Bak indieduoen Konradsen finn me vokalist og pianist Jenny Marie Sabel og multiinstrumentalist Eirik Vildgren.
Sidan debutalbumet «Saints and Sebastian Stories» (2019) har dei markert seg som ei distinkt stemme på den norske musikkscena, mykje på grunn av det detaljerte og organiske lydbiletet deira, akkompagnert av Sabels såre vokal.
Det er freistande å kalla musikken til Konradsen for heimsøkt. Ikkje fordi det er noko ubehageleg over han, men fordi han er den typen musikk som set seg i kroppen og aldri heilt forlèt deg når du først har opplevd han.
«Hunt, Gather» inviterer mentale gjenferd inn i varmen på ein måte som, trass i å vera skremmande, er velkomen. Tvil, tru og ambivalens dansar spøkjelsesvals rundt hjernen til lyden av vakre melodiar.
Smertefullt, men ikkje vondt
Om ein har teke dei rette vala opp igjennom livet er ein tanke som kan få sjølv den mest hardbarka til å liggje vaken om nettene. Frykta for kva livet bringar i framtida kan vera minst like uuthaldeleg.
Gjennom 27 minutt møter Sabel og Vildgren for- og framtida med opne armar, og omfamnar uvissa som ein gammal ven ein ikkje har møtt på lenge.
Sabels treffande lyrikk, Vildgrens dimensjonerte lydbilete og begges stadigheit som artistar gjer at «Hunt, Gather» aldri blir opplevd som pessimistisk, trass i tidvis tung tematikk.
Albumet opnar med den instrumentale «There Is Life in Us», og me blir raskt introduserte for ei slags gjer-det-sjølv-tilnærming til musikk kor støy, omgjevnadslydar og knitring speler ei stor rolle.
Når dette sklir over i tittellåten «Hunt, Gather» og Sabel byrjar å syngja, skjønner ein kjapt at ein har noko godt i vente. Det einaste store problemet med albumet er at det er altfor kort.
Albumcover for «Hunt, Gather»
Foto: Marthe Thu / promoPiano, akustisk gitar, stålgitar, fløyte, harpe og blåse- og strykeinstrument bidreg til at «Hunt, Gather» sonisk er komplekst og variert, utan at det går på kostnad av at det er behageleg å lytte til.
Samarbeid i idyll
Det er fleire positivt lada adjektiv ein kunne ha brukt for å beskrive albumet, men om ein skal koka heilskapen ned til det essensielle, så er «Hunt, Gather» menneskeleg. Slik kjensler kan endrast på sekundet, er musikken prikk lik.
«Efficiency», med Noregs soulprins Beharie som gjesteartist, byrjar lågmælt før Beharie detonerer sprengladningen som er refrenget, eitt minutt ute i låten. Samtidig blir dei meir bråkete partia opplevd like innbydande som dei rolege.
Beharie er ikkje den einaste som bidreg til at «Hunt, Gather» er meir mellommenneskeleg enn tidlegare utgivingar.
På «Nick of Time» bidreg Gia Margaret med vakker harmonisering, medan Bruce Hornsby og Angie McMahon hjelper med å gjera «What I Aim For» til den mest dansbare låten til albumet. Ta likevel dette med ei klype salt.
På alle låtane er det ulike musikalske detaljar og teksturar som gjer at «Hunt, Gather» aldri blir opplevd som repeterande, sjølv om fleire av låtane deler mykje likt.
Denne eigenskapen skil roleg musikk frå kjedeleg musikk, og Konradsen har den ut i fingertuppane.
Nesten heilt perfekt
På 27 korte minutt inviterer Konradsen lyttaren inn i eit miniunivers av musikalske og kjenslemessige svingingar, med utgangspunkt i korleis det å bli vaksen kan vera like fangande som forløysande.
Det å stå med ein fot i sitt tidlegare liv og ein i sitt nye, er eit stort sprang – samtidig som det er eit lite steg. Denne dualiteten utforskar Konradsen godt på «Hunt, Gather». Av same grunn er det ikkje alltid like lett å forstå kvar albumet skal hen.
Element blir introduserte for så å aldri bli brukte igjen, eller så får vi eit glimt av ein melodi ein gjerne skulla hatt meir av. Ofte er låtane, som eit menneske, nesten komplette.
Feedback på «Rain On Me», ukonvensjonelle taktar på «Rock The Cradle» og elektronisk glitch på «Dry Spell» er blant det som gjer «Hunt, Gather» til eit album i konstant dynamikk.
Reint tematisk er dette ei fabelaktig spegling, men det blir også opplevd iblant som lite tilfredsstillande. Som eit crescendo som aldri blir avløyst, er «Hunt, Gather» plutseleg berre ferdig.
Publisert 27.03.2026, kl. 08.00

















English (US)