ÅTVARING: Denne saka røper store delar av handlinga i filmen «Seven».
FREISTING: Det ligg ein quiz i botnen av saka! Juhu!
♦♦♦
I 1995 kom det ein djevelsk (i dobbel forstand) bra film som skremte synda ut av kinogjengarar over heile kloden.
30 år seinare har det blitt laga hundrevis av mørke detektivhistorier for både film og TV. Likevel blir «Seven» framleis rangert som ein av verdas beste thrillerar på nettstaden iMDB.
I år har også ei restaurert utgåve av filmen blitt sett opp på norske kinoar.
Kva er det med «Seven» som fungerer så bra, og korleis klarte regissør David Fincher å lage ein av filmhistorias mest ikoniske avslutningar?
Veit du kva som er i boksen?
I denne saka snakkar vi med sju ekspertar som gir oss sju grunnar for «Seven»s legendariske status.
Ole Berg-Rusten / NTB
Jo Nesbø (forfattar)
– «Nattsvermeren» og «Seven». Berre på grunn av dei to filmane må 1990-talet haldast som ein gullalder etter Hitchcock. 👉SVEIP👉
Haakon Mosvold Larsen / NTB
Erik Skjoldbjærg (regissør)
– Det var ein av Hollywood-filmane som gjorde sterkast inntrykk da eg var i starten av min karriere. 👉SVEIP👉
Thomas Brun
Hilde Susan Jægtnes (manusforfattar)
– «Seven» er eit kompromisslaust bekmørkt meisterverk. Filmen er dødsbra. 👉SVEIP👉
Henriette D�hli / NRK P3
Sigurd Vik (filmkritikar i NRK)
– Den er alt den vil vere. Alle detaljar, alt dei forsøker, får dei til. Estetikk, bodskap, plot, overraskingar. Alt er på stell – alt er gjennomført. 👉SVEIP👉
Kai T. Dragland
Anne Gjelsvik (professor i filmvitskap NTNU)
– «Seven» er eit meisterverk. Ein toler å sjå han flere gongar. 👉SVEIP👉
Montages
Lars Ole Kristiansen (redaktør i Montages)
– «Seven» er ein av dei filmane eg har sett flest gongar. Eg har alltid hatt ei dragning mot filmar som drar det for langt. 👉SVEIP👉
Stian Lysberg Solum / NTB
Ulrik Imtiaz Rolfsen (regissør)
– Det er nokre år sidan eg såg filmen sist, men har sett han mange gongar. Eg kjem tilbake til «Seven» for å stele som regissør :-)
Eit originalt og gyseleg plott
Kort fortalt handlar «Seven» om detektivduoen Mills (Brad Pitt) og Somerset (Morgan Freeman) som jaktar på ein mystisk seriemordar (Kevin Spacey). Filmen er inspirert av dei sju dødssyndene: fråtseri, grådigheit, latskap, utukt, hovmod, misunning og vreide.
Ifølge katolsk teologi er desse syndene det dummaste du kan gjere, fordi dei fører til at sjela di brenn i svarte helvete viss du ikkje angrar.
I filmen tek drapsmannen rolla som gud og drep, på bestialsk vis, ulike menneske som han meiner er skuldige i ei av dødssyndene.
DEI SJU DØDSSYNDENE: Mordaren er svært kreativ når det kjem til drapsmetodar og sørger for at kvart drap passar med synda han meiner offera er skuldige i.
Foto: Warner Bros. DiscoveryHILDE SUSAN JÆGTNES, MANUSFORFATTAR: – «Seven» har så bra plott. Alle brikkene passar perfekt: meisterplanen til seriemordaren, den kristne oppfattinga av helvete, skjærselden og dødssyndene. Innbyggarane i byen overlet seg til synder, og alt går til helvete. Filmen er eit kompromisslaust bekmørkt meisterverk.
LARS OLE KRISTIANSEN, KRITIKAR: – Filmen vender seg til det lågaste i oss, for vi sit heile tida og grugler oss til neste offer. Han er så vedunderleg hesleg. Vi vil at det neste skal vere enda verre enn det første, og regissør Fincher er bølle nok til å overgå publikums forventningar. Det er ein av dei mest utspekulert groteske filmane som finst.
All den jævlige valden du faktisk ikkje ser
Det første og einaste drapet vi ser i «Seven», er i sluttscena. Før det har vi eigentleg berre sett lik og åstader. Likevel blir filmen rekna for å vere svært valdeleg.
