– Trass i omfattande dialog mellom partane har det ikkje lukkast å kome fram til ei berekraftig løysing, og selskapet står no utan evne til å handtere situasjonen vidare, seier styreleiar i Brødrene Aa, Gustav Johan Nydal.
Han legg til:
– Styret beklagar dette djupt overfor dei tilsette, kundane og leverandørane våre.
Permisjonsspøkelset har kvilt over Hyen i Nordfjord heilt sidan begynninga av april da Norled kansellerte den første av tre kontraktar med båtbyggaren.
6. mai kom nyheita om at ferjeselskapet kansellerer alle kontraktane på tre nye hybrid-elektriske passasjerbåtar.
Bakom kanselleringane ligg problem med batterisystem, automasjonskomponentar og propellanlegg, som i praksis gjorde at den fyrste båten (MS «Tyra») ikkje heldt den farten som ferjereiaren forventa.
Totalt hadde dei tre kontraktane ein verdi på nærare ein halv milliard kroner.
Skaper bølger i lokalsamfunnet
Etter tre veker med intensive forhandlingar fekk 170 tilsette beskjed om at dei ikkje lenger har ein jobb å gå til.
Verftet er blant hjørnesteinsbedriftene i Gloppen kommune, og oppseiingane skaper bølger langt inn i lokalsamfunnet.
– Vi går inn i ei sårbar og utrygg tid, seier Eldar Rønnekleiv, som driv Joker-butikken bygda.
Melding om oppbod vert send til Fjordane tingrett. Retten vil no behandle saka og utnemne bustyrar som tek over forvaltninga av selskapet.
– Vi gjekk tomme for pengar. Det er sterkt beklageleg. Vi trudde vi skulle kome fram til ei løysing og har vore optimistar heile vegen. Men det blei til slutt for mange lause trådar, seier styreleiar Gustav Johan Nydal til Firdaposten.
Foto: Westcon Yards FlorøPublisert 30.05.2025, kl. 13.34