Butikkhyller over heile landet blir for tømde for sjokoladen som er fylt med ein kombinasjon av pistasjkrem, tahini og kataifi.
– Alt er heilt utseld, og salet har vore utruleg bra, fortel assisterande butikksjef i Normal Førde, Malin Isabel Olsen.
Ho har opplevd å gå tom for Dubai-sjokolade berre ein time etter at lageret har blitt fylt opp. Olsen meiner at det sosiale mediet TikTok har mykje av æra for den store etterspurnaden.
– Det har nok gått viralt på TikTok, og då vil folk kome for å prøve sjokoladen.
Assisterande butikksjef i Normal Førde, Malin Olsen, fortel at sjokoladen vart fort utseld.
Foto: Hans Wolff Ness / NRKFølgjer trendar
Det er ikkje berre butikkar som Normal som sel den ettertrakta sjokoladen. Mohmmod Idris Ali som driv butikken Best Asia Bazar, fortel at den har ut fleire gonger på kort tid.
– Folk kjem ofte inn for å kjøpe han, seier han.
Mohmmod Idris Ali driv butikken Best Asia Baza, der er dei opptekne av å følgje dei nye trendane.
Foto: Pia Sofie Ådna / NRKÅ selje eksklusive varer som Dubai-sjokolade er ikkje uvanleg for Idris Ali. Han følgjer med på trendar frå sosiale medium og bestiller inn varer han ser folk spør etter.
– Vi har mange slike TikTok-produkt. Vi tar inn varer som smakar godt og som er populære, forklarar Idris Ali.
No sel dei sjokoladeplata for 199 kroner, men Idris Ali trur prisen vil gå ned etter kvart.
– Eg trur han vil falle snart, men akkurat no er etterspurnaden stor, seier butikksjefen.
Men har folk eigentleg prøvd sjokoladen?
Hans Wolff Ness / NRK
Emilian Moldestad (18)
– Hæ, kva er det? Det høyrast ut som noko rikmanns sjokolade.
Hans Wolff Ness / NRK
Kristine Aas (51)
– Den har eg høyrt at skal vere veldig god gjennom sosiale medium, men eg har ikkje smakt den.
Hans Wolff Ness / NRK
Iman Saydulaeva (18)
– Eg fekk høyre om den gjennom venner og slektningar. Eg har smakt den og den er ganske god, men eg synast den er litt for dyr.
Hans Wolff Ness / NRK
Tage Hetland (24)
– Den har eg aldri høyrt om. Det høyrast ut som den kan ha noko med karamell å gjere.
Dei store som tenar på det
Samfunnsgeografen Karl-Fredrik Tangen, førstelektor ved Høyskolen Kristiania, fortel at store teknologiselskap tener på marknadsføringa av slike produkt.
– No fungerer influensarar som ein slags reklameplakat for forskjellige produkt, og det gjer det vanskelegare for reklamebaserte medium som tidlegare tente pengar på å selje annonseplass. No er det nokre få store selskap som Meta og Google som sit igjen med vinsten, forklarar Tangen.
Han veit ikkje korleis Dubai-sjokoladen vil utvikle seg i Noreg, men han samanliknar fenomenet med sportsdrikken Prime, som vart ekstremt populær for nokre år sidan.
– Mykje av dette handlar om overflatiske forbrukstrendar. Eit klassisk døme er Prime, som vart «hypa» av influensarar. På eit tidspunkt kosta han 50 kroner i butikken og 200 kroner på svartebørsen. Etter nokre månader kunne han kjøpast for berre éi krone i butikken, seier førstelektoren.
Samfunnsgeograf Karl-Fredrik Tangen samanliknar trenden med då sportsdrikken Prime fekk mykje merksemd i 2022 og 2023.
Foto: NRKLiknande tendensar ser vi no med Dubai-sjokoladen. Den store etterspurnaden har skapt eit sjokolademarknad på Finn, der prisane varierer mellom 100 og 300 kroner for 200 gram av denne eksklusive sjokoladen.
Har du prøvd den nye virale sjokoladen?
Publisert 07.02.2025, kl. 14.16