Utrykkingspolitiet (UP) i Nordland styrkar innsatsen på vegen med éin ny bil og patrulje som skal operere i Lofoten og Vesterålen, med Svolvær som base.
Det fortel distriktsleiar i Nord-Noreg, Geir H. Marthinsen, til Lofotposten.
– På grunn av auka turisme har Lofoten spesielt, og etter kvart også Vesterålen, hatt ei enorm utvikling av trafikk på vegane. Vi får stadig vekk tips, ønsker og litt kjeft frå publikum, som ber oss om å gjere meir for å sikre vegen og få ei god trafikkutvikling, seier han.
No vil det derfor vere ein bil på vegen kvar helg.
– Med dette blir det større sjanse for å bli oppdaga og stansa i trafikkontrollar, seier Mons Klausen, avsnittsleiar for UP i Lofoten.