Dobbeltdrap i Göteborg – politiet står utan mistenkte

2 weeks ago 16


Politiet leitar etter minst éin gjerningsperson etter at to menn blei skotne og drepne i Biskopsgården i Göteborg seint måndag kveld.

Ein tredje person var på staden men kom seg unna utan fysiske skader.

– Vi har leita gjennom natta for å finne minst éin gjerningsmann, men har så langt ingen mistenkte. Vi utelukkar ikkje at det kan dreie seg om fleire gjerningspersonar, seier talsperson Thomas Fuxborg i politidistrikt Väst i ei pressemelding.

Bråk på sjukehuset

Politiet fekk melding om skytinga kl. 23.36 måndag kveld. Då politiet kom på staden fann dei to menn i alderen 20 og 25 år med skotskadar. Dei blei køyrde til Sahlgrenska universitetssjukehus, men døydde av skadane der.

Ifølgje SVT samla rundt 15 personar seg utanfor sjukehuset og det var bråk på staden. Politiet sette inn to patruljar ved inngangen og legevakta blei seinare stengd.

Publisert 15.04.2025, kl. 07.38 Oppdatert 15.04.2025, kl. 07.48

Read Entire Article