for NRK, er det eit breitt fleirtal for 16 års aldersgrense. Dei fleste støttar forslaget frå regjeringa.

Kraftig auke i sal av energidrikker

Det blir no drukke meir energidrikk enn nokon gong.

Ifølgje SSB er energidrikkar no ein av dei alkoholfrie drikkane som blir mest selde i butikk saman med brus.

Og stadig fleire under 18 år drikk energidrikk.

Men dei populære sukkerhaldige drikkene kan føre til så mange helseplager, meiner regjeringa, at dei vil sette aldersgrense på 16 år på kjøp av dei.

I Sverige er alersgrensa 15 år, og det butikkane som bestemmer kven som skal få kjøpe energidrikker – i land som Polen og Latvia er energidrikk forbode for alle under 18 år.

Bokser med energidrikk i et skap

I Sverige er det ansvaret til butikkane at ikkje folk under 15 år kjøper energidrikk.

Foto: Privat

Odin Kleppe Vrasdonk er 25 år og har drukke energidrikk sidan han var 15 år.

en mann på en båt

Foto: Privat

Han drikk energidrikk spesielt i eksamenstider og andre periodar med mykje stress og arbeid.

Han trur det er viktigare å fortelje unge kvifor det er farleg, enn å forby det.

Når det er ulovleg, så blir det meir spennande, i alle fall når ein er ung. Då blir det slik at fleire får lyst til å prøve det.

Sagabråten i Legeforeininga forstår argumentet.

– Det er ein viss fare for det, og det må vi følgje med på.

Han trur 18-års grense blir lettare for alle å handheve samanlikna med 15-års grensa i Sverige.

– Eg trur det blir ei vanskeleg grense å skulle handheve i Noreg. Ein er vande med å ha 18-årsgrense når ein skal ha legitimasjon med seg på byen.

Publisert 26.06.2025, kl. 05.29

Read Entire Article