Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.
Kan KI støtte den sosiale og emosjonelle utviklinga til elevane? Det ville forskarane ha svar på.
Forskarane Helga Dis Isfold Sigurdardottir (til høgre) og Hege Myhre har studert korleis KI kan styrke barns sosial-emosjonelle ferdigheiter. (Foto: Bjørnar Leknes)
Bruken av kunstig intelligens (KI) i skulen er i rask vekst. Men korleis kan denne teknologien støtte barns utvikling – ikkje berre fagleg, men også sosialt og emosjonelt?
Forskarar ved Nord universitet har undersøkt dette spørsmålet i ein fersk studie, publisert i tidsskriftet Journal of Computers in Education.
Funna viser at KI kan bidra til å styrke evner som empati, samarbeid, sjølvforståing og regulering av følelsar.
– Dette er ferdigheiter som ikkje berre er avgjerande for livskvalitet og relasjonar, men også for læring og meistring i skulen, seier Helga Dis Isfold Sigurdardottir, førsteamanuensis ved Fakultet for samfunnsvitenskap.
Ei ny retning i utdanninga
Studien er del av det internasjonale prosjektet SETCOM og er skriven i samarbeid med forskarane Hege Myhre og Adam Palmquist.
– Digitale verktøy er allereie ein del av kvardagen i skulen. No må vi spørje oss korleis KI kan brukast på ein inkluderande og pedagogisk forsvarleg måte, seier førsteamanuensis Hege Myhre.
Forskarane understrekar at KI ikkje skal erstatte læraren, men støtte læring på nye måtar – særleg når det gjeld å møte ulike behov hos elevane.

Fleire enn berre programmerarar må bestemme korleis KI skal brukast i skulen. Det meiner forskarane Hege Myhre og Helga Dis Isfold Sigurdardottir ved Nord universitet. (Foto: Bjørnar Leknes)
Pedagogar må inn i samtalen
Sjølv om teknologar har stått i front for KI-utviklinga, meiner forskarane at det er på høg tid at også pedagogane blir ein del av utviklinga.
– Det er for få innan lærarutdanninga som kan noko særleg om KI. Men vi som jobbar med barn og unge har verdifulle perspektiv, seier Myhre.
Sigurdardottir legg til:
– KI kjem til å påverke oss meir enn vi anar. Difor må vi som jobbar med barn, utdanning og samfunn også vere med og forme korleis teknologien skal brukast.
Dei viser til døme som forskingsprosjektet NEON, der dataspel basert på ekte historier om psykisk helse blir brukt som læringsverktøy. Slike prosjekt viser korleis teknologi, brukt riktig, kan bidra til både læring og sosial endring.
Viktig å ruste neste generasjon
Forskarane håpar funna deira kan inspirere lærarar, lærarutdannarar og avgjerdstakarar til å sjå potensialet i KI – også utanfor det reint faglege.
– Skulebarn veks opp i ei verd der KI allereie spelar ei stor rolle. Då må vi også ruste dei til å forstå og handtere denne teknologien, seier Sigurdardottir.
Ho meiner det er urovekkjande at så få forskingsprosjekt i Noreg fokuserer på barn og KI.
– Det er nesten hårreisande. Når akademia planlegg framtida, må vi hugse kven ho er for, seier ho.
Eit felles ansvar
Eit sentralt poeng i studien er at implementering av KI i skulen må vere eit lagarbeid. Lærarar, utviklarar, politikarar og forskarar må samarbeide tett.
– Det er ikkje berre programmerarar som skal bestemme korleis KI skal brukast i skulen. Vi treng ei heilskapleg tilnærming, seier Sigurdardottir.
Forskarane viser til mellom andre Inga Strümke, som har vore ei tydeleg stemme for at menneske må ta eigarskap til KI.
– Det handlar om verdiar og politikk. Difor må fagfolk frå alle sektorar delta i utviklinga.
Referanse:
Adam Palmquist, Helga Dis Isfold Sigurdardottir og Hege Myhre: Exploring interfaces and implications for integrating social‑emotional competencies into AI literacy for education: a narrative review. Journal of Computers in Education, 2025. Doi.org/10.1007/s40692-025-00354-1