VM-medaljør må stå over verdscupopninga
Det svenske laget må gjere endringar før verdscupopninga i langrenn i Ruka, Finland til helga.
Oskar Svensson har blitt sjuk, og kjem ikkje til å stille til start på sprinten på laurdag, melder det svenske skiforbundet.
Marcus Grate kjem inn som erstattar for Svensson.
Svensson tok ein bronse på lagsprinten under VM i Trondheim. Då gjekk han på lag med Edvin Anger.
Juventus-stjernene stoppet av uvær
Juventus fikk litt ekstra tid i Bodø etter tirsdagens mesterliga-oppgjør mot Bodø/Glimt. Italienernes fly skulle egentlig forlatt Bodø klokken 12, men rullebanen på Bodø lufthavn har vært stengt i morgentimene onsdag.
Dermed ble italienernes reise utsatt, og først 12.30 forlot spillerbussen spillerhotellet.
Foreløpig er Juventus-flyet oppsatt til 13.30, halvannen time senere enn planlagt.
Utenfor hotellet ble spillerne møtt av flere supportere. Noen av dem hevdet at de hadde ventet på Juventus-stjernene siden 07.00 onsdag morgen.
Lunde spelar sin siste sesong for Noreg: Landslagstrenar er ikkje bekymra for framtida
– Eit forbilde og bauta gir seg. Ein kulturberar. Det er veldig rart. Men det er sjølvsagt ei tid for alt, seier Nora Mørk til NRK.
For nokre dagar sidan meldte Katrine Lunde og Håndballforbundet at Lunde gir seg som keeper for landslaget etter sesongen.
Landslagstrenar Ole Gustav Gjekstad seier under pressekonferansen onsdag at dei ikkje er bekymra for keeperplassen når Lunde sluttar.
– Kyrkjegarden er heilt full av uerstattelege personar. Denne gangen også skal vi vise at vi kan erstatte Katrine.
Lunde spelar sitt siste meisterskap med det norske flagget på brystet når VM startar 26. november.
– Eg trur det er mange som synest det er trist at Katrine gir seg. Nokon keeperar tenker at nå er det moglegheit å prøve seg. Litt spisse olbogar for å komme på landslaget. Men vi har gode keeperar. Det skal nok gå bra. Men det er klart, det vil alltid vere et tap for Noreg utan Katrine Lunde, seier landslagskollega Nora Mørk.


















English (US)