Det store, bitre brotet

1 week ago 15


Det var få som trudde det nære samarbeidet mellom Donald Trump og Elon Musk ville vare evig.

Men då Musk takka for seg som planlagt, verka det som partnarskapen hadde nådd ein fredeleg, om litt bitter, slutt.

Så dukka forskjellane opp der dei begge likar å kjempe best: på X og Truth Social.

Trump hevdar at Musk ikkje gjekk av, men fekk sparken. Musk hevdar at presidenten er nemnt i rettsdokumenta om seksuallovbrotsdømde Jeffrey Epstein.

Ein tredje innflytelsesrik mangemilliardær, Bill Ackman, er blant fleire støttespelarar som har rykt ut for å mekle.

– Eg støttar Donald Trump og Elon Musk og dei bør gjere fred til fordel for vårt storslegne land, skriv Ackman på X.

Svaret frå Musk var også forsonande:

– Du tek ikkje feil.

Fredag kom det signal om at dei to skulle snakke saman i ein telefonsamtale, først frå Politico og seinare også Fox News.

Men då ABC News spurde presidenten om dette, svarde han at han ikkje var særleg interessert, og kalla Musk for «mannen som har mista vitet».

Dette står på spel

Begge har mykje å tape på å miste samarbeidet seg imellom.

Musk har betalte 275 millionar dollar på presidenten sin valkamp i fjor, og har lova å betale ytterlegare 100 millionar til grupper knytte til presidenten før mellomvalet neste år, ifølge New York Times.

en mann med hatt

Under valkampen i 2024 var Elon Musk ein av Trumps mest uttala støttespelarar. Han betalte store summar for å få presidenten valt inn på nytt.

Foto: JIM WATSON / AFP / NTB

No lurar mange på om desse vil bli utbetalte. Den rikaste mannen i USA har allereie teke ein økonomisk støyt.

Aksjane til elbilprodusenten Tesla fall nemleg 14 prosent, altså 150 milliardar dollar i marknadsverdi, fredag morgon.

Bitcoin-prisar gjekk ned 4 prosent over natta, og den breiare marknaden er også råka, skriv Reuters fredag.

I tillegg er det langvarige romfartssamarbeidet truga.

Kontraktane som er aktive per dags dato mellom Musk-selskapet SpaceX og amerikanske styresmakter, er verd fleire titals milliardar dollar.

Ein av dei gjeld SpaceX sitt romfartøy Dragon. Nasa treng dette for å frakte astronautar, mat og andre forsyningar til Den internasjonale romstasjonen.

en rakett på en utskytningsrampe

Ein SpaceX-romrakett av typen Falcon 9 med Dragon-fartøyet festa øvst.

Foto: BRANDON BELL / AFP / NTB

Musk truga med å avvikle dette då Trump anbefalte å gjere slutt på selskapa hans sine offentlege subsidiar og kontraktar. Nasa avviste på sin eigen konto at Dragon-prosjektet ville stoppe.

– Ok, vi skal ikkje avvikle Dragon, skreiv Musk deretter.

Dette går krangelen ut på

Ordkrigen går i bane rundt Trump sitt forslag til statsbudsjett, som Musk har vore stadig meir kritisk til.

Forslaget blei så vidt godkjent av Representanthuset sist veke og blir no vurdert av Senatet. Den inneheld enorme skattekutt og ei vesentleg auke i forsvarsutgifter.

Innhaldet Musk bryr seg mest om, iallfall ifølge X-innlegga, er kutta i støtte til elbilar og solenergi. Samtidig får subsidiane til olje- og gassindustrien stå.

«Det store vakre budsjettforslaget», kallar Trump det. «Det store stygge budsjettforslaget», skriv Musk.

Han hevdar det vil medføre eit nasjonalt underskot på to og ein halv billionar dollar.

Leiar for representanthuset Mike Johnson (R) på talarstolen med eit skilt der det står "eitt stort, vakkert budsjettforslag"

Leiaren for det republikanske fleirtalet i Representanthuset, Mike Johnson, godkjente statsbudsjettet sist veke med knapp margin.

Foto: KEVIN DIETSCH / AFP / NTB

Trump skriv at Musk «gjekk berserk» fordi styresmaktene ville oppheve fleire fordelar ved å kjøpe elektriske køyretøy.

