– Det er eit slag i trynet, for å seie det slik, seier Siv Elise Seland.
Ho driv og eig det norske klesmerket Woodling saman med mor si.
– Eg vart veldig overraska, for vi trudde jo at vi hadde ein tollsats å forhalde oss til. Når det no viser seg at det nesten blir det dobbelte, så påverkar det oss enormt, seier Seland.
Norske ullprodukt frå Jæren.
Foto: Styrk Eikemo / NRKTorsdag kom det for ein dag at norske varer ikkje berre får ein tollsats på 15 prosent inn i USA, slik mange til no har fått inntrykk av.
Tollsjokk
15 prosent kjem på toppen av allereie eksisterande tollsatsar, den såkalla MFN-tollen.
Det var Dagens Næringsliv som i går fortalde at Noreg har blant Europas dårlegaste vilkår med USA.
For klesprodusentar slår det kanskje aller verst ut. For klede vil regnestykket nemleg kunne sjå slik ut: 15 prosent + 11,7 prosent. Altså 26,7 prosent.
Nyheita torsdag har skapt forvirring og uro hos mange eksportbedrifter, då regjeringa fleire gonger har sagt at Noreg ikkje kjem dårlegare ut enn EU-land.
Flytta produksjonen heim til Noreg
I to år har Woodling planlagt å lansere ein ny kolleksjon i samarbeid med artisten Anna of the North i nettopp USA.
I oktober skal dei ut med den første satsinga mot den amerikanske marknaden.
Produsert i Noreg med norsk ull. No er Woodling innhenta av handelspolitikk.
Foto: Lotte Thor / Woodling– Dette endrar våre vilkår radikalt. Vi må sjå korleis vi kan hente dette inn i både våre marginar og i prisane ut til den amerikanske kunden. Det vil jo gjere vår merkevare mindre konkurransedyktig, seier Seland.
Før 2021 produserte Woodling alle kleda sine i utlandet. Både i EU-landa Estland og Portugal, men også i Kina og India. Men sidan har dei flytta omtrent 80 prosent av produksjonen heim.
Merkevaresjef Mari MacRae i låven der kleda produserast.
Foto: Styrk Eikemo / NRKLåven på familiegarden i Undheim på Jæren har blitt omgjort til produksjonslokale, og sju toppmoderne strikkemaskiner og over 11 tilsette er i sving.
Difor er det spesielt bittert at EU har landa ein tollavtale med USA kor tolltaket er på 15 prosent.
– At vi no kjem i ein situasjon kor vi kanskje må revurdere om det er lettare for oss å produsere i EU. For at produkta våre skal ha betre vilkår og konkurransedyktigheit. Det er veldig paradoksalt, faktisk, seier Seland.
– Vil dokke undersøke moglegheitene for å ta opp igjen produksjonen i Estland og Portugal då?
– Det må vi vurdere ja, for det som eventuelt skal eksporterast til USA, seier Seland.
Mari MacRae er merkevaresjef i Woodling.
Foto: Styrk Eikemo / NRKFor merkevara deira kan bli mindre konkurransedyktig enn for bedriftene som ikkje produserer i Noreg.
Høg toll på røykt laks og taskekrabbe
Fleire næringar går gjennom tollpapir og prøver å finne ut kva for produkt som blir råka. Så langt har Noregs sjømatråd funne nokre enkeltprodukt som får høgare toll enn 15 prosent.
- Taskekrabbe (22,5 %)
- Marinert sild (19 %)
- Røkt laks (20 %)
- Olje av torskelever (17,5 %)
Taskekrabba har per dags dato USA-toll på 22,5 prosent.
Foto: Jan Gulliksen / NRKMen det er vanskeleg å skaffe seg full oversikt over produkt som får høgare toll enn tidlegare varsla.
Det jobbens hardt i Noregs sjømatråd for å skaffe ein full oversikt over toll på ulike produkt.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Bildet er komplekst, og informasjonen frå amerikansk side er ikkje umiddelbart lett tilgjengeleg, seier direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd.
For sjømatnæringa er det store problemet at konkurrentane i andre land har fått lågare toll.
– Vi har fått stadfesta at land som Færøyene og Grønland har 10 prosent toll, seier administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Noreg.
Frykta er at næringa vil miste store deler av det amerikanske marknaden.
Kritiserer regjeringa
Fleire parti har reagert på regjeringa sin kommunikasjon kring USA-tollen.
For ei veke sidan, då USA varsla om tollnivået, sende Nærings- og fiskeridepartementet ut ei melding til fleire redaksjonar, om at næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) kunne bli sitert på følgjande:
– Noreg har no fått ein tollsats på 15 prosent.
– Eg syns det er veldig rart at regjeringa har skapt et inntrykk av at Noreg og EU har same avtale med USA. Så viser det seg at våre 15 prosent kjem på toppen av de ordinære tollsatsane, sa Nikolai Astrup til NRK etter at nyheita vart kjent.
Inntil vidare vel Woodling å vere optimistar.
Seland håper regjeringa gjer alt dei kan for å lande ein betre avtale med USA, i det minste at tollsatsane blir lik den EU-landa har.
– Det gjer det enormt mykje meir krevjande når vi ikkje stiller på same grunnlag og har dei same rammevilkåra som våre konkurrentar. Det følast litt urettferdig og tungt akkurat no, seier Seland.
Publisert 08.08.2025, kl. 18.50