Desse har mest å spare på regjeringa si nye straumordning

6 hours ago 4


– For meg som bor i Kristiansand, så kjem eg veldig heldig ut. Eg kjem til å slå til når den blir aktuell, seier Fred Eliassen om fastprisen.

Fred Eliassen fra Kristiansand.

Fred Eliassen trur også han vil gå for Norgespris på hytta si på Hovden.

Foto: Lilli Storrønningen / NRK

Skal ein velje å halde på dagens straumstønad, eller gå for Norgespris?

Frå 1. oktober kan alle straumkundar og fjernvarmekundar binde seg til ein fastpris på 40 øre kilowattimen pluss moms ut 2026, om regjeringa får det som dei vil.

Eller så kan ein bli ståande på straumstønaden.

Vil det løne seg?

Ja og nei.

Det er sørnorske husstandar (NO1, NO2 og NO5) den først og fremst er retta mot, og som har mykje å spare på å velje Norgespris, ifølgje kraftanalytikar Olav Botnen.

– I Midt-Norge er det litt meir i eit grenseland mellom at det løner seg og ikkje. Og i Nord -Noreg er det framleis lønsamt å stå utanfor denne Norgespris-ordninga, seier Botnen.

Årsaka til at det vil kunne løne seg for folk sør for Dovre er denne, ifølgje kraftanalytikarar:

Spotprisen her ligg an til å hamne på kring 60 øre i snitt i 2026. Og på vinteren, når vi også brukar meir straum på å halde varmen, er prisane enda høgare.

Olav Botnen kraftanalytiker i Volt power analytics.

Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytics trur sjølv han vil velje Norgespris, om og når den kjem.

Foto: Erik Wiig Andersen

– I Sør-Noreg har ein vinterprisar på rundt 90 øre kilowattimen, og då er 40 øre kilowattimen ein solid rabatt, seier Botnen.

Skulle straumprisane på ny gå skikkeleg i taket, garanterer likevel energiminister Terje Aasland overfor NRK at Norgesprisen blir ståande på 40 øre kilowattimen ut 2026.

Både Botnen og kollegaen hans, kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt, råder uansett folk til å vente med å ta valet om Norgespris så nær 1. oktober som råd – fordi framtidsprisane i marknaden kan ha endra seg til den tid.

Må eg binde meg til Norgesprisen?

Ja, det må du.

Går du for Norgespris frå 1. oktober, så vil du måtte betale 40 øre kilowattimen pluss moms kvar time heilt ut 2026. Påslag og nettleige kjem også på toppen.

I 2027 vil Norgesprisen bli justert, og ein kan velje på nytt om det er aktuelt. Og så bind ein seg fram til neste årsskifte, før prisen justerast igjen. Ordninga skal vare ut 2029 (og straumstønadsordninga blir forlenga like lenge).

Ein har også ein angrefrist på 14 dagar etter å ha inngått ein Norgespris-avtale.

Men alle som har planar om å flytte eller selje, bør tenke seg om. Går du for Norgespris, må du selje i hus eller leilegheit med fastpris på kjøpet.

– Bindinga ligg til målepunktet, det er for at vi skal klare å administrere ordninga. Det er ei viktig avklaring, men samstundes meiner eg at den som kjøper bustaden også vil ha fordel av Norgespris ut det året, seier energiminister Aasland.

Huset er ein ting, men kva med hytta?

I motsetnad til straumstønaden, så vil Norgespris også gjelde for hytter og fritidsbustader.

Her er spørsmålet om du har ei sommarhytte eller ei vinterhytte, ifølgje kraftanalytikar Lilleholt.

Tor Reier Lilleholt

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Sommarprisane i Sør-Noreg er ikkje så langt over 40 øre i marknaden, så det er det eit spørsmål om det er lønsamt å gå for Norgespris, om du berre har eit stort straumforbruk om sommaren, seier Lilleholt.

Kan ein bruke så mykje straum ein vil?

Nja.

  • Hus og leilegheiter kan bruke maks 4000 kilowattimar i månaden.
  • Hytter og fritidsbustader kan bruke maks 1000 kilowattimar i månaden.
  • Straumstønaden blir også justert ned frå eit tak på 5000 kilowattimar til 4000.

Ifølgje kraftanalytikarane så vil det for dei aller fleste hus og heimar i praksis bety at ein kan bruke så mykje straum ein gjer i dag.

Du skal ha eit rimeleg stort hus og det skal vere ein svært kald vintermånad dersom ein skal gå over taket på 4000 kilowattimar.

Er dette så lurt da?

Regjeringa har fått kritikk for å setje makstaket for høgt, fordi det ikkje gir insentiv til å spare straum.

Mange meiner at det finst betre løysingar enn både Norgespris og straumstønad.

– Å gi folk tryggleik har vi vektlagt aller øvst i denne samanhengen, seier energiminister Aasland.

– Erfaringane etter tre og eit halvt år med høge straumprisar, er at fleksibiliteten i forbruket er relativt liten. Ja, folk responderer dersom det er 13 eller 8 kroner kilowattimen, men folk brukar stort sett den straumen dei treng for å varme opp huset sitt og lage maten sin. Folk er ganske bevisste.

Terje Aasland i dress og slips

Energiminister Terje Aasland (Ap) vil få med seg Stortinget på å innføre fastprisordninga Norgespris.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Så sjølv om dei no innfører ein fastpris på 40 øre kilowattimen, så meiner han det er all grunn til å spare på straumen.

– Fordi ein får nettleiga på toppen, og dei avgiftene som følgjer med den, seier Aasland.

Brukar ein for mykje straum på visse timar i døgnet, kan ein nemleg ende opp med å betale ganske mykje meir i nettleige.

Kan vi vere trygge på at ordninga blir noko av?

Regjeringa må få fleirtalet på Stortinget med seg for å kunne innføre Norgespris.

Fredag sende dei over sitt forslag, som etter planen skal hastebehandlast på litt over ei veke. Fleire parti er kritiske til den korte saksbehandlingsfristen, ifølgje E24.

Dei komande vekene får vi svar på om regjeringa får med seg stortingsfleirtalet på dette.

Skulle dei det, så er det også ein liten joker om ein kan få Norgespris frå 1. oktober.

«Utvikling og integrasjon av system er tidkrevjande, og det er ein risiko for at systema ikkje er klare innan 1. oktober. I så fall bør det takast sikte på at ordninga trer i kraft så raskt som råd», skriv regjeringa til Stortinget.

Tips!

Har du tips eller innspel til saker om straum og straumpris? Send meg ein e-post.

Publisert 24.05.2025, kl. 16.36

Read Entire Article