Vurderer lovendring: Politiet vil halde barn under 15 år i arrest

2 hours ago 1



Politidirektoratet (POD) har på oppdrag frå Justisdepartementet bede fire av landets tolv politidistrikt om innspel til ei lovendring for dei yngste:

Endringa vil gi politiet moglegheita til å pågripe barn under den kriminelle lågalder og halde dei fengsla i opp til eit døgn.

NRK har fått tilgang til brevet, der POD ber Sør-Øst, Trøndelag, Vest og Øst politidistrikt ta stilling til om politiet skal få halde på barn under 15 år i 12 eller 24 timar.

Advokatforeningens forsvarargruppe er kritiske – og overraska.

Dei etterlyser dokumentasjon på at eit slikt tiltak vil hjelpe og ikkje minst ta vare på barnet det gjeld.

– Vi må ikkje miste hovudet i saker der det er ein del overskrifter om barn og kriminalitet, seier advokat og leiar Mette Yvonne Larsen.

NRK har til no ikkje lukkast å få svar frå Politidirektoratet.

– Ikkje nødvendigvis glattcelle

I dag kan politiet halde på born under 15 år i opptil fire timar, men berre for å overlevere dei til foreldre eller barnevern.

Til samanlikning skal ein mistenkt mellom 15 og 18 år framstillast for fengsling innan 24 timar. For vaksne er fristen 48 timar.

en person med lukkede øyne

– Populistisk og lite gjennomtenkt, meiner advokat Mette Yvonne Larsen, leiar i Forsvarergruppen, om arbeidet som blir gjort rundt ei eventuell lovendring.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Oslo politidistrikt har bede om ein heimel som lar dei halde på barn lenger. Målet er å gjennomføre avhøyr og sikre bevis. Grunnen er det dei opplever som ein eksplosiv auke i ungdomskriminalitet.

Politidistriktet meiner at dagens lovverk hindrar oppklaring av alvorleg kriminalitet gjort av barn.

Dei meiner bevis kan bli øydelagde når mistenkte barn må køyrast heim raskt.

– Utviklinga vi har sett der unge som bryt lova blir stadig yngre og lovbrota meir alvorlege, er sterkt bekymringsfull. Derfor vil vi – i tett dialog med fagmiljøa – ta grep som verkar. Grep som vernar både barna det gjeld og samfunnet, seier statssekretær i justisdepartementet Joakim Øren (Ap).

Øren presiserer at endringa ikkje nødvendigvis betyr at barn skal låsast inne og at politiet skal ta vare på dei på mest mogleg skånsam måte.

– Uansett på kva grunnlag eit barn blir fråteke fridommen, og uavhengig av om barnet er over eller under den kriminelle lågalderen, er det ikkje nødvendigvis slik at barnet skal låsast inne på ei glattcelle eller ei anna celle, seier han.

– Tolv timar er for kort

Vest politidistrikt støttar framlegget frå Oslo politidistrikt.

Også dei opplever ein auke i lovbrot i aldersgruppa under 15 år.

I eit svarbrev skriv påtaleleiar Gunnar H. Fløystad:

«(...) kriminaliteten som blir gjort ser ut til å bli meir alvorleg og skjer til dels i samanhengar og i miljø som det er utfordrande å skaffe bevis for alvorlege straffbare handlingar».

For at barnet skal få dei same rettane som personar over 15 år, som automatisk oppnemning av forsvarar, meiner Fløystad at heimelen bør plasserast i straffeprosesslova.

Han presiserer at mindreårige ikkje bør sitje åleine i arresten.

Påtaleleder i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad

Mange knivran blant unge har gjeve Vest politidistrikt same erfaring som Oslo. «I fleire av desse var det av omsyn til etterforskinga eit klart behov for å kunne pågripe mistenkte, særskilt på grunn av faren for å øydeleggje bevis», skriv påtaleleiar Gunnar H. Fløystad.

Foto: Anette Berentsen

Vidare meiner han politiet bør få halda på dei pågripne barna i 18 eller 24 timar.

«12 timar er for kort frist, spesielt dersom pågripinga skjer på nattetid», skriv Fløystad.

Usamde om kor stort problemet er

Larsen i forsvarargruppa fryktar at det kan gjere vondt verre for eit barn å bli sitjande opp mot 24 timar i arresten.

Ho er uroa for at både barn og foreldre kan miste tilliten til politiet og for at heimelen kan bli misbrukt.

– Barn skal stort sett heim til foreldra sine, eller så skal dei over til ein annan omsorgsbase, seier ho.

Medan politiet opplever ein auke i alvorlegare kriminalitet i aldersgruppa, viser SSB sine tal nedgang. Politiet jobbar i desse dagar med sin årsstatistikk for 2025.

I fjor fortalde NRK at politiet meiner å ha fleire døme på at kriminelle gjengar kan ha bestilt born til å utføre alvorleg kriminalitet.

Det var dette som starta arbeidet med ei eventuell lovendring.

Larsen meiner at sjølv om det finst fleire døme på slike alvorlege saker, kan ikkje det vere styrande.

– Vi kan ikkje lage så undertrykkande heimlar for eit heilt land fordi nokre saker er alvorlege. Dette skal vere spesialtiltak for barn gjennom barnevernet og – og ikkje gjennom straffesystemet.

Utfordrar menneskerettane

Larsen peiker på førebyggande arbeid saman med barnevern og tiltak som ungdomsklubbar, rådgjeving og utekontakt som løysingar for barna som er for unge til å straffast.

– Må påtalemakta og politi halde barn lenger, så må dei bruke barnevernet sine reglar.

Bilde av statssekretær Joakim Sevrin Tranvåg Øren. Han har på dress og står foran en blå vegg

Statssekretær Joakim Øren (Ap) i Justisdepartementet seier han er sterkt ura over at stadig yngre bryt lova, og at lovbrota blir meir alvorlege.

Foto: Tom Ivar Øverlie

Noreg har forplikta seg til FNs barnekonvensjon, ein internasjonal avtale som slår fast at å ta fridomen frå barn under 18 år berre skal skje som ein aller siste utveg og for kortast mogeleg tid.

Larsen trur ikkje endringa er eit brot på denne.

Justisdepartementet har ikkje svara på når ei lovendring eventuelt vil skje. Larsen i Forsvarergruppen håpar endringa aldri kjem.

– Eg meiner dette er lite gjennomtenkt, og eg håpar ikkje at lovgjevarane kjem til å gå inn for denne løysinga, avsluttar Larsen.

Publisert 13.01.2026, kl. 16.24

Read Entire Article