Musk kom med ei eiga skulding på X, som har fått særleg mykje merksemd:

– Trump står i Epstein-dokumenta. Det er den eigentlege grunnen til at dei ikkje har blitt offentleggjorde. Ha ein fin dag, DJT!

Musk la ikkje fram noko dokumentasjon på koplinga med Jeffrey Epstein.

Trump og Epstein har fleire gongar blitt tekne bilete av saman, men det same gjeld Bill Clinton. Ingen av desse tilfella førte til skuldingar om straffbare forhold.

Fredag ettermiddag står det også ei meiningsmåling festa på toppen av Musk sin X-profil, der over 4,6 millionar menneske har svart.

Han spør om det er på tide å starte eit nytt politisk parti i USA, som «faktisk representerer dei 80 prosentane i midten» av amerikansk politikk.

Difor er Nasa blanda inn

Budsjett-argumenta er truleg ikkje heile historia. Sist helg kom det også ei stor overrasking for romfartssamfunnet.

Jared Isaacman, som dei aller fleste trudde skulle bli den nye sjefen i Nasa, fekk nominasjonen sin trekt av Trump denne veka.

Isaachson, som er milliardær og astronaut, var Musks favoritt til jobben. Dei to har vore nære allierte sidan Isaacman betalte for SpaceX sin første chartertur til verdsrommet.

en mann som står foran en rakett

Jared Isaacman framfor ein Falcon 9-rakett i Hawthorne, California. Isaacman og Musk er nære allierte.

Foto: PATRICK T. FALLON / AFP / NTB

Denne veka skulle nominasjonen hans til Nasa-sjef stemmast over i senatet, men med Trump-administrasjonen si heilomvending var reisa slutt.

Trump har ikkje sagt kvifor, men at det skjedde etter «ein grundig gjennomgang av tidlegare tilknytingar».

Det kvite huset sin assisterande pressetalsperson, Liz Huston, seier til Fox News at det er «essensielt» at den neste Nasa-leiaren «fullstendig passar inn» i Trumps politiske agenda.

Isaacman fortel i nettpodkasten All In at han fekk telefonen sist fredag, om at presidenten hadde bestemt seg for å «gå i ei anna retning».

Han seier at han er takksam for støtta han fekk i nominasjonskampen, og til Trump for den tidlegare nominasjonen.

– Eg har fått ei mykje djupare forståing for kompleksitetane i ei regjering og vekta som våre politiske leiarar må bere på, skriv han i eit innlegg på sosiale medium.

en mann med mikrofon

Isaacman var i verdsrommet sist september for å prøve SpaceX si nye romdrakt. Her er han på ei høyring i senatet 9. april.

Foto: KEVIN DIETSCH / AFP / NTB

– Eg bad han om å gå

Det var heile tida planlagt at Musk skulle avslutte arbeidet sitt for administrasjonen kring desse tider. Fredag sist veke blei han altså takka av i ein seanse med Trump på Det ovale kontor.

Med dette var arbeidet til Musk konkludert som leiar for Effektiviseringsdepartementet (Doge) i USA. Trump skreiv eit innlegg på X der han takka han for strevet.

Men også dette tok ein annan tone torsdag kveld.

– Elon hadde spreidd seg for tynt. Eg bad han om å gå.

en mann som håndhilser på en gammel mann

Sist veke tok dei kvarandre i handa. Trump gav Musk ein gullnøkkel med seglet til Det kvite hus som takk for strevet.

Foto: Nathan Howard / Reuters / NTB

Trump får støtte i sin Musk-kritikk frå fleire i sitt eige parti. Tre kongress-representantar, alle frå Texas, har blitt intervjua av Fox News fredag morgon.

Ein av dei, Troy Nehls, seier at Musk «gjekk for langt» då han hevda at Trump var nemnd i Epstein-dokumenta. Samtidig er han kritisk til arenaen dei slost i, altså sosiale medium.

– Det er berre ikkje noko behov for dette, seier Nehls vidare til den amerikanske nyheitsnettstaden.

– Dei samtalane bør bli haldne bak lukka dører.

Publisert 06.06.2025, kl. 14.09 Oppdatert 06.06.2025, kl. 14.29

Read Entire Article