– Det må bli fridag på måndag, seier Kristoffer Løkberg i podkasten Bakrommet.
– Dersom det er nokre sjefar som høyrer på nå, gi nå litt «slack», seier Andrine Hegerberg.
– Kva er vitsen med at folk drar på jobb? Det er nokre samfunnskritiske roller som burde få dobbel lønn fordi dei må jobbe den dagen. Dei som må sørge for at butikkdøra er open og at folk på sjukehusa får hjelp. Bortsett frå det så er det ingen grunn til at folk må gå på jobb på måndag, argumenterer Løkberg
- Sjå statsminister Jonas Gahr Støre sitt svar og del di meining lenger ned i artikkelen
NRKs fotballekspertar var høgt oppe etter at Noreg slo Elfenbeinskysten 2–1 i 16.-delsfinalen i fotball-VM tysdag kveld, og var ikkje aleine om det.
Eit fullsett Ullevaal stadion eksploderte da Erling Braut Haaland sette inn sigersmålet i Dallas.
Feststemte nordmenn fylte opp heile Karl Johans gate til ei feiring Haaland skulle ønske han var ein del av.
– Det blir jo litt sånn at du ville jo gjerne vore Noreg-fan for éin dag nå. Men eg unner dei det. Og det er tysdag òg, er det ikkje det? Så det seier jo alt, sa landslagssjef Ståle Solbakken til NRK etter sin største triumf som fotballtrenar.
– Ikkje eit dårleg forslag
Det er rimeleg å rekne med at mange rundt om i kongeriket onsdag møtte opp på jobb litt meir slitne enn vanleg, sjølv om kampstart 19.00 tysdag gjorde det fullt mogleg å avslutte feiringa i såkalla «rett tid».
Verre kan det bli søndag. Da møtest Noreg og Brasil kl. 22.00, noko som betyr at kampen i beste fall er ferdig rundt midnatt, så sant kampen er avgjort etter ordinær tid.
– Folk kan ikkje sitte der og tenke at «eg må legge meg snart». Tenk om det blir ekstraomgangar eller straffesparkkonkurranse. Da blir klokka godt over midnatt. Da skal du ikkje tenke på at du må på jobb på måndag, seier Kristoffer Løkberg.
Legg ein saman bilda frå feiringa etter at Noreg slo Brasil i 1998 og dei ein har sett under årets meisterskap, kan ein ikkje utelukke at festen etter ein eventuell ny sensasjon mot Brasil kan gå på måndagsproduktiviteten laus.
Derfor foreslår altså Løkberg å gi heile Noreg ein fridag dersom Noreg vinn.
VILLE TILSTANDAR: Det var også ekstase da Noreg slo Brasil i 1998.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB– Det blir det vel same kva Løkberg seier, tenker eg, seier Ståle Solbakken når han høyrer forslaget.
– Det er ikkje eit dårleg forslag, det, seier landslagskaptein Martin Ødegaard til NRK.
Bør måndag vere offentleg fridag dersom Noreg slår Brasil?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Vi får sjå korleis kampen går først. Men vi skal kline til, så håpar vi at vi kan gi folket der heime enda meir å juble for. Det ser ut som det er god stemning overalt. Forhåpentleg kan vi halde det gåande litt lenger, seier Ødegaard.
– Eg er einig, seier Marcus Holmgren Pedersen om Løkbergs forslag.
Støre: – Vi greier ein fest
Patrick Berg tar ikkje direkte stilling til forslaget, men seier:
– Eg håper så mange som mogleg får med seg den neste kampen. Brasil i eit sluttspel i VM, det blir ikkje så mykje større enn det.
Statsminister Jonas Gahr Støre vil likevel ikkje gi norske arbeidstakarar fri.
– Vi er heltar om natta og heltar om dagen, og vi går på jobb måndag. Mange av oss har nå sommarferie og fri, men mange er også på jobb. Vi greier ein fest og ei feiring søndag og jobb måndag, seier Støre til NRK.
TOMMEL NED: Statsminister Jonas Gahr Støre gir tommel opp for Noregs VM-innsats, men er mykje meir lunken til forslaget om ein nasjonal fridag.
Foto: Jonas Gahr Støre / FacebookHeller ikkje Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) synest å vere tilhengarar av ein fridag.
– Slår vi Brasil på søndag, er det jo 17. mai og julaftan på éin gong. Da blir det ei lang natt med mykje roing. Heldigvis er det fellesferie og høgsesong for hengekøye for mange. Men for dei av oss som skal på jobb måndag, er det framleis arbeidsgivar som bestemmer. Vi har per nå ikkje høyrt om nokon som har innført eigen «Brasil-fridag», seier Nina Kraugerud Ertzaas, direktør for kommunikasjon og myndigheitskontakt i NHO, til NRK.
Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng, spår heller ikkje ein fridag i næraste framtid.
– Søndag er ein stor og viktig dag, og eg håpar sjølvsagt på norsk jubel. Men å innføre ein eigen nasjonal fridag dagen etter er eg skeptisk til, seier Stenseng til NRK.
Kva med å ta seg fri?
Om det blir nasjonal fridag eller ei, er det nok nokon som allereie har tenkt tanken om å «skulke» ein dag frå jobben.
Det fører også til spørsmål om kva konsekvensar det kan få, dersom ein ikkje møter opp på jobb måndag morgon.
– Det skal svært mykje til for å seie opp nokon, understrekar leiar i LOs juridiske avdeling, Atle Sønsteli Johansen, og utdjupar.
– Normalt er det berre gjentatte og hyppige tilfelle av ulovleg fråvær som gir grunnlag for oppseiing.
LO: Atle Sønsteli Johansen er leiar i LOs juridiske avdeling.
Foto: LODersom arbeidsgivar går til oppseiing og arbeidsgivar meiner at det er feil, så kan det gå til domstolane.
– Høgsterett har sagt at terskelen for å gå til oppseiing er høg, og eit enkeltståande ulovleg fråvær er ikkje tilstrekkeleg. Det kvalifiserer i høgda for ei åtvaring, seier Johansen.
– Nå får vi moglegheita
Brasil har vunne fotball-VM fem gonger, men Noreg slo altså brasilianarane 2–1 da laga møttest under VM i 1998 i det som gjekk inn i norsk fotballhistorie som «Mirakelet i Marseille».
Kanskje vil det vere mindre mirakuløst om Noreg slår Brasil denne gongen.
– Nå har vi vakse opp med å høyre om Noreg-Brasil i alle år, og det har lege over oss. Nå får vi moglegheita sjølv. Det er fantastisk, fastslår Martin Ødegaard.
RO, RO TIL VM-FEST: Martin Ødegaard kjem truleg til å leige an i luftroing på matta om Noreg slår Brasil. Heime i Noreg kan folk komme til å ro i gatene heile natt til måndag.
Foto: Vegard Grøtt / NRK– Vi må passe på at den anledninga ikkje blir for stor, åtvarar Ståle Solbakken.
Dersom den meldinga er retta mot norske fotballsupporterar, er det all grunn til å mistenke at Solbakken snakkar til døve øyre.
Publisert 01.07.2026, kl. 15.51










English (US)