– Me føretrekker å gå til Preikestolen nå om vinteren. Då unngår me dei store folkemengdene og kan vera for oss sjølve.
Det franske paret Vincent Fabre og Marlene Trezieres har nett opplevd Noregs mest besøkte naturattraksjon med snø på toppen og i strålande sol.
– Me tenkte det ville vera vakkert i dag, og det var det, seier dei to.
Opplevinga står i stor kontrast til korleis det kunne vore i sommar. For det kan fort bli veldig trongt om plassen og lange køar ein solskinsdag i juli.
På den mest besøkte dagen i fjor gjekk heile 5.800 personar til Preikestolen, og prognosane for besøkande peikar berre oppover.
I heile fjor besøkte 380.000 personar Preikestolen, medan det er venta over 500.000 fotturistar i 2030.
Det franske paret Vincent Fabre og Marlene Trezieres trefte blink på turdagen til Preikestolen med strålande sol og snø på toppen. Dei har heilt bevisst vald å gå turen om vinteren når det er få andre turistar.
Foto: Magnus Stokka / NRKMakstak på 6.000
Nå vil Stiftelsen Preikestolen ha eit makstak på 6.000 turistar til Preikestolen per døgn.
For å få til det vil dei endra lovverket, slik at dei kan stoppa turistane på dei mest besøkte tidspunkta.
– Nå ser me at det til tider blir mykje folk. Det går ut over både opplevinga til turistane og tryggleiken. Derfor ønsker me å seia stopp enkelte timar, seier Helge Kjellevold, dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen.
Det franske paret på noregsferie til Preikestolen synest forslaget om maksgrense er ein god idé.
– Det gir meining å ha ei grense. Eg var ikkje komfortabel med å gå på platået, og eg kan tenka meg at om det er mange folk der oppe, kan det vera farlegare, seier Marlene Trezieres.
Dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Helge Kjellevold, meiner Preikestolen nærmar seg ei smertegrense for kor mange turistar det er fornuftig å ha på same tid. Han ønsker nå å løfta debatten om maksgrense for norske turmål.
Foto: Magnus Stokka / NRKI Noreg står allemannsretten sterkt og turmål som Preikestolen har ikkje lov til å nekta folk å gå. Berre politiet kan gripa inn i heilt spesielle situasjonar.
– Så kva med den særnorske allemannsretten?
– Den er me alle glade i og den skal me ta vare på. Men det er lov å bruka sunn fornuft. Allemannsretten er laga i ei tid der det ikkje var så mykje internasjonale besøkande som nå, meiner Kjellevold.
Bør det vera makstak for talet på turistar til populære turmål?
Mange utfordrande dagar
Også Reinebringen i Moskenes kommune i Lofoten opplever kraftig vekst i talet på besøkande.
På den mest besøkte dagen i fjor sommar gjekk nesten 4.800 personar opp den smale trappa til Lofoten-fjellet.
Derfor vil også ordføraren her endra lovverket, slik at det kan bli avgrensingar i kor mange folk som er på tur på same tid.
– For oss er det ikkje berre enkeltdagar, men mange dagar med for mykje folk. Det er ikkje plass til å få helsepersonell opp og det kan bli utfordringar med redningshelikopter i lufta og mange menneske i ei bratt trapp, seier Hanna M. Sverdrup, ordførar i Moskenes kommune (H).
– Fryktar du alvorlege ulukker dersom turismen berre får auka fritt?
– Me har alt sett at det er utfordringar med redningsarbeidet. Det er for eksempel veldig utfordrande dersom du ikkje har plass til å gjera hjarte- og lungeredning. I tillegg er det stor forskjell i forma til dei som går turen.
Reinebringen i Lofoten byr på spektakulær utsikt. Men mange turistar på same tid byr også på utfordringar.
Foto: Rune Stoltz BertinussenDNT: – Restriksjonar siste utveg
Den norske turistforeining (DNT) meiner det er viktig å ta utfordringane til turistkommunane på alvor, men at restriksjonar og forbod mot å gå i naturen må vera aller siste utveg.
– Me meiner ein heller bør jobba med andre tiltak som ikkje utfordrar allemannsretten, seier Ingeborg Wessel Finstad, seksjonsleiar for natur og berekraft i DNT.
– Kva tiltak då?
– Det kan handla om tilgang på parkeringsplassar, å jobba for å spreia trafikken utanom høgsesongen og gjennom døgnet, i tillegg til å synleggjera alternative turar som toler meir besøk. Her kan DNT også spela ei viktig rolle.
DNT peikar også på at Preikestolen og andre område har positive erfaringar med å bruka stipatruljar ute i felt. Dei informerer turistane og bidreg til at dei er best mogleg førebudde.
Ingeborg Wessel Finstad i DNT meiner allemannsretten må vera det berande prinsippet for friluftslivet i Noreg.
Foto: DNTRegjeringa vil ikkje røra allemannsretten
Regjeringa er fullt klar over at mange av dei mest populære turmåla i Noreg er i ferd med å få større belastning enn kva dei toler.
Derfor meiner dei det kan vera fornuft å gjera tiltak for å avgrensa ferdselen, men dei vil i utgangspunktet ikkje røra lovverket og allemannsretten.
– Allemannsretten er noko av det flottaste me har, men det er mange moglegheiter alt i dag. Kommunane kan styra ferdselen ved å avgrensa talet på parkeringsplassar eller setja opp bussar det siste stykket av vegen. Det veit me er effektive verkemiddel, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
– Men kva med makstak på for eksempel 6.000 til Preikestolen?
– Måten å oppnå det vil vera å styra kor mange parkeringsplassar det er og korleis ein tar seg opp det siste stykket. Det er gode måtar å regulera dette på uavhengig av eit makstak, meiner statsråden.
Publisert 03.03.2025, kl. 13.44