Datatilsynet reagerer på nytt lovforslag. Barneombudet meiner det er til barnas beste.

Publisert 26.05.2025 12:09
Får barnet ditt spesialundervisning? Eller har barnet ditt mykje fråvær på skulen?
Om fleirtalet på Stortinget får det som dei vil, så vil dette bli loggført i eit nasjonalt register, og kopla på ditt og barnets personnummer.
Du kan ikkje slette opplysningane, og dei vil kunne koplast direkte til dine helse-, arbeids- og trygdeopplysningar.
På regjeringas nettstad grunngjev dei forslaget med at ein «mangler kunnskap om flere viktige temaer, som [ … ] sosial ulikhet og [ … ] hvilke forhold som har betydning for økt skolefravær.»

Difor foreslår regjeringa no å opprette nasjonale individregistre, som altså koplast til kvar av oss sine personnummer.
Første behandling av lovforslaget i Stortinget vil føregå måndag 26. mai.
Er ei slik innblanding i personlivet eigentleg greitt?
– Totaloversikt av den norske befolkninga
Geir Kjell Andersland, advokat og leiar for Fagutvalget for barns rettigheiter i International Commission of Jurists (ICJ) Noreg, er svært bekymra.
Han meiner at lovforslaget strid mot grunnlova, barnekonvensjonen, og den europeiske menneskerettskommisjonen.

– Dei som sit på denne informasjonen vil ha ei totaloversikt av den norske befolkninga frå vogge til grav, seier han til TV 2.
I norsk og internasjonal lov står personvern sterkt. Han opplever at politikarane som støttar lovforslaget ikkje tar dette på alvor, og at innblandinga i personvern er langt større enn samfunnsnytta av opplysningane.
– Personvern gir grunnlag til at vi kan vere sjølvstendige og trygge menneske. Vi treng tillit til at styresmaktene ikkje veit alt om oss, seier han.
Han understrekar også at personvernet er ein viktig føresetnad for eit demokratisk samfunn.
Til barnets beste
Barneombod Mina Gerhardsen er positiv til registeret.

Ho meiner det vil gjere det enklare å finne gode løysingar til problem barn og unge står ovanfor.
– Vi har store utfordringar med fråvær, og fleire som treng spesialundervisning. Vi veit ikkje kva som funkar, og registeret vil hjelpe oss å sjå effekten av reformer.
Ho trur eit individregister vil gjere det enklare å sjå samanhengar som vi ikkje kunne sjå før. Med meir kunnskap kan styresmaktene ta betre avgjerder, og vareta barns rettigheiter.
– Det er så klart omsyn som må bli vega, men vi meiner gevinsten er god. Premissen for at vi støtter dette er at kunnskapen skal bidra til at det blir betre for barn. Det er vår klare føresetnad og forventning.

Ho peiker også på at det aldri har vore lekkasje frå nasjonale register, og at Noreg er i verdstoppen når det gjeld å vareta register.
– Dataen vil bli pseudonymisert, og godt varetatt. Dei fremste forskingsmiljøa støtter forslaget, og dei har høge etiske standardar, seier ho.
– Ikkje ei unnskyldning
Camilla Nervik frå Datatilsynet bekreftar at det kan vere lov å samle inn persondata utan samtykke så lenge det er sett på som viktig nok, og at det stemmer at Noreg har mange gode register.
– Men det at vi har fleire register i Noreg er ikkje ei unnskyldning til å lage fleire av dei, seier ho.

Ho er også er einig med Andersland om at kost-nytte vurderinga er manglande. Ho meiner den vurderinga burde vore på plass før lova blei foreslått.
– Det er ein skilnad på eit register med konkrete formål og bruksområde som for eksempel passar på at du ikkje får medisinar du er allergisk mot, og eit generelt register som har oversikt over barn i barnehagar og barneskolar som kan brukast til forsking og kopling med annan data til vide formål, seier ho.
Nervik åtvarar til slutt om å ikkje la debatten bli for teknisk, og ber politikarane om å løfte blikket.
– Dette handlar ikkje om nøyaktig kva data som lagrast, eller korleis. Det handlar om at det skal dannast eit sentralt register med alle barn heile skulelivet. Ynskjer vi det? spør ho til slutt.