Konflikten i det politiske miljøet i Sogndal har tilspissa seg dei siste to vekene. Etter nær eitt år meiner Høgre at det er uråd å halde fram det formaliserte samarbeidet med Arbeidarpartiet.
Bakgrunnen er eit oppslag i Sogn Avis laurdag, der ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) erkjenner å ha avlytta andre politikarar og kommunedirektøren – og at han er utsett for ei svertekampanje av sine politiske motstandarar.
Opptaka skal ha skjedd då ordføraren sjølv var ein del av telefonsamtalen, og ein samtale der han ikkje var med, men vart omtala.
I dag ønsker ikkje ordførar Ølmheim å kommentere saka.
Laurdag vedgjekk ordføraren at han har teke opptak av ein samtale mellom kommunedirektøren og sine politikarkollegaer bak lukka dører.
Ølmheim reagerte sterkt på at han ikkje var ein del av møtet.
– Når ordføraren gjer teknisk avlytting av samtaler han ikkje deltek i, er ikkje dette berre langt over grensa, men også eit alvorleg tillitsbrot mot dei involverte. Det er vanskeleg å ikkje kjenne seg mistenkeleggjort, overvaka og utlevert, skriv Høgre i pressemeldinga.
Varaordførar Gunnhild Bøyum (H) trekk seg no frå det formaliserte samarbeidet med Arbeiderpartiet i Sogndal.
Foto: Enya Heggestad / NRK– Mogleg lovbrot
Ved valet i 2023 inngjekk Sogndal Høgre eit valteknisk samarbeid med Arbeiderpartiet, Frp og KrF.
Leiinga i Høgre tek no til orde for at opptaket mogleg er eit lovbrot.
Sogndal Høgre kallar det eit tillitsbrot og skriv at det blir for krevjande å halde fram med eit fleirtalssamarbeid.
Også kommunedirektøren i Sogndal, Tor-Einar Holvik Skinlo, reagerer kraftig på overvakinga.
Skinlo seier han har eit ansvar for å ta vare på arbeidsmiljøet til dei tilsette og vil søke bistand til kva tiltak som eventuelt bør setjast i verk.
– Bruk av skjulte opptak slik det vert omtala i saka, gjer at arbeidsforholda mine er krevjande og at eg ikkje har eit trygt arbeidsmiljø. Eg får også tilbakemelding frå organisasjonen om at dette påverkar arbeidskvardagen og enkelte seier rett ut at dei vurderer om dei skal halde fram i kommunen.
Det har over lengre tid vore mistru og dårleg stemning mellom kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo (til venstre) og ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap).
Foto: Sondre Dalaker / NRKManglande tillit
Over tid har det kome fleire oppslag om manglande tillit mellom ordføraren, varaordføraren og kommunedirektøren i Sogndal.
Ein strid som har teke fokus vekk frå politikk og ført til heftig meiningsutveksling på sosiale medium.
Ei hending som eskalerte konflikten skjedde på tampen av eit møte før jul i fjor.
Då fekk ordføraren vite av kommunedirektøren at det har kome ei bekymringsmelding, etter at ein tidlegare kollega hadde ringt og påstått at ordføraren har eit rusproblem.
Ordføraren reagerte sterkt både på varselet og måten det skjedde på.
I ettertid har han meint at det har vore eit samarbeid mellom kommunedirektøren, og fleire av dei andre partia – mellom anna Høgre.
Kommunedirektør Skinlo seier dette om handteringa av saka.
– Intensjonen min som kommunedirektør har vore å handtere den omtala saka formelt riktig og på ein måte som tek i vare alle involverte partar. Eg søkte difor også råd frå ekstern advokat, før dette vart teke opp. Eg beklagar at ordføraren ikkje har hatt ei god oppleving.
Får støtte
Eitt av dei andre partia som har vore med i samarbeidet gir ordføraren full støtte. Gruppeleiar Rita Navarsete (Frp) går langt i å forsvare at opptaka var naudsynte, og meiner Ølmheim «ikkje hadde noko val».
– Kva står det i samfunnsplanen til Sogndal kommune? Ein open kommune? Og så skal dei sitte bak lukka dører med hemmelege møte, der ordføraren faktisk ikkje skal vere med? Det er ikkje greitt. Eg støttar ordføraren i det han gjorde.
Leiar i Sogndal Arbeiderparti, Henny-Kristin Asperanden Navarsete, seier ordføraren har full tillit i partiet.
– Arbeiderpartiet har stor respekt for korleis vår partikollega og ordførar har handtert den veldig krevjande situasjonen som har oppstått i Sogndal. Han har vår fulle støtte, og vi ber om at alle som har bidrege til å spreie skuldingar som råkar hans person og posisjon, sluttar med dette.
Kan vere ulovleg
Jussekspertar NRK har snakka med har litt ulik tilnærming til om opptak som dette er ulovleg eller ikkje. Fleirtalet heller mot at det kan vere ulovleg.
– Avgjerda forbyr å gjere opptak av samtalar ein sjølv ikkje deltek i. Det er ikkje noko unntak for samtalar som handlar om ein sjølv. Dermed blir ordføraren sitt opptak råka av straffelova, seier jussprofessor Hans Petter Graver.
Jussprofessor Hans Petter Graver meiner avlyttinga kan vere ulovleg.
Foto: NRKProfessor i rettsvitskap, Morten W. Tvedt, er samd.
– Er ein ikkje sjølv del av ein samtale, har ein ikkje rett til å gjere hemmeleg opptak av ein samtale. Slik saka er framstilt verkar det som om at deltakarane ikkje visste om opptaket, då er opptaket som utgangspunkt ikkje lovleg.
Jussprofessor Tarjei Bekkedal ser noko annleis på det.
– Forholdet er ikkje straffbart. Det er forskjell på å lytte og å avlytte. Og ein må ta heile situasjonen i betraktning. Opptaket er ein del av ein politikerkrangel. Det høyrer ikkje heime i rettsvesenet og blir ikkje løyst av politi og domstolar. I arbeidslivet vil slike lydopptak vere illojale og kan føre til oppseiing. Spelereglane er andre for politikarar.
Professor ved Universitetet i Bergen, Anne Lise Fimreite, seier at det ikkje er uvanleg i seg sjølv at eit valteknisk samarbeid blir oppløyst i løpet av ein periode.
– Det som blir avgjerande er at ein finn saman i ein annan koalisjon som kan få fleirtal. Då får ein stødigare styring, enn om partia må samarbeide frå sak til sak.
Professor ved Universitetet i Bergen, Anne Lise Fimreite, seier det er ikkje uvanleg at valtekniske samarbeid blir oppløyste i løpet av ein periode.
Foto: Sissel Rikheim / NRKPublisert 10.12.2024, kl. 11.21