– Eg ønsker å ha ein best mogleg butikk for kundane våre. Derfor tenkte eg med ein gong at dette har eg lyst til å vera med på då sjansen kom, seier Helge Naustvik.
Han er kjøpmann på Joker Vatlandsvåg i Suldal i Ryfylke.
Ein typisk lokalbutikk på bygda som tidlegare stengde dørene klokka 18 på kvelden (og klokka 20 på fredagar).
Men i fjor sommar gjekk kjøpmannen over til døgnope.
– Erfaringa er at kundane handlar til alle tider på døgnet. Me har husmødrer som kjem etter at ungane er lagde og me har arbeidsfolk som kjem før jobb. Heile området har fått ein større fridom når det gjeld handling,
NRK
Inger Tveita:
– Eg synest det er fantastisk med døgnopen butikk. Nå kan me komma til butikken både seint og tidleg, men eg kjem helst når det er folk her.
– Kva betyr det for bygdene med døgnopne butikkar?
– Det trur eg betyr mykje. For eg høyrer at det er folk til alle tider på døgnet her på butikken.
NRK
Kjell Vidar Bjørkhaug
– Døgnopen butikk er eit fantastisk tilbod for oss kundar. Det er jo veldig greitt for dei som jobbar her òg, for dei kan få litt kortare og greiare arbeidsdagar.
– Kva trur det det betyr for bygdene å ha butikkar som er opne heile døgnet?
– Butikkane er jo eit senter i bygdene våre, så det er klart at eit tilbod som dette gir større fleksibilitet.
NRK
Anita Nedrebø
– Døgnopen butikk er eit veldig godt tiltak, men eg likar best å handla når det er folk her.
– Kvifor vil du ha folk i butikken?
– Eg synest det er litt meir liv når det er folk som jobbar her òg. Du kan jo spørja dei viss du lurer på noko.
– Så du går ikkje her på kvelds- og nattestid?
– Nei, eg gjer ikkje det. Då må det vera veldig nødvendig.
Mål om meir enn dobling
Nå har Joker og Nærbutikken 89 delvis fjernbetente butikkar. Dei fleste av desse har døgnope eller utvida opningstider.
Målet er å auka til om lag 200 butikkar innan sommaren 2026.
– Delvis fjernbetente butikkar gir lokalsamfunn over heile landet eit betre tilbod, og held oppe daglegvarebutikkar i område der det elles kan vera vanskeleg å driva, seier kommunikasjonsrådgivar Anna Kappler i Kjøpmannshuset Norge (som blant anna driftar Joker og Nærbutikken).
Ho påpeikar at butikkane bidreg til busetjing og arbeidsplassar i heile Noreg,
– I tillegg gir delvis fjernbetente butikkar kjøpmenn og tilsette ein fleksibilitet som gjer det mogleg å tilby lange opningstider, på linje med byane, og samtidig ha eit liv ved sida av butikken.
– Meir enn ein plass du kjøper mjølk og brød
Over 60 prosent av alle daglegvarebutikkar i distrikta deltar i Merkur-programmet.
Dei aller fleste er med i kjeder som Joker, Nærbutikken, Snarkjøp, Coop Prix, Coop Marked eller Matkroken.
Av 560 Merkur-butikkar er 110 i dag fjernbetente. I tillegg er 50 butikkar i prosess med å bli det.
Då denne butikkordninga starta opp i 2019 auka omsetnaden med 30–40 prosent blant dei som blei med, viser ein rapport frå Distriktssenteret.
Nå har omsetnadsveksten stabilisert seg rundt 10 prosent.
Steinar Fredheim
- Fagdirektør, Merkur-programmet og Distriktssenteret
Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for butikkar i Distrikts-Noreg.
For dei er delvis fjernbetent og døgnope blant dei viktigaste tiltaka for å skapa berekraftige butikkar som overlever.
– Butikken på bygdene er meir enn ein plass du kjøper mjølk og brød. Det er ein samlingsplass, ein plass du får levert tenester og ein plass som skaper attraktivitet for bygda, seier fagdirektør for Merkur-programmet, Steinar Fredheim.
– Gjer dette at butikkar som elles ville stått i fare for å døy ut, klarer seg?
– Ja, det gjer det. Både i forhold til omsetnaden, men òg at det blir meir attraktivt å driva ein butikk. Det har vore utfordrande å få nye butikkdrivarar inn. Når du legg om med nyteknologi og fjernbetent, blir det meir attraktivt for unge å ta over.
Joker Vatlandsvåg i Suldal er ein typisk lokalbutikk på bygda med både matvarer og drivstoff.
Foto: NRKHandel og Kontor er skeptiske
Men sjølv om mange er positive til fleire døgnopne butikkar, er LO-forbundet Handel og Kontor skeptiske.
– Så lenge det er døgnopne butikkar, så vil det vera nokon som har bakvakt. Det er ikkje noko som heiter ubemanna, nokon er på jobb, anten bakvakt eller som vektar. Me stiller spørsmål om dette er nødvendig, seier forbundsleiar Christopher Beckham.
Handel og Kontor meiner dagens butikkstruktur er god nok og at me ikkje treng døgnopne butikkar.
– Vanlege forbrukarar har mange nok butikkar og gode nok opningstider, seier Beckham.
Kjøpmann Naustvik i Suldal seier døgnopen butikk krev at nokon alltid har bakvakt.
Det er også noko dei fleste kundar likar, men ikkje alle, innrømmer han.
– Det er derfor me har ope og er betent på dagtid. Men dersom me skal ha lange opningstider, er dette måten å løysa det på.
– Og kva med svinn når folk er åleine i butikken?
– Det har ikkje auka noko særleg. Det kan vera at kundane skannar litt feil i kassen, fordi dei er jo ikkje like flinke som oss. Men bortsett frå det, så går det kjempebra.
Publisert 23.05.2025, kl. 05.26