Danmark: No startar maktkampen

3 days ago 8


Mette Frederiksen er den fyrste som får i oppgåve å danna regjering i Danmark etter tysdagens val.

Onsdag ettermiddag vart ho utpeikt som såkalla «kongeleg undersøkar» av kong Frederik i et møte på slottet Amalienborg. Det melder kongehuset.

Den kongelege undersøkaren får i oppgåve frå den danske monarken å forhandla fram ei ny regjering.

Det er ofte den påtroppande statsministeren som får denne oppgåva. Det er dei ulike partia som stemmer over kven som får ho.

Ifølge kongehuset bad partia Socialdemokratiet, Socialistisk Folkeparti, Enhedslisten, Radikale Venstre og Alternativet om at Mette Frederiksen skulle leia forhandlingane.

Ho skal no prøva å danna regjering med Socialistisk Folkeparti og Radikale Venstre.

Dette skjer vidare

Synest du det danske valet er komplisert? Les vidare!

Ikkje klart fleirtal

Båe høgresida og venstresida manglar fleirtal etter tysdagens val.

Korleis den nye regjeringa vil sjå ut, er framleis uklart.

Høgresida enda med 77 mandat, medan venstresida enda med 84. Det krevst 90 mandat for å få fleirtal i Folketinget.

Oversikt over prosentfordelingen i valget i Danmark

Resultatet etter valet.

Grafikk: dr

Dagens regjering har vore danna på tvers av politiske blokker med eit samarbeid mellom venstresidas Socialdemokratiet, høgresidas Venstre og sentrumspartiet Moderaterne.

No er det slutt for den såkalla SVM-regjeringa.

Troels Lund Poulsen, leiar for Venstre og visestatsminister, utelukkar å gå inn i ei ny regjering med Socialdemokratiet.

En gruppe politikere, inkludert statsminister Mette Frederiksen, går mot kamera. De er samlet foran en bygning. Flere fotografer og pressefolk er til stede. Det ligger snø på bakken. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mette Frederiksen, flankert av utanriksminister Lars Løkke Rasmussen t.h. og tidlegare visestatsminister frå Venstre Jakob Ellemann-Jensen då dei danna regjering i 2022. Dette bildet ser me truleg ikkje i år.

Foto: Mads Claus Rasmussen/Ritzau Scanpix / Ritzau Scanpix,NTB

Både Socialdemokratiet og Venstre leier kvar si blokk og vil danne regjering om deira side får fleirtal.

Dette vert avgjerande

Sentrumspartiet Moderaterne, leidd av utanriksminister Lars Løkke Rasmussen, fell også tilbake. Partiet står i midten av dei to blokkene og får 14 mandat.

Kven dei vel å støtte, vil dermed verta avgjerande for kven som får fleirtal.

Noverande statsminister Mette Frederiksens parti Socialdemokratiet gjorde eit historisk dårleg val med ei oppslutning på 21,9 prosent – det lågaste sidan 1903.

Også Venstre gjorde sitt dårlegaste val nokosinne med 10,1 prosent.

Mette Fredriksen og Lars Løkke Rasmussen

Noverande statsminister Mette Frederiksen og utanriksminister Lars Løkke Rasmussen.

Foto: NTB

Peikar på seg sjølv

Lars Løkke seier at han er stolt av arbeida til SVM-regjeringa, men også at det no er klart at ho ikkje kan halda fram.

Han peikar på seg sjølv som kongeleg undersøkar.

Berlingske skriv at noverande statsminister Mette Frederiksen førebels har fleirtal blant partia til å bli kongeleg undersøkar.

Men fleire held korta tett til brystet.

En ung mann i dress kommer ut gjennom en åpen, grønn tredør

Alle partileiarane har vore inne hjå den danske kongen i løpet av onsdagen. Her Venstre-leiar Troels Lund Poulsen.

Foto: MADS CLAUS RASMUSSEN / Ritzau Scanpix,NTB

Like etter klokka 10 onsdag føremiddag var Frederiksen hos den danske kongen. Der opplyste ho om at SVM-regjeringa ikkje har fått nok mandat til å fortsette.

Ho har tidlegare uttalt ho vil fortsetta som statsminister. Troels Lund Poulsen i Venstre ynskjer også statsministerplassen.

Utdrag frå talen til Mette Frederiksen etter valet i Danmark

– Kom ned og spel med oss

– Det er berre to moglegheiter for Venstre: å danna ei blå sentrumsregjering eller å sitta i opposisjon, sa Lund Poulsen frå talarstolen.

Han retta ei direkte oppfordring til Lars Løkke Rasmussen:

– Eg synest me skal prøva å danna ei blå sentrumsregjering. Moglegheita er der, Lars.

Rasmussen ser ikkje bort frå samarbeid med partia, og gjer det klart at han ønsker samarbeid.

– Kom til oss. Me står i midten. Dei spring ut til hjørneflagga. Kom og spel med oss, sa partileiaren.

Løkke Rasmussen

Lars Løkke Rasmussen kan ha nøkkelen for kva side som skal styra Danmark.

Foto: Rasmus Flindt Pedersen / Ritzau Scanpix Foto,NTB

Mette Frederiksen har gjort det klart at ho vil samarbeida med Moderaterne, men at ho òg vil halda fram som statsminister.

Om Rasmussen får det som han vil, og det vert danna ei regjering med Moderaterne, vert det motsett av det veljarane har ønskt seg, ifølge valforskar Johannes Bergh.

  • Blond mann i blå dress, folk i bakgrunnen

    Johannes Bergh

    • Jobbar ved Institutt for samfunnsforsking
    • Forskingsleiar for politikk, demokrati og sivilsamfunn
    • Leiar av Stortingsvalundersøkinga

– Veljarane har signalisert at dei anten går til partia til høgre eller venstre og ikkje dei partia som har styrt til nå.

Venstrepartiet Socialistisk Folkeparti går fram 3,3 prosentpoeng, medan høgresidepartiet Dansk Folkeparti går fram med heile 6,5 prosentpoeng.

Les NRKs politiske kommentators kommentar om valet:

Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til Urix her:

Publisert 25.03.2026, kl. 17.20 Oppdatert 25.03.2026, kl. 18.00

Read Entire Article