Wergelandsparken, den grøne lunga midt i Kristiansand sentrum, kunne ha vore eit trygt og ope byrom til glede for alle som bur i byen eller vitjar han. Slik er det ikkje.
Parken er prega av open narkotikahandel, synleg rusmisbruk, vald, skremmande åtferd og ei urovekkande rekruttering av unge inn i eit destruktivt og farleg miljø. Mange unngår parken – ikkje fordi dei manglar medkjensle, men fordi dei kjenner seg utrygge.
Dei som tek bladet frå munnen og ytrar seg om dette, vert møtt med haldningar som skyt i senk eit kvart forsøk på ein sakleg og ansvarleg debatt. Naiv humanisme og misforstått godheit bør ikkje få styre samtalen om Wergelandsparken.
Redsla for å stigmatisere, endrar ikkje realitetane. Å forstå er viktig, men å berre forstå – utan å handle – er å svikte både rusmisbrukarane og resten av byen. Når rettane til ei lita gruppe vert gjort viktigare enn tryggleiken til born, unge og eldre, står vi i fare for å miste det felles byromet som skal vere for alle.
Det tener verken byen, rusmiljøet eller dei som bur og ferdast i området.
Bekymringsmeldingar frå foreldre og elevar ved vidaregåande skular har nådd fylkespolitisk nivå. Skuleungdom fortel om frykt for å gå gjennom området. Foreldre uttrykkjer uro for barnas tryggleik. Når unge ikkje lenger kjenner seg trygge i sitt eige nærmiljø, har samfunnet svikta.
I fylkestinget i september tok eg spørsmålet opp om korleis situasjon påverkar elevane ved dei vidaregåande skulane. Det vart lova at det skulle følgjast opp, men dessverre er utviklinga negativ.
Narkotikahandelen skjer ope og miljøet veks. Wergelandsparken er ikkje bare ein tilhaldsstad for rusmisbrukarar – men ein rekrutteringsarena for unge menneske.
Men dette er ikkje bare ein ungdomssak. Mange som bur i nærområdet vel å ikkje handle i lokalbutikken som ligg ved parken. Roping, utagerande åtferd og hyppige valdshendingar gjer mange uttrygge.
Ja, rusmisbrukarar er menneske med verdi og rettar. Men desse rettane veg ikkje tyngre enn retten born, unge, vaksne og eldre, har til eit trygt og ope byrom. Når tryggleiken til nokon skaper utryggleik for mange andre, er det alvorleg. Då må ein gripe inn og leggje til rette på andre måter.
Det er ikkje diskriminering å seie nei til vald, truslar, narkotikasal og synleg rusmisbruk. Det er å vise ansvar og det er å vise omsorg. Både for dei som står i rus, og for alle andre som har rett til å kjenne seg trygge i byen sin.
Politiet må vere til stades – synlege, tilgjengelege og handlekraftige. Men dette er ikkje bare eit spørsmål om politiressursar. Kommunen må ta sin del av ansvaret for førebygging, rusomsorg og ungdomsarbeid.
Det trengst både akutte tiltak og langsiktig innsats: lågterskeltilbod, oppsøkande tenester, tryggleikskapande tiltak, og ein tydeleg strategi for å bryte utviklinga.
Wergelandsparken er ikkje for nokon få. Den er for alle – og alle har rett på ein trygg kvardag i sin eigen by.