Adidas-sjef Gulden støttar VM i Saudi-Arabia: – Boikott er alltid dumt

3 months ago 20


– Boikott er alltid dumt. Sport er ein av få ting som opnar opp samfunn som ikkje har vore så bra, og som bygger bruer mellom religionar og kulturar, seier Adidas-sjef Bjørn Gulden til NRK på spørsmål om fotball-VM i Saudi-Arabia i 2034.

– Kva slags bruer blir bygde ved at migrantarbeidarar blir utsette for tvangsarbeid og mistar livet som følge av farlege arbeidsforhold? Kva for ein samlande effekt vil det ha om ein fengslar folk som kritiserer idrettsmeisterskap, svarer Amnesty til NRK.

I desember blei det klart at Saudi-Arabia blir vertsnasjon for fotball-VM i 2034. Dei fekk ingen konkurranse og hadde det einaste godkjente bodet på Fifa-kongressen.

– Ein utruleg svak prosess

Mange i Noreg har vore kritiske til tildelinga. Dei peikar både på korleis tildelinga har skjedd, og menneskerettsbrota som går føre seg i landet.

Sjølv valde Noregs Fotballforbund å avstå frå å stemme.

– Det er eit bevisst signal om at vi ikkje kan støtte framgangsmåten til Fifa, sa fotballpresident Lise Klaveness til NRK den gongen.

Dagen Saudi-Arabia blei tildelt meisterskapen, sa Fifa-president Gianni Infantino dette frå talarstolen:

– Sosiale forbetringar og positive menneskerettar er noko ein verdsmeisterskap har ansvar for. I dag er ei feiring av fellesskap.

Samtidig la han til:

– Vi er klare over kritikk og bekymringar. Eg stoler fullt på at vertane våre adresserer alle delar av denne prosessen, og leverer ein verdsmeisterskap som møter forventningane i verda.

Det er ikkje politisk rådgivar i Amnesty, Frank Conde Tangberg, einig i:

– Fifa har gjennomført ein utruleg svak prosess der ein på ingen måte har brukt innverknaden som låg i tildelinga til å vise at ein vil respektere menneskerettane. Tvert om ser det ut til at dei ikkje bryr seg om risikoen, og sjølv risikerer å bli ansvarlege for grove menneskerettsbrot.

Det har ikkje lykkast NRK å få eit tilsvar frå Fifa.

Mohammed bin Salman, Gianni Infantino, Vladimir Putin

OMSTRIDDE LEIARAR: Frå venstre: Kronprinsen og statsministeren av Saudi-Arabia Mohammed bin Salman, Fifa-president Gianni Infantino og Russlands president Vladimir Putin. Her under fotball-VM i 2018.

Foto: Alexei Druzhinin / AP

Amnesty: – Verkar lite gjennomtenkt

– Store meisterskap må også kunne vere i land der folk treng å forbetre seg. Det er einaste grunnen til at folk drar dit. Eg er 100 prosent sikker på at sport opnar opp og forbetrar ting, seier Gulden.

Adidas, med Gulden i spissen, sponsar fleire landslag som blir å sjå i VM 2034. Den tyske sportsgiganten har også eit samarbeid med Fifa.

– Dei planane vi har sett, og eg har sjølv vore der fleire gonger, seier meg at det er ei positiv utvikling på grunn av sport. Så skal det seiast at eg ikkje har vore der når det ikkje har vore sport. Det eg høyrer og ser, frå folk som bur der, både menn og kvinner, er at det kjem til å bli betre på grunn av sport, seier Gulden.

– Dette verkar lite gjennomtenkt frå Gulden. I Saudi-Arabia er det mange som blir dømte til fleire tiår i fengsel, sjølv når dei snakkar fram reformer som myndigheitene gjennomfører. Det er heller inga uavhengig presse og det blir ikkje gjennomført uavhengige meiningsmålingar, kontrar Tangberg i Amnesty.

Han understrekar samtidig at noko har betra seg sidan Saudi-Arabias kronprins Mohammed Bin Salman lanserte utviklingsplanen «Visjon 2030».

Frank Conde Tangberg, politisk rådgiver ved Amnesty International.

UEINIG MED GULDEN: Frank Conde Tangberg, politisk rådgivar ved Amnesty International.

Foto: Privat

– Myndigheitene har løyst opp på restriksjonar som avgrensa folk sine økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, i tillegg til at kvinner har fått auka handlingsrom, seier Tangberg, men legg til:

– Guldens kommentar kan få det til å verke som om idretten har vore pådrivaren for dei endringane vi ser i Saudi-Arabia – det stemmer på ingen måte.

I tillegg er det langt frå alt som har blitt betre i landet dei siste åra, ifølge Tangberg:

– Dei har stramma inn sivile og politiske rettar dramatisk. I 2024 avretta saudiarabiske myndigheiter langt fleire menneske enn vi har registrert nokon gong tidlegare. I tillegg blir fredelege ytringar straffa hardare, ofte med fleire tiår i fengsel.

– Ein myte og klisjé

Andreas Selliaas er journalist og redaktør i Idrettspolitikk.no. At store meisterskap bør haldast i land som «treng å forbetre seg» seier han er «ein myte og klisjé som folk slenger rundt om seg med».

– Fifa er i dag demokratisk daudt fordi mange har vore naive og trudd på denne påstanden, seier han og legg til:

Antidoping Norge holder seminar for idrettsledere og media.

KLAR TALE: Redaktør og journalist i Idrettspolitikk.no, Andreas Selliaas.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Russland har hatt OL og fotball-VM og har brukt det for å førebu seg til krig. I Qatar er mange av papirreformene døde, dei har til og med hatt folkeavstemming om å bli mindre demokratiske, seier Selliaas og legg til:

Han var sjølv to gonger i Saudi-Arabia i 2024. Der snakka han med fleire og fekk sjå korleis dei lever.

– Det hadde vore interessant å ta ein tur til Saudi-Arabia saman med Gulden utan at det var organisert av nokre andre enn oss to, reist rundt for å teste mange av påstandane hans. Eg er sikker på at begge to ville fått eit anna syn på Saudi-Arabia.

Publisert 28.01.2025, kl. 17.38

Read Entire Article