ULRIK IMTIAZ ROLFSEN, REGISSØR: – For meg er det det visuelle, foto, scenografi, rekvisittar og art design, som verkeleg står igjen etter å ha sett filmen. Det er detaljane i lika som folk hugsar: han overvektige som har spist seg til døde ...
Ja, akkurat den scena er det fleire av ekspertane som trekker fram som noko av det verste dei nokon gong har sett på film:
HILDE SUSAN JÆGTNES, MANUSFORFATTAR: – Eg hugsar så godt han kjempefeite mannen som hadde spist spagetti frå boks til han drukna i sitt eige spy. Og ikkje minst ho prostituerte som vart skjenda igjen og igjen med knivdildo.
FRÅTSERI: Ein får ikkje akkurat kjempelyst på spagetti etter å ha sett det første offeret til seriemordaren i «Seven».
Foto: Everett CollectionProfessor Anne Gjelsvik skreiv doktoravhandling om vald i fiksjonsfilm på 1990-talet. «Seven» var ein del av hennar materiale, og ho anslår å ha sett han cirka 20 gongar. Gjelsvik forklarer at det er vår eigen fantasi som bidrar til å gjere filmen ekstra jævlig:
ANNE GJELSVIK, FILMVITAR: – Han er smart og utspekulert. Publikum førestiller seg masse som filmen eigentleg aldri viser oss. Dette er eit klassisk skrekkfilm-grep, og den sjangerblandinga (krim/skrekk) er noko av filmens hemmelegheit. Dei lemlesta kroppane gir oss grufulle bilde i hovudet.
Alt er mørkt og trist og drit, heile tida
Noko av det første som slår deg når du ser «Seven», er vêret og mangelen på sol og lys. Det regnar stort sett heile tida, og innandørs har minst 50 prosent av alle taklamper slutta å funke – det er mykje lommelyktbruk.
HILDE SUSAN JÆGTNES, MANUSFORFATTAR: – Det blir smurt uhygge utover skjermen frå start til siste slutt. Det er mørkt heile tida, ikkje eit einaste glimt av håp og lys.
– Men det er vel lyst på slutten av filmen?
– Ja, men det er Guds vreide som lyser over dei. Det er eit miskunnlaust flaumlys. Vi ser at dei myser opp mot sola, men det er ikkje ei bra sol. Det er ei helvetessol.
(Det at det regnar dei første seks dagane, før sola kjem ut på den siste, er ein direkte referanse til «Den guddommelege komedie» frå 1300-talet. I boka følger vi italienaren Dantes reise gjennom helvete før han til slutt kjem til himmelen og får sjå Guds sanne lys.)
HILDE SUSAN JÆGTNES, MANUSFORFATTAR: – De bør verkeleg prøve å intervjue Jo Nesbø til denne saka! Eg er sikker på at han må ha vore kraftig inspirert av filmen i mange av seriemordarbøkene sine ...
– Bra tips! Det skal vi gjere.
Flisespikkaren Fincher
Har «Seven» inspirert Noregs uomstridde krimkonge? Tja, han hadde ikkje tenkt heilt konkret på dette før vi spurde, men det kan absolutt hende:
JO NESBØ, FORFATTAR: – Eg ser jo at dei bibelske motiva i «Seven» også er i mitt forfattarskap. Men korvidt eg har blitt påverka av filmen eller Bibelen, er vanskeleg å seie. Det er jo likskapstrekk. Slutten i «Seven» liknar slutten eg brukte i «Kakerlakkene», så det er godt mogleg at det er der inspirasjonen kom frå.
Inspirert eller ikkje, det viser seg i alle fall at Nesbø har svært god førstehands kjennskap til regissør David Fincher.
JO NESBØ, FORFATTAR: – Eg åt middag med Fincher i Stockholm i førre månad. Da hadde eg så klart mange spørsmål om «Seven». Det som var interessant for meg, var at han, i likskap med Alfred Hitchcock, føler at filmen er ferdig i preproduksjonen. Kvart bilde, kvar minste detalj, er så nøye planlagt. Sjølve innspelinga er nærmast triviell. Skodespelarane må berre gjere nøyaktig det dei får beskjed om.
STJERNEREGISSØR: «Seven» vart gjennombrotsfilmen til David Fincher. Sidan har han regissert fleire kritikarroste filmar, mellom anna «Fight Club», «The Social Network» og «Gone Girl».
