Andersen (54) er sikta for å ha tatt livet av 35 år gamle Maria Løfshus Hagen (35) på Løkken i desember i fjor.
Han har sete varetektsfengsla sidan han blei arrestert kort tid etter Hagen blei funnen død.
Rett før påske bestemte Trøndelag tingrett at Andersen kan bli heldt varetektsfengsla i fire nye veker. Denne avgjerda anka han.
«Fengsling i fortsatt fire uker er et uforholdsmessig inngrep på grunn av den manglende helsehjelpen Andersen får i Trondheim fengsel», argumenterte Andersen sin forsvarar da anken blei behandla.
Det kjem fram i avgjerda frå Frostating lagmannsrett.
Adresseavisen omtalte avgjerda først.
Andersen blei arrestert på Løkken 16. desember. Han har sidan vore varetektsfengsla.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKVil ha ny madrass
Andersen sin forsvarar, Fredrik Schøne Brodwall, argumenterte med at Andersen har helseproblem som gjer at han har store smerter og ikkje får sove om natta.
«Han har gjentatte ganger hatt kontakt med helseavdelingen og fysioterapeut i fengselet for å få tilbake de medisinene han lenge har gått på og for å få en ny madrass.»
Ifølge forsvararen har Andersen opplyst at han har blitt nekta ein slik madrass, sjølv om han ikkje er i stand til å sove på grunn av smertene i ryggen.
«Andersen må derfor i det minste få en ny madrass for at fortsatt fengsling ikke skal vere et uforholdsmessig inngrep», heiter det i argumentasjonen der Brodwall ber om at Andersen blir lauslaten.
Brodwall har ikkje svart på NRK sine førespurnadar fredag ettermiddag.
Det blei gjort omfattande krimtekniske undersøkingar i dagane etter Hagen blei funnen død.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Har same tilgang på helsehjelp som andre
Politiadvokat Alexander Ribsskog Tokle viste i sitt svar til at Andersen har same tilgang til helsehjelp som andre i fengselet.
Han viser også til at Andersen har moglegheit til å be om å bli framstilt for sin eigen fastlege, spesialhelsetenesta eller anna helsepersonell han måtte ønske å oppsøke.
«Slik begjæring er ikke mottatt.», heiter det i påtalemakta sitt svar.
Til NRK fortel Alexander Ribsskog Tokle at Andersen har god nok tilgang til helsehjelp i fengselet.
– Han har same tilgang som alle andre i norske fengsel og i det norske samfunn elles, seier Tokle.
Alexander Ribsskog Tokle er ikkje einig i at helsehjelpa i fengsel ikkje er god nok til at Andersen kan bli heldt i varetekt.
Foto: Morten Andersen / NRKHar anka til Høgsterett
Lagmannsretten konkluderte med at Andersen får god nok helsehjelp og meiner han framleis kan bli heldt i varetekt.
Ein einstemmig rett forkasta derfor Andersen sin anke.
At Andersen ikkje har fått ny madrass legg ikkje lagmannsretten mykje vekt på.
Tokle stadfestar til NRK at Andersen har anka varetektsfengslinga til Høgsterett.
– Det er hans rett, så det må han berre gjere, seier Tokle.
Politiadvokaten fortel at påtalemakta har fått frist til måndag morgon med å sende sine kommentarar til Høgsterett.
Enno ikkje avhøyrd
Sjølv om Andersen har vore varetektsfengsla sidan desember, har han enno ikkje latt seg avhøyre av politiet.
I slutten av mars blei det klart at politiet og forsvararen har avtalt å gjennomføre eit avhøyr.
– Vi har snakka med forsvarar om å få gjennomført eit avhøyr. Me har ein tentativ plan på å få gjennomført det i april, sa politiadvokat Tokle da.
Allereie i januar samtykka sikta til å forklare seg for politiet, men det blei det aldri noko av.
– Forsvarar har varsla at det er på grunn av helseutfordringar til sikta som har gjort det utfordrande, fortalde politiadvokaten.
Tidlegare dømd for drap
Jørn Andersen er tidlegare dømd for drap.
6. november 1999 blei 16 år gamle Linn Charlott Nesblom drepen. Andersen som då var 28 år blei dømd til 15 år i fengsel for overlagt drap.
Sjølv sa han seg ikkje skuldig i drapet.
Da han var ute på prøvelauslating, utøvde han grov vald mot ei annan tidlegare kjærast.
Derfor blei han i 2011 dømt til fire år og seks månader forvaring for grov vald og trugslar mot ekskjærasten.
I forkant av drapet i 1999 hadde Andersen blitt domfelt tre gongar for vald og trugslar.
I 2015 blei han lauslaten på prøve, men påtalemakta ville forlenge forvaringsdommen.
Men etter ei anke til lagmannsretten slapp Andersen ut frå fengsel i 2016.
Publisert 10.04.2026, kl. 17.05 Oppdatert 10.04.2026, kl. 17.34
















English (US)