VM-finalisten med spesielt våpen: Bryt 100 år gammal tradisjon

1 hour ago 3



– Han tar ganske stor risiko, men han har perfeksjonert han, seier Edwin Ingebrigtsen.

Ingebrigtsen jobbar som snooker-kommentator i Eurosport, og har fått med seg den vesle revolusjonen som er på gang.

Shaun Murphy har rett og slett endra opninga i spelet, som på fagspråket kallast spreiing.

Saman med trenaren, tidlegare verdsmeister Peter Ebdon, har han komme fram til ei løysing som nå herjar i VM.

Eg er overtydd om at det finst ein betre støyt enn det vi har brukt i 100 år, seier Murphy ifølge Metro.

Tidlegare har spelarane sikta mot den bakarste raude ballen i trekanten. Murphy siktar på den tredje ballen, som vist på bildet under.

et bilde som viser forskjellen i siktepunktet mellom to spredningsteknikker

REVOLUSJON: I den gule ringen til venstre vises vanleg siktepunkt. Til høgre visast varianten til Shaun Murphy, som er høgst uvanleg.

Grafikk: Reuters/Andrew Boyers

– For første gong på 40 år er det nokon som gjer noko nytt, seier konkurrenten Neil Robertson.

Det er faktisk ei ganske stor endring; ballane spreier seg på ein heilt annan måte, noko som fører til langt meir ope spel på den grøne duken.

Sjølv omtaler Murphy dette som ei «massiv forbetring».

Idretten har eksistert i hundre år, og spreiinga har ikkje endra seg, seier han.

Same opning i 100 år

Ved å gå nye vegar skaper han meir show på den grøne duken.

– Ballane spreier seg veldig. Og på den måten legg han press på motstandaren. Viss motstandaren ikkje treffer på støyten sin, så har Murphy mange moglegheiter. Så det er ein gamble, ein kalkulert gamble, seier kommentator Edwin Ingebrigtsen til NRK.

shaun murphy underveis i vm

FULL SPREIING: Dette viser kva som kan skje med Murphys nye taktikk. Dei raude ballane er spreidde over eit større område.

Foto: Andrew Boyers / REUTERS,NTB

Et foto av Edwin Ingebrigtsen.

KOMMENTATOR: Edwin Ingebrigtsen kommenterer snooker for Eurosport.

Foto: Oslo Maraton

Kommentatoren set stor pris på Murhpys påfunn, og meiner det er bra for sporten at det endrar seg.

Han seier at banane dei siste åra har blitt mykje raskare, noko som gjer at Murhpys taktikk er meir fordelaktig nå enn før.

– Det er ein kul variant. Det å spele så ope er det publikum vil ha.

Ingebrigtsen veit godt kva han snakkar om når det gjeld underhaldning. Tidlegare i VM kommenterte han eit parti som varte i éin time og 40 minutt utan at noko stort skjedde.

maratonparti

FULL STOPP: Den svarte ballen låg i vegen for alle dei raude ballane, noko som førte til eit 100 minutt langt parti i semifinalen.

Foto: Mike Egerton / PA,NTB

– Flaut for idretten. Spelarar og dommarar må finne ut korleis dette aldri kan skje igjen, melde tidlegare verdsmeister Steve Davis etter at Mark Allen og Wu Yize hadde halde på i over halvannan time.

Blir hylla av konkurrentane

Så langt i snooker-VM har Murphy si nyvinning fungert godt. Han har tatt seg heilt til VM-finalen i Sheffield, der han møter kinesiske Wu Yize.

Ifølge Edwin Ingebrigtsen har fleire av rivalane prøvd Murphys spesielle støyt på oppvarmingsbord på arenaen.

Neil Robertson er ein av spelarane som lèt seg fascinere av nyvinninga.

Det er ein utsøkt fordel, seier Robertson ifølge Metro.

Neil Robertson

PÅ VEG FOR Å KOPIERE?: Neil Robertson rosar rivalen sin. Her er han i aksjon tidlegare i VM.

Foto: Mike Egerton / PA,NTB

Han seier at han nå skal i gang med å øve på akkurat det same.

Eg synest at han har noko godt på gang, det stoppar alt det kjedelege spelet i starten, seier Neil Robertson.

Men VM-finalist Shaun Murphy vil ikkje ha all æra for å bringe snooker-sporten vidare.

Eg er sikker på at støyten min er betre, men heilt nytt er det ikkje. Steve Davis gjorde det på 80-talet. Eg har ikkje skapt noko heilt nytt, seier han.

Publisert 04.05.2026, kl. 11.48

Read Entire Article