Debatten går høgt etter at biskop Erik Varden tok eit oppgjer med Nidarosdomen sine eigne museumsguidar førre veke.
Ifølge biskopen driv guidane med «tilbakeverkande mobbing» når dei framstiller Olav Den Heilage som ein «maktsjuk despot».
Om det er noka trøyst, så har Universitetsmuseet i Bergen slutta å seie at dei har lommetørkleet til Olav Den Heilage på utstilling.
Historia om lommetørkleet blei funnen opp av elevar ved Latinskolen som fekk i oppdrag å ta seg av dei første museumsturistane på midten av 1800-talet.
– Det er lov å underhalde, men det skal vere sant, seier dagens museumspedagog Bjørn T. Bøe.
Biskop Erik Varden tok førre veke eit oppgjer med museumsguidinga i Nidarosdomen, og med ein historielaus og sjølvsmigrande samtidskultur meir generelt.
Foto: NRK/Øivind Haugen– Ingen på OL-museet vil seie at hopparane brukte hangglider
Ifølge mellomalder-ekspert Bjørn Are Davidsen i tankesmia Skaperkraft er det etablert ein eigen «guidesjanger» ved norske turistattraksjonar, formidla av det som gjerne er unge og entusiastiske sommarvikarar.
Sjangeren kan samanfattast slik: Den gode historia og det som er eigna til å skape munterheit står i høgsetet, og nyansane og presisjonen er deretter.
Eit eksempel er historia om at den djupe furen i bordet på Munkholmen bla laga av greve Peder Griffenfeldt som brukte 18 år i fangenskap til å gå rundt med peikefingeren ned i bordplata.
Verkelegheita er litt kjedelegare: Ein vaktmeister laga bordet ved førre hundreårsskifte.
På Maihaugen gjorde freistinga til å smørje på litt ekstra at dei måtte trekke tilbake ein informasjonsvideo om plassen til gapestokken utanfor norske kyrkjer.
Davidsen presiserer at guidane normalt veit kva dei snakkar om:
– Ingen på OL-museet på Lillehammer vil komme på å seie at hopparane brukte hangglider, at Bjørn Dæhlie tok snarvegar eller at Gerhard Heiberg berre var opptatt av makt.
Men når mellomalderen er tema, har slike fantasiforteljingar ein tendens til å sleppe gjennom sensuren.
Vil ha slutt på skrøner til museumsturistar
Ifølge videoen til friluftsmuseum Maihaugen blei gapestokkane reiste for å tukte utagerande kvinner som dreiv med «leigarmål» (sex utanfor ekteskapet).
Inga spektakulær rolle
I røynda spelte gapestokken ein heilt annan og mindre spektakulær rolle.
Eigen «guidesjanger»
Ifølge mellomalder-ekspert Bjørn Are Davidsen i tankesmia Skaperkraft er det etablert ein eigen «guidesjanger» ved norske turistattraksjonar.
Lommetørkleet til Olav Den Heilage
Universitetsmuseet i Bergen har slutta å seie at dei har lommetørkleet til Olav Den Heilage på utstilling. Historia om lommetørkleet blei funnen opp av «slemme Drenge» ved Latinskolen som fekk i oppdrag å ta seg av dei første museumsturistane i 1840.
– Sommarvikarane er svært kunnskapsrike
Museumspedagog ved Norsk Folkemuseum, Ingrid Aas Kittang, minner om at guidane berre har nokre få minutt per stopp, og vandringa ikkje er ein fagleg forelesingssituasjon.
– Humor er eit viktig verkemiddel, og det er faktisk noko mange besøkande ventar. Eg har sjølv blitt spurd om å fortelje «nokre av dei gode usanningane».
– Samtidig vil eg understreke at mange av sommarvikarane er svært kunnskapsrike. Dei studerer gjerne historie, religion eller kulturfag, og vi gir dei grundig opplæring og fagleg oppfølging.
Til gjengjeld har ho mindre kontroll med skrønene som blir fortalde av eksterne guidar som er innom Folkemuseet med eigne reisegrupper.
I slike samanhengar har Kittang overhøyrt at:
- Låge dører skulle tvinge folk til å bøye seg, slik at bonden kunne hogge hovudet av inntrengarar med øks.
- Folk sov sittande fordi dei trudde at blodet elles ville renne til hovudet.
- Kvinner måtte stå bakarst i kyrkja, og gravide eller menstruerande kvinner fekk ikkje komme inn.
