Meir brøling er det siste vi trenger i norsk politikk.
Stortingsrepresentant (Ap)
Eg vil ikkje at norsk politikk skal bli som i USA — der ein berre står og brøler si eiga meining mot motstandaren.
Vi har ulike løysingar og ulike prioriteringar, men vi lever i eit land der det framleis er mogeleg å møtast — og lytte til kvarandre.
På TikTok har fleire i Noreg gjort forakt om til levebrød. Meiningsmotstandarar blir stempla som landsforrædarar med skjulte agendaer.
Dette får barn og ungdom med seg.
Når eg besøker ein skuleklasse, og elevane spør meg om dei politiske motstandarane mine, er det ei god anledning til å snakke om skiljeliner i politikken.
Det finst jo saker eg både brenner for og er forbanna på.
Men her er det viktigaste eg kan dele med dei: «Dei som eg er ueinige med, er fine folk.»
Nokre gonger går eg ut av debattstudio og tenkjer at motstandaren min hadde eit godt poeng. Det kan eg bli flinkare til å seie — også medan vi framleis er på lufta.
Når vi ser korleis demokratiet blir rive ned i stadig fleire land, har vi ikkje lenger råd til å ta den norske modellen for gitt.
Meir brøling er det siste vi trenger.
La oss ta vare på tradisjonen vår om å møte kvarandre med respekt.