Foto: AFPSjølv om filmregissøren har tilgang til nokre av verdas beste skodespelarar, så kan det likevel ta litt tid før dei klarer å gjere nøyaktig det han har sett føre seg. Fincher er difor kjent for å gjere svært mange takingar av kvar scene. Medan ein «vanleg» regissør gjerne klarer seg med mellom 5 til 10, kan Fincher ta opp mot 100 takingar!
I eit intervju med podkastverten Lex Fridman mimrar skodespelar Kevin Spacey tilbake til dei trøyttande innspelingsdagane:
– Han prøvde å banke skodespelet ut av oss. Alt han ville, var at vi skulle seie orda raskt og meine dei, sa Spacey.
ERIK SKJOLDBJÆRG, REGISSØR: – Sjølvtilliten hans var ein veldig inspirasjon for meg som ung og ny regissør på 1990-talet. Når ein lagar film, blir ein bombardert av meiningar. Det kjem alltid gode innspel, så klart, samtidig må ein finne eit hovuduttrykk og stole på det. Det synest eg Fincher gjer i «Seven».
Skodespelarprestasjonar i verdsklasse
ANNE GJELSVIK, FILMVITAR: – Relasjonen mellom dei to politifolka der, kjemien mellom Pitt og Freeman, er veldig god. Og utruleg god casting av Kevin Spacey som seriemordar!
ERIK SKJOLDBJÆRG, REGISSØR: – Morgan Freeman spelar eigentleg ein forsliten arketype: den gamle durkdrivne detektiven som skal gjere sin siste jobb. Men Freemans rolletolking sprenger alle klisjear. Rollefiguren er den einaste som ser kva som kjem, og justerer blikket fordi han skjønar at det er for stort. Brad Pitts rollefigur evnar ikkje det og må betale prisen. Det er veldig bra, altså.
MORGAN (57): Allereie i 1994 var Morgan Freeman gammal nok til å spele gammal og snart pensjonert detektiv.
Foto: Warner Bros. DiscoveryI 1995 var Morgan Freeman ei svært kredibel stjerne på Hollywood-himmelen, Brad Pitt var derimot mest kjent for å gjere glatte roller.
JO NESBØ, FORFATTAR: – I denne filmen vart Brad Pitt tatt på alvor. Det er ein nøkkelfilm for han, meir enn «Thelma & Louise», der han berre var eit vakkert ansikt. Her står han fram som ei stjerne.
BRAD (31): Etter «Seven» har David Fincher og Brad Pitt samarbeida to gongar: «Fight Club» og «The Curious Case of Benjamin Button».
Foto: Warner Bros. DiscoveryVi må heller ikkje gløyme Gwyneth Paltrow, som dei siste åra har fått mest merksemd for å selje små steinegg som du kan putte i vaginaen din. I «Seven» spelar ho rolla som Tracy, kona til Brad Pitts rollefigur. (Paltrow og Pitt er også kjærastar på ekte under innspelinga av filmen.)
ERIK SKJOLDBJÆRG, REGISSØR: – Ja, Gwyneth Paltrow spelar også veldig bra. Eg tenkte spesielt på det da eg såg filmen igjen no for litt sidan. Ho har i og for seg ei lita rolle, men den får ho mykje ut av. Ho er veldig god saman med Freeman.
GWYNETH (22): Paltrow har blitt kjent for mykje som ikkje handlar om skodespel. Det er difor på sin plass å nemne at ho vann Oscar før både Pitt og Freeman, for rolla i «Shakespeare in Love» (1998).
Foto: Warner Bros. DiscoveryMen alle desse rollene blir likevel ganske bleike samanlikna med filmens hovudperson, som ikkje viser seg ordentleg før heilt mot slutten av filmen.
Da Kevin Spacey takka ja til å spele seriemordaren John Doe i «Seven», var eit av krava at han ikkje skulle bli brukt til å promotere filmen. Altså ingen spor av skodespelaren verken i traileren eller på filmplakatar og VHS-kassettar.
Spacey ville nemleg ikkje at folk skulle skjøne at det var han som var mordaren, før han plutseleg dukkar opp med blodige hender på politistasjonen.
I filmen heiter Spaceys rollefigur John Doe, som er det amerikanske namnet ein brukar om ein mann som ein ikkje kjenner identiteten til. Seriemordaren verkar å ha kvilepuls heile tida, sjølv i dei mest intense scenene.