- Vindauget i koret var for spedalske som ville følge gudstenesta frå utsida.
- Hardingfela var forboden i 300 år fordi kyrkja meinte det var djevelen som spelte på den.
For ordens skyld: Alt dette er sludder og vås.
– Ikkje uskuldig moro å sprite opp formidlinga med usanningar
Museumsleiar Jon Arild Johansen seier til NRK at ein god anekdote kan krydre rundturen, men at «solid, fagleg basert historieformidling må ligge i botn».
– Eg ser ikkje på det som uskuldig moro å presentere skrøner til publikum, men som slurvete formidlingsarbeid. Vi må vere nøyaktige og pålitelege, seier han.
– Og vil ein gjere historia meir underhaldande, er det heilt supert. Det er meir enn nok å ta av.
Generalsekretær i Noregs museumsforbund, Liv Ramskjær, meiner at humor kan vere eit godt knep for å vekke interesse, men at guidane må vere tydelege på kva som er gangbare historiske tolkingar.
– Å «sprite opp» formidlinga med usanningar, historielause anekdotar og feilinformasjon for å gjere besøket meir interessant er ikkje uskuldig moro.
– Publikum som besøker kulturinstitusjonar og turistattraksjonar ventar å få kunnskap når dei deltar, og kan risikere å gå frå turistattraksjonen med mykje feilinformasjon og direkte usanningar.
NRK
Ola H. Fjeldheim, leiar i Fortidsminneforeningen
Det er ei kjent sak i museumsverda at guidemytar lever sitt eige liv, og at dei er skikkeleg krevjande å ta livet av. Ofte er dei fast tilsette på musea på ferie om sommaren, slik at guidane er «aleine heime». I foreininga har vi eigne guidekurs, og jobbar stadig med å ta livet av myten om at vikingar bygde stavkyrkjene, eller at gamle kyrkjer er bygd på stader der det låg hov i vikingtida.
Liv Ramskjær, Generalsekretær i Noregs museumsforbund
Det er bra at biskopen tar opp tematikken. Morosame usanningar og lødige tolkingar er ikkje berre uskuldig moro. Det kan gi feilinformasjon som blir tatt for god fisk og publikum som også kan «lærast opp» til å sjå på historiske hendingar med dagens briller og utan den konteksten som er nødvendig for å gi betre forståing.
Bjørn T. Bøe, pedagog ved Universitetsmuseet i Bergen
Forskinga skal vere rammeverket for alt vi formidlar. Men det er klart at det er freistande å trekke fram ein artig anekdote for å halde på publikum. Eg ser ikkje noko gale i det. Det er jo eigentleg berre gøy, og publikum er glad i at vi «løftar litt på skjørtet».
Ingrid Aas Kittang, pedagog ved Norsk Folkemuseum
Det finst heilt klart ei form for formidling der ’den gode historia’ står i sentrum. Det handlar ikkje nødvendigvis om å forflate eller forvrenge, men om å vekke nysgjerrigheit og gi publikum ei god oppleving.
Jon Arild Johansen, leiar ved Stjørdal museum
Ei felle som det er fort gjort å gå i er å ta utgangspunkt i at menneska i fortida var akkurat sånn som oss. Vi må alltid hugse på at dei levde i samtida si, med referansane sine og sin tids kunnskap. Og poenget til biskopen med at vi må ta dei på alvor og ikkje dømme dei med vår tids briller, det er det lett å stille seg bak.
Erik Opsahl, professor i mellomalderhistorie
Eg skal ikkje påkalle meg særleg innsikt i kva guidar fortel turistar i Noreg. Som historikar har eg bevisst lagt meg på ei linje om ikkje å korrigere feil som eg eventuelt høyrer frå guidar. Er feila for grove, kan eg til nød seie det til guiden etter omvisinga utan at nokon andre høyrer det.
Bjørn Are Davidsen, rådgivar i tankesmia Skaperkraft
Davidsen oppfordrar museumsbransjen til å gå gjennom manusa sine og sørge for betre opplæring av sommarferieguidane: «Før guidane seier at menstruerande blei nekta tilgang til kyrkja, bør dei sjekke kjeldene. Eller nemne anekdoten, og spørje kor rimeleg dette høyrest ut. Korleis kunne prestane vite om tilstanden til kvinnene?»
Publisert 04.08.2025, kl. 11.24