Nesten sju år har gått siden det danske forsikringsselskapet Alpha Insurance gjekk konkurs. Framleis har 68 nordmenn krav om yrkesskadeerstatning til behandling. Mange av desse har fått avslag av selskapet som har overtatt sakene.
Espen Mørk i Skien er ein av dei som møter sterk motstand i kampen for erstatning.
Han jobba på energikraftverket Melkøya i 2009, og skulle kveile opp slangar frå kompressorar etter endt arbeidsøkt.
– Men det var fullt trykk då eg løyste opp, og då blåste den av meg både øyreklokker og proppar. Trykkluft er ekstremt, seier Espen.
Han var svært nær lydkjelda.
– Ja, det var millimeter, seier han.
Gasskraftverket på Melkøya, der Espen jobba.
Foto: Allan KloFår brei støtte
Ulykka øydela høyrselen såpass at han måtte trappe ned arbeidet. Etter fem år måtte han gje seg heilt. Han slit no med konstant tinnitus.
NAV innvilga for fem år sidan søknaden om uføretrygd på grunn av godkjent yrkesskade.
Legen som skreiv spesialisterklæring i saka levnar liten tvil om at ulykka er årsaka til Espens tinnitus.
Likevel har Espen så godt som gitt opp kampen for å få godkjent kravet om yrkesskadeerstatning frå det konkursråka Alpha Insurance.
Etter konkursen var det skadeoppgjersselskapet Crawford & Company som overtok saksbehandlinga av saka.
NRK har fått innsyn i saka til Espen. I eit brev frå selskapet kjem det fram at dei er «(...) tvilande til om det er sannsynleggjort årsakssamanheng mellom hendinga og skadelidtes vedvarande plager (...)»
– Ville aldri halde i retten
Men med støtte frå legespesialistar, advokat og Fellesforbundet, er det framleis håp om at han skal få innfridd kravet på 3,7 millionar kroner.
Lars Olav Skårberg er advokat i LO og fagjurist på yrkesskadeområdet. Han har meir enn 30 års erfaring med yrkesskadesaker.
Han representerer også Espen i konflikten med Crawford & Company, og reagerer sterkt på saksbehandlinga.
– Dei avslår arbeidstakarane sine krav med faktiske, medisinske og rettslege merknader som aldri ville halde i retten, seier Skårberg til NRK.
Han meiner Alpha-konkursen har vist at arbeidstakarane i praksis ikkje har nokon rettstryggleik ved konkurs i utanlandske forsikringsselskap.
Hevdar dei kjem med alternative fakta
Sjølv om det endelege avslaget ikkje har kome enno, er Skårberg rysta over det Crawford & Company skriv.
– Når dei hevdar at tinnitus ikkje er støyskade, men kjem av muskel- og skjelettplager, eller at det ikkje er skadeleg støy i mekanisk industri, så blir det for meg nokså alternative fakta.
Fleire hundre nordmenn var yrkesskadeforsikra i det danske forsikringsselskapet Alpha Insurance AS.
Advokatar NRK har vore i kontakt med meiner Crawford & Company gir mange urettmessige avslag på arbeidstakarars krav om erstatning etter skader dei er blitt påført «i arbeid, på arbeidsplassen i arbeidstida», som er kravet som ligg i botn.
Kommenterer ikkje enkeltsaker
Crawford & Company skriv i ei e-postutveksling med NRK at dei er eit uavhengig skadeoppgjersselskap, som mellom utfører skadeoppgjer på vegner av konkursbuet etter Alpha Insurance AS:
«Skadeoppgjeret skal gjerast i samsvar med yrkesskadeforsikringslova og etter dei vilkår som gjaldt på tidspunktet for aktuelle skadehending/sjukdomstilfelle».
Selskapet skriv til NRK at dei ikkje vil kommentera påstandar som enkeltadvokatar har kome med i enkeltsaker «...sjølv om vi finn informasjonen støtande».
Men det er altså ikkje berre Skårberg som går hardt ut mot Crawford & Company. Advokat Inger Johansen i Wigemyr advokatfirma i Kristiansand har også ein klient som får det ho kallar uforståeleg avslag på eit klart rettmessig krav.
Advokat Inger Johansen i Wigemyr i Kristiansand.
Foto: Wigemyr– Trass i at vi har lagt fram fleire uavhengige spesialisterklæringar, så avslår dei kravet om erstatning. Og trass i at både rådgjevande lege i NAV, og NAV, anerkjenner dette, er Crawford den einaste som ikkje anerkjenner yrkesskaden frå 2009, seier Johansen.
Ikkje objektive
Ho meiner selskapet ikkje gjer jobben sin skikkeleg.
– Eg oppfattar at dei ikkje har den objektiviteten og den kvaliteten på saksbehandlinga som ein kan forvente i denne situasjonen.
Ho seier vidare at det i advokatmiljøet no blir snakka om at «alle får avslag».
– Og ein oppfattar at Crawford tenkjer om sitt mandat at dei skal drive tapsavgrensing for dette konkursbuet, seier advokat Inger Johansen i Wigemyr.
Støtte frå Fellesforbundet
Faglege sekretær i Fellesforbundet, Halvor Skåttet (t.h.), står framleis på for at Espen skal få yrkesskadeerstatning.
Foto: NRKFellesforbundet har heile tida stått på for det dei meiner er Espens rettmessige krav på erstatning.
Fagleg sekretær Halvor Skåttet meiner Crawford & Company leitar etter alterative årsaker til skaden Espen slit med.
– Dette gjer dei trass i at det er dokumentert at det er ei brå og uventa hending som har oppstått. Det er rett og slett jævlig dårleg gjort, for å sei det rett ut!
Crawford & Company vil altså ikkje stille til intervju med NRK, men skriv i ein e-post at sakene etter Alpha Insurance AS ikkje skil seg ut frå tilsvarande saker.
«Saksbehandlinga av yrkesskadeforsikringssaker kan innehalde komplekse medisinske og juridiske problemstillingar, og i enkelte saker vil vurderingane innebere at selskapet ikkje ser på krav som blir lagt fram som dekningsmessig grunna til dømes manglande årsakssamanheng».
NRK har bedt om å få oversikt over kor mange krav som endar med utbetaling og kor mange som endar med avslag. Den informasjonen har verken Crawford & Company eller advokaten som handterer konkursbuet i København gitt oss.
Publisert 11.02.2025, kl. 07.26