Vil ha skjerpa straff for psykisk vald: – Eg var i overlevingsmodus heile tida

1 hour ago 4



– Det er frykteleg slitsamt. Det superkrevjande og eg blei heilt utsliten, fordi eg var i overlevingsmodus heile tida og hadde ikkje overskot til noko som helst.

«Johanne», «Eva» og «Solvår» fortel at dei har levd i forhold med psykisk vald over fleire år.

Dei fortel om parforhold prega av kontrollerande åtferd, nedsettande kommentarar, strenge reglar og trugslar.

– Eg var redd. Eg gjekk på tåhev heile tida, seier Johanne.

Då dei varsla om den psykiske valden opplevde dei å ikkje bli tatt på alvor, at dei ikkje fekk beskyttelse av politiet og at sakene blei lagt bort.

Kvinnene meiner sakene deira blei lagt bort fordi dei berre var utsette for psykisk vald og ikkje i kombinasjon med fysisk vald.

Til ei av kvinnene skal politiet ha sagt at det ho var utsett for, ikkje var å rekne som straffbart. Ho har fått konstatert frå fleire instansar at det var vald ho hadde blitt utsett for, og at ho fekk posttraumatisk stressliding (PTSD) på grunn av det.

En kvinne folder hendene

Ei av kvinnene forte at ho har fått konstatert frå fleire instansar at det var vald ho blei utsett for, og at ho fekk PTSD på grunn av det.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Det viktigaste er at når ein person, mann, kvinne eller barn, går til politiet og ber om beskyttelse fordi dei er utsett for psykisk vald, så må dei få det. Og så må dei heller finne ut om det er løgn eller ikkje etterpå, seier dei.

I juni skal Stortinget votere over eit forslag om å skjerpe straffeansvaret for dei som utøver psykisk vald – eit forslag dei tre kvinnene er særdeles viktig.

Politiet svarer at saker om psykisk vald ikkje blir lagt bort berre fordi det ikkje er innslag av fysisk vald i tillegg.

– Saker blir ikkje lagt bort fordi politiet ikkje anerkjenner at psykisk vald førekjem eller at man ikkje tar det på alvor, svarar politiadvokat Maria Evenseth i Trøndelag politidistrikt.

Les heile svaret hennar lenger ned i saka.

  • «Eva»

    Eva var saman med ekskjærasten sin i over 20 år, og fortel at forholdet var prega av mykje kritikk, nedrakking og sinne.

    – Det var til dømes ein gong eg hadde lånt ein paraply av han, men rulla eg ikkje den saman på rett måte. Då blei det ein brutal episode.

    Ho seier det starta i det små, men blei verre og verre. Til slutt frykta Eva for livet.

    – Etter vi fekk barn handla alt om å trygge og beskytte barnet.

    Eva fortel at ho bad om hjelp frå politiet til besøksforbod og risikovurdering, men at ho blei avvist fordi valden ikkje hadde vore fysisk i tillegg.

  • «Johanne»

    Johanne fortel også om eit forhold prega av psykisk vald og at det eskalerte

    – Eg var fullstendig tappa for krefter, for heile fokuset var å unngå at han blei provosert eller sint.

    Ho fortel at det eskalerte då ho blei gravid.

    – Det eskalerte litt då eg blei gravid og då sat eg litt i saksa. Så eskalerte det kraftig etter at barnet blei fødd.

    Til slutt kom ho seg ut av forholdet.

    – Eg prøvde å melde det til politiet, men saka blei berre lagt bort.

    – No når eg er ute av det, stoppar eg opp og tenker kor enkelt livet kan vere, legg ho til.

  • «Solvår»

    – Då han behandla meg dårleg, trudde eg at eg kunne tole det. Eg tok grundig feil.

    Solvår fortel også om eit forhold prega av psykisk vald. Ho kjenner seg igjen i mykje av det Eva og Johanne fortel.

    – Då sonen min blei fødd, eskalerte det. Barna gjer jo også at du blir bondefanga, fordi du ikkje vil ha uro og bråk. Så du begynner å tilpasse deg.

    Heller ikkje ho opplev at den psykiske valden blei tatt på alvor av politi eller hjelpeapparat.

    – Då eg flytta kom det ein massiv angst. Eg hadde vendt meg til å bli så dårleg behandla, at sjølvfølelsen min eroderte bort.

Ueinige om det vil føre til endring

– Psykisk vald kan vere like skadeleg og like alvorleg som fysisk vald. Og det er tydeleg dokumentert frå ei offentleg utgreiing at terskelen for å bli dømd for berre psykisk vald, er mykje høgare enn å bli dømd for fysisk vald eller ein kombinasjon.

Det seier Mari Holm Lønseth (H). Saman med tre partifellar har ho fremma eit forslag på Stortinget om å skjerpe straffeansvaret for psykisk vald.

Mari Holm Lønseth ser i kameraet med blondt hår og blå øyne.

Mari Holm Lønseth (H).

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Det er fleire som opplever at dei ikkje blir tatt på alvor. Eg trur det er for lite kunnskap om korleis psykisk vald kan skade folk, og at lova til no ikkje er tydeleg nok på det.

Men forslagsstillarane fekk ikkje med seg fleirtalet i justiskomiteen. Og med mindre nokre av partia snur har dei heller ikkje fleirtal når det skal voterast i Stortinget 1. juni.

– Eg er veldig skuffa over det og eg er særleg skuffa på vegner av dei som er valdsutsett.

Men Frp meiner forslaget ikkje vil føre til endring for dei valdsutsette.

– Det er i praksis berre å vidareføre gjeldande rett. Det vil ikkje føre til endring.

