Denne artikkelen er produsert og finansiert av Tannhelsetjenestens kompetansesentre - les mer.
Munnhelse er sterkt kopla til generell helse. Difor ville forskarar gjere det enklare for helsepersonell å følgje opp munnen.
Det er ikkje vits å byrje med ein app viss den ikkje blir brukt. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
Stadig fleire eldre har sine eigne tenner no enn før. Der dei eldre tidlegare kom inn på sjukeheim med gebiss, kjem dei no oftare inn med naturlege tenner, kanskje med nokon implantat, bruer eller delvis gebiss.
Implantat, bruer og gebiss er ulike typar erstatningar av ein eller fleire manglande tenner.
Dette gjer at personellet på sjukeheim møter nye utfordringar når dei skal ta vare på tannhelsa til bebuarane.
Munnhelse for eldre
Nokre bebuarar får dårlegare munnhelse etter at dei sjølv ikkje klarar å ta vare på tennene sine. Særleg viktig er dagleg tannpuss og reingjering av protesar.
Den hyppigaste dødsårsaka på sjukeheim er lungebetennelse. Dette er tett knytt til dårleg munnhelse, fordi bakteriar i munnen kan komma ned i lungene.

Enes Karamehmedovic er tannlege og tek doktorgrad ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland. (Foto: Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland)
For å prøva å gjera noko med dette ville ein gjeng forskarar i Stavanger sjå på om ein app kunne vere løysinga.
– Me veit at munnhelse er tett knytt til generell helse, så me må sjå på heilskapen. Likevel er dette med munn og tenner så kopla frå resten av helsa. Difor ville me gjere det enklare for helsepersonell å kunna følgja opp munnen, seier Enes Karamehmedovic.
Karamehmedovic er tannlege og tek ein doktorgrad om munnhelse for eldre.
SmartJournal
Appen som skulle bli testa inneheld tre delar: Dagleg registrering av munnstell, månadleg sjekk av munnen og ein e-læringsdel.
På denne måten kan sjukeheimspersonell registrera det dei får gjort av munnstell og følgja med på om det skjer endringar i munnen, som utvikling av sår, soppinfeksjonar eller liknande. I tillegg kan dei lære meir om munnhygiene og sjukdommar i munnen, og kva dei til dømes kan gjere om ein bebuar motsett seg tannpuss.
Men det er ikkje vits å byrje med ein app viss den ikkje blir brukt.
– Det første målet var difor å sjå om sjukepleiarane synest at det var nyttig å bruke SmartJournal. Om dei ikkje hadde lyst, og det berre hadde blitt oppfatta som ekstraarbeid, ville jo ingen kome til å bruke det, seier Karamehmedovic.
For at ein app skal bli brukt er det som regel to ting som må vere til stades:
1. Den må vere nyttig.
2. Den må vere enkel å bruke.
Ville sjukeheimspersonell bruke appen?
For å sjekka om dei tilsette ville bruke appen, gjorde forskarane ein moglegheitsstudie. Det er ein slags forstudie for å sjå om det er praktisk mogleg å gjere noko i større skala. Det ville det ikkje vore dersom ikkje sjukeheimane ynskja å bruke applikasjonen.
I studien testa dei difor appen i bruk. I etterkant sende dei ut eit spørjeskjema til alle tilsette, og bad dei svare på spørsmål kring appen.
– Dei tilsette svara at dei brukte to minutt på dagleg sjekk og fem minutt på månadleg sjekk, og dei opplevde at e-læringsdelen var nyttig for bebuarane. Altså såg dei verdien av appen, seier Karamehmedovic.
I tillegg fann forskarane ut at det var eit fåtal av dei tilsette som gjorde månadleg sjekk.
– I intervju forklarte sjukeheimspersonellet at den månadlege sjekken var blitt gjort av eit fåtal av sjukepleiarane, fordi dei måtte ha litt meir kunnskap om munnhelse for å gjere den. Desse hadde også ansvar for å læra opp andre kollegaer til å gjera månadleg sjekk, forklarar Karamehmedovic.
Munnhelse er tett knytt til generell helse
Karamehmedovic ynskjer meir heilskapleg tanke omkring helse og munnhelse.
– Ofte tenkjer ein på om dei eldre spis godt, søv nok og om dei har god rørsle. Ein tenker likevel sjeldan på munnhelsa. Dette trass i at munnhelsa er knyta saman med helsa generelt, forklarer Karamehmedovic.
Blei munnhelsa betre?
– Det gjenstår å sjå. Det er dette me har sett på i den neste studien me publiserer. Denne gongen var me interessert i å sjå på om dei ville bruke appen, og det ville dei, fortel Karamehmedovic.
Referanse:
Enes Karamehmedovic og Elisabeth Lind Melbye: Acceptance of a Mobile Oral Healthcare Tool Among Nursing Home Caregivers: A Cross-Sectional Study Using the Technology Acceptance Model. Gerodontology, 2025. https://doi.org/10.1111/ger.70011