HILDE SUSAN JÆGTNES, MANUSFORFATTAR: – Kevin Spacey er suveren og veldig viktig for kvifor denne filmen er så uhyggeleg. Han har stålkontroll. Han er så roleg og fredeleg. Du trur verkeleg på han, at han er villig til å døy for sitt prosjekt. På mange måtar er han ein prototypisk sjølvmordsbombar. Om du ikkje er redd for å døy, så har du ingen kort mot deg.
Boksen – kva er i boksen???!!!
Mot slutten av filmen er seriemordaren Doe tatt til fange. Dei to detektivane Somerset og Mills tek han med ut i ein ørken, der han skal vise kvar han har gøymd dei siste to lika.
Ute i ørkenen kjem ein varebil køyrande og leverer ein boks til Somerset. Boksen inneheld noko som berre Somerset ser, men som truleg er hovudet til Mills' kone. (Doe var misunneleg på Mills' fine liv = «misunning», check.)
No er det berre «vreide» som gjenstår. Somerset bønnfell Mills om å ikkje skyte mannen som drap kona hans, men Mills klarer ikkje å halde igjen og drep seriemordaren = «vreide», check.
Meisterverket er fullført. Vondskapen vann.
SIGURD VIK, KRITIKAR: – Ja, altså. Det bygger seg opp med den filosofiske praten i bilen, der dei utfordrar kvarandre fram og tilbake. Leiken mellom drapsmann og politimann er heilt rå. Og korleis John Doe til slutt får ein politimann, den gode, liksom, til å bli ein del av monsterpakka – det er sluttens storheit. Avslutninga på «Seven» er ei popkulturell hending.
Men at «Seven» i det hele tatt vart ein film, og i tillegg med den dryge avslutninga, det var inga sjølvfølge. Den ferske manusforfattaren Andrew Kevin Walker vart bedd om å endre på avslutninga av produksjonsselskapet (det vart for mykje av det gode (les: vonde)), men ved ei feiltaking hamna originalutkastet i fanget på regissør David Fincher.
JO NESBØ, FORFATTAR: – Da manuset til slutt hamna hos Fincher, fortsette visst diskusjonen rundt slutten, men han sa til slutt: «Eg gjer dette, eg regisserer dette under føresetnad av at vi beheld slutten.»
Føregangsfilmen «Seven» – the original gangster
Ein siste god grunn til å sjå «Seven» (for første gong, eller på nytt) er filmens betyding for veldig mange filmar og seriar som har kome seinare.
ULRIK IMTIAZ ROLFSEN, REGISSØR: – «Seven» er framleis ein referanse. Ein har ærefrykt for filmen. Han er så visuell. Så «tight». Det er nærmast ein perfekt film.
SIGURD VIK, KRITIKAR: – Ja, altså, den bekmørke storbyskildringa, der ingen er trygge – og at det blir hamra hardt inn. «The Batman» (2022) har utvilsamt plukka opp det. Det same med den nye serien «The Penguin» (2024). Og, eg vil også påstå: Utan «Seven» – ingen «True Detective» (2014), som jo også er eit meisterverk.
INSPIRERT?: To detektivar med samarbeidsproblem, store filosofiske tankar om menneskenaturen, ein mystisk seriemordar med religiøse motiv ... Likskapane mellom «Seven» og «True Detective» er mange.
Foto: HBOLista er lang over filmar som ekspertar og forståsegpåarar meiner snappar litt estetikk, noir-feeling, religiøst motiverte drapsmenn eller storbyskildringar frå «Seven»: «Fallen», «Zodiac» (også Fincher-film), «Nightcrawler», «Prisoners», «Frailty» «Along Came a Spider», «Kiss the Girls» og «The Bone Collector» ...
LARS OLE KRISTIANSEN, KRITIKAR: – Seriemordar-thrilleren innanfor thrillersjangeren vart veldig populær med «Nattsvermeren» (1991) og filmane som kom i kjølvatnet av den. Og blant dei er det berre éin annan som er like stor, og det er «Seven». Han beveger seg enda lenger over i skrekkfilmen enn «Nattsvermeren».
Takk for følget gjennom denne saka. Det har vore ei sann glede. Om du ønsker å bryne deg på ein liten quiz om David Fincher, så er du på rett stad, til rett tid:
Hei!
Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Vi blir veldig glad for alle innspel! Fleire langlesingar frå NRK Kultur finn du her.