Villaksen vil alltid ha genetiske spor fra oppdrettslaks

3 hours ago 1



Ein ny forskingsmodell viser at sjølv om rømt oppdrettslaks sluttar å nå gyteplassane, vil villaksen framleis ha genetiske spor frå oppdrettslaks i mange generasjonar framover.

Det er ifølge Havforskingsinstituttet. Desse spora vil vere synlege i DNA-analysar, sjølv om dei ikkje nødvendigvis har biologisk effekt.

– Genane som blir verande er i større grad «nøytrale», dei har ikkje ein aktiv funksjon i kroppen, men dei ligg lagra i eit slags genetisk arkiv, forklarar fagdirektør og genetikar Kevin Glover ved Havforskingsinstituttet.

Modellen, som tek høgde for både økologiske og genetiske forhold, viser at naturleg seleksjon kan redusere dei mest skadelege effektane av genetisk innblanding. Men sjølv etter 50 år utan ny påverknad frå oppdrettslaks, vil villaksen framleis bere spor etter tidlegare innblanding.

Modellen viser samtidig at dei mest skadelege effektane av genetisk innblanding kan bli reduserte over tid dersom tilførselen av oppdrettsgener stansar.

– Dette viser kor viktig det er å hindre rømming og oppgang av oppdrettslaks på gyteplassane, seier Glover.

Read Entire Article