Det seier Jon Engen-Helgheim i justiskomiteen for Frp. Difor vil ikkje partiet stemme for forslaget.

– Vi er heilt einige i at det sikkert må gjerast mykje større endringar, men eg meiner Høgre sitt forslag bommar på målet når overskrifta er skjerpa straff for psykisk vald.

 Berit Roald / NTB

Jon Engen-Helgheim meiner det må ei utgreiing til før straffelova kan endrast.

Foto: NTB

Han meiner linja mellom det som er straffbart og det som ikkje er det, må tydeleggjerast.

– Ubehageleg oppførsel kan ikkje bli straffbart. Men når det er eit negativt mønster over tid som er nedbrytande, går ein over ei grense til det som er straffbart. Men her må det gjerast ei grundig utgreiing.

Dette er også kvinnene einige i, men dei meiner arbeidet går for treigt og at politi og rettsvesen er for dårlege til å avdekke når nokon lev i eit regime av psykisk vald.

Psykisk vald er ikkje eksplisitt nemnd i straffelova

Psykisk vald er ikkje eksplisitt nemnd i den norske straffelova. Det er derimot handlingar som blir rekna som psykisk vald, som trugslar, sjikane, kontroll og manipulasjon.

I 2017 signerte Noreg Istanbul-konvensjonen og forplikta seg til å førebygge og overvinne vald mot kvinner og vald i nære relasjonar.

Sidan den gong har det blitt påpeika fleire gongar at det ikkje blir gjort nok for å stoppe psykisk vald og vald i nære relasjonar.

Kontrollorganet til Stortinget meiner det er risiko for at dei valdsutsette ikkje får hjelpa dei treng – nettopp det kvinnene NRK har snakka med etterlyser.

I 2024, påpeiker ei offentleg utgreiing at påtalemakta og domstolane bruker eksisterande straffebod berre i avgrensa grad på reine tilfelle av psykisk vald.

Utvalet føreslår ikkje å lage ei eiga lov om psykisk val, men å presisere at «andre krenkingar» i straffelova omfattar både fysiske og psykiske krenkingar.

Riksrevisjonen påpeiker at av saker meldt til politiet frå 2015 til 2021 om mishandling i nære relasjonar, blei berre 12 prosent registrert som mishandling utan kroppskrenking.

– Eit viktig arbeid

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) skriv i eit brev at Lønseth og partifellane tar opp eit viktig tema.

– Å bli utsett for handlingar som skader, skremmer eller krenker, eller å bli styrt og dominert av andre, er svært skadeleg, skriv ministeren.

Justis og beredskapsministeren

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen har mellom anna ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politiet og påtalemakta.

Foto: Maria Erla Hilstad Flyum / NRK

I desember 2023 la regjeringa fram ein opptrappingsplan og 122 tiltak mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar.

Aas-Hansen skriv i sitt brev at det er viktig å vurdere om terskelen for å sjå reine psykiske krenkingar som mishandling i nære relasjonar, bør senkast.

– Dette er eit viktig arbeid der er det behov for grundige vurderingar for å sikre at lovendringar det måtte vere behov for, treffer etter intensjonen, skriv ministeren.

– Rom for forbetring

Statssekretær for justis- og beredskapsministeren, Gunn Karin Gjul, skriv i ein e-post til NRK at vald i nære relasjonar er blant dei høgst prioriterte kriminalitetsområda.

– Det er rom for forbetring i arbeidet med å følge opp desse sakene.

Styrking av kunnskap og kompetanse i politi og hjelpeapparat er ein viktig del av regjeringa sin opptrappingsplan, skriv Gjul.

Gunn Karin Gjul (Ap) statssekretær, Kommunal- og distriktsdepartementet. Stills tatt i forbindelse med TV-intervju i sak om KI

Gunn Karin Gjul (Ap) seier regjeringa vil etablere RISK-modellen i alle politidistrikt, der sosial- og helsefagleg tilsette jobbar saman i team for å førebygge ny vald.

Foto: Tom Balgaard/NRK

– Det er svært bekymringsfullt dersom utsette for psykisk vald mister tillit til politi og rettssystem, skriv statssekretæren og held fram:

– Eg er oppteken av at utsette skal bli møtt av politiet på ein god måte. Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet som skal prioriterast høgt.

– Har rettsvesenet sett terskelen for å dømme nokon for psykisk vald for høgt?

– Dette er blant spørsmåla regjeringa vil sjå nærmare på i oppfølginga av lovforslaget frå lovutvalet om negativ sosial kontroll, svarar statssekretæren.

– Ein start for at det skal bli tatt på alvor

Kvinnene NRK har snakka med er særleg opptekne av at straffeansvaret må skjerpast for at barn skal vernast mot psykisk vald.

Ifølge nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress har om lag 1 av 5 barn opplevd psykisk vald frå foreldre, altså gjentatte tilfelle av psykiske krenkingar.

– Håpet er at andre skal unngå å oppleve det same som oss. Og at barn skal sleppe å oppleve det, seier dei.

– Det er jo straffbart å utøve psykisk vald, men kvifor er det viktig at forslaget om å tydeleggjere straffeansvaret no blir vedtatt?

– Det er ein start for at alle former for psykisk vald skal bli tatt på alvor. Også subtile former for psykisk vald og når det ikkje er fysisk vald i tillegg, svarar ei av kvinnene.

– Men det er ikkje nok at straffeansvaret blir tydeleggjort, med mindre det blir følgt opp av domstolane, legg ho til.

Hei!

Takk for at du las heilt hit!
Har du innspel eller kommentarar til denne saka?
Eller har du tips til andre ting du synest eg burde skrive om?
Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 30.05.2026, kl. 13.27

Read Entire Article