– Eg kjem ikkje til å prøve å tvinge nokon til å gjere det mot deira vilje. Eg er klar, og så får resten komme om dei ser at det passar inn for dei, seier Karsten Warholm til NRK.
Stafett er i vinden i Noreg. Førre veke sikra dei norske kvinnene gull under VM i stafett på 4 x 400 meter.
Den blanda stafetten er allereie første kvelden under EM i Birmingham i august. Det passar bra med resten av programmet for Warholms del.
No fortel 30-åringen at han er klar for å springe blanda stafett under EM i august. Dersom den siste guteplassen viser seg å vere god nok.
– Eg trur eg skal klare å levere noko som gjer at vi absolutt skal kunne vere med og kjempe om det edlaste metallet i miksstafetten, seier han og legg presset vidare:
– Og så må vi sjå om vi også får med oss éin til som kan levere ei tid ned mot minimum 45 blank.
VIL SPRINGE: Karsten Warholm drøymer om å raske med seg endå meir edelt metall under EM i august.
Foto: Torbjørn Brovold / NRKLegg press på gutane
Han er ekstra positiv etter at den norske kvartetten sprang inn til årsbeste i verda, og gull, med tida 3.20.96 under VM i Botswana.
For Noreg sprang Josefine Tomine Eriksen Aks (51,26), Amalie Iuel (49,71), Lakeri Ertzgaard (51,08) og Henriette Jæger (48,91).
– Det er kjempehøgt nivå. Så det er ikkje jentene det skal stå på. Det er oss gutar, eigentleg, seier Warholm.
GULLJENTER: Frå venstre: Josefine Tomine Eriksen Aks, Lakeri Ertzgaard, Henriette Jæger og Amalie Iuel etter at dei sikra gull i VM i stafett.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKHenriette Jæger og Amalie Iuel er per nå dei beste på 400 meter på kvinnesida.
– Eg har alltid hatt ein stor draum om å stille til miksstafetten der, og eg håpar vi kan stille eit sterkt lag. Eg har ikkje masa for mykje på Karsten, for han er ein veldig stor medaljekandidat i EM, og eg vil ikkje at dette skal øydelegge for han, seier Iuel, som er ein del av treningsgruppa til Warholm, til NRK.
Warholm har to EM-gull innandørs på 400 meter flatt. Førre gong han sprang distansen på eit offisielt stemne var i 2024. Det enda med VM-sølv innandørs på tida 45,34.
– Eg kjem ikkje til å prøve å tvinge nokon til å gjere det mot deira vilje. Men det er viktig at alle er klare for å gjere det til ei prioritering.
– For dei andre gutane som slåst om den plassen, vil eg kanskje tru at det er den beste moglegheita dei har. Så eg trur den plassen er attraktiv.
Dei to alternativa
Sportssjef i Noregs Friidrettsforbund, Erlend Slokvik, har stor tru på at dei kjem til å stille lag.
Han lanserer to kandidatar for den siste plassen:
- Andreas Ofstad Kulseng, som sette norsk rekord på 300 meter i fjor.
- Håvard Bentdal Ingvaldsen, som er innehavar av den norske rekorden på 400 meter på 44,39 frå 2023.
– Eg har ganske god tru på at det skal gå. Ut frå korleis treninga har gått for dei to så langt, så har eg absolutt håp om at ein av dei skal vere i god form til då, seier Slokvik.
STAFETTSMIL: Erlend Slokvik er positiv til at Noreg skal stille med nok eit stafettlag.
Foto: Heiko Junge / NTBSportssjefen treng at ein av dei er i god nok form til Boysen Memorial på Bislett i juni. For der skal laget prøve å kvalifisere seg til meisterskapen.
Då bør laget helst springe på ei tid ned mot tre minutt og ti sekund. Warholm har også meldt seg til disposisjon der.
– Dersom det er føresetnaden for å skaffe oss ein plass, så stiller eg ja. Om dei finn ein kandidat på den siste plassen, seier Warholm.
– Heng veldig, veldig høgt
Når NRK slår på tråden til dei to kandidatane, stiller begge seg klare til dyst – med ærefrykt for å springe for Noreg.
– Kva hadde det betydd å vere ein del av dette laget?
– Det hadde vore utruleg stort eigentleg. Det blir mest sannsynleg det beste laget i historia. Det å då vere ein del av det heng veldig, veldig høgt. Eg trur det motiverer heile den 400-metergjengen, både på dame- og herresida, seier Kulseng, som fortel at han er i rute til å springe raske tider under uttaksstemnet og blir motivert av duellen mot Ingvaldsen.
GOD FOR PODIET: Det var iallfall Andreas Ofstad Kulseng under Bislett Games og den nasjonale finalen på 300 meter som han vann i 2025.
Foto: VEGARD GRØTT / BildbyrånIngvaldsen på si side går eit hektisk meisterskap i møte – og er per dags dato usikker på om han har høve til å springe stafetten.
For på same dag som stafetten, kan det hende Ingvaldsen må springe forsøk på det individuelle 400-meterløpet. Under eit døgn seinare ventar semifinalen.
Einaste moglegheita for at han no stiller på eit eventuelt stafettlag, er om han har éi av dei 12 beste tidene i Europa på distansen. Då går han nemleg rett til semifinalane.
Dette er løysinga han no drøymer om – slik at han kan springe blanda stafett for Noreg.
– Då hadde eg sjølvsagt gitt alt. Om vi er eit toppa lag og alle er i toppform, så trur eg alle dei andre laga ville frykta Noreg, seier Ingvaldsen, som også meiner Noreg er ein klar medaljekandidat om dei stiller med toppa lag.
Publisert 11.05.2026, kl. 11.52

















English (US)