– Det er liksom noko spesielt med det, det følast meir ekte kanskje, seier Louise Flesland (19) og stoppar ved eit av bileta frå «sommerrullen» ho blar gjennom på mobilen sin.
Ho har nettopp vore og henta ut bileta frå eingongskamera ho hadde med seg på jenteturen førre veke til Rhodos.
I handa held ho ein nyare iphonemodell der ho har bileta, men den vel ho å ikkje nytte til fotografering.
Etter å ha fått bileta tilbake frå fotobutikken så fekk ho ei lenke der ho lasta ned bileta på mobilen.
Ho er klar over at trenden med eingongskamera kan verte dyr i lengda.
– Du må jo betale for både eingongskamera og framkalle bileta etterpå, så det kostar jo litt, seier Flesland.
Det kostar omkring 250 kroner for eit eingongskamera. Framkallinga kostar rundt 190 kroner.
Louise Flesland har venta i spenning på bileta frå Rhodos. No har dei kome, og ho er stort sett nøgd med resultatet.
Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRKInne på EliteFoto Kilden i Stavanger legger Emilie Mariero (28) eit eingongskamera på disken.
– Kan eg få framkalla disse? spør ho, og legg til:
– Og kan eg kjøpe eit nytt?
Ho betaler med kort på mobilen, men lik Flesland og mange andre unge vel ho bort den når det gjeld bilete.
– Eg har ein eingongskamera app og, og den er jo gratis, men det er berre noko med det. Dei blir kulare på ein måte, seier Mariero.
Emilie Mariero kjøpar eit nytt eingongskamera frå Ståle Samuelsen hos EliteFoto Kilden i Stavanger.
Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRK– Nå har det eksplodert
Ståle Samuelsen står bak disken og tar imot Mariero sitt eingongskamera. Det er eit av mange nå om dagen.
– Nå er det høgsesong ja. Me har jo dobbelt så mykje filmframkalling nå. Det kan vere opp til 50 rullar på ein dag om sommaren, seier Samuelsen som både eig og driv butikken.
Også andre butikkar i område bekreftar trenden:
– Eg starta å jobbe her i 2021, då var det ganske populært med eingongskamera, så gjekk det litt nedover ein liten periode, men nå har det eksplodert igjen det siste året, seier Ina Sandvoll, butikkmedarbeidar på Cewe Japan photo Stavanger.
Ho får gjerne inn 100 rullar i veka til framkalling om sommaren. Samuelsen melder om det dobbelte, men legg til at også andre EliteFoto-butikkar i nærleiken sender kamera over til han.
Sjølv om trenden er stadig aukande er det spesielt om sommaren folk vil tilbake til gammal teknologi, og det kan det vere fleire grunnar til.
Filmrullen må framkallast for at du skal få bileta printa ut.
Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRKDeretter leggjast filmrullen inn i ein fotoprintar som printar ut bileta i større format.
Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRKBileta leggjast så inn i ein pakke som er klar for henting.
Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRK
– Ingen marknad veks meir enn Noreg
Nasjonalt hos Cewe Japan Photo har salet på eingongskamera og framkalling auka med over 40 prosent i år i forhold til same periode i fjor, ifølgje dagleg leiar, Stephan Stein.
– Denne veksten kjem på toppen av mange år med vekst. Vi ser veksten i heile Europa, men ingen marknad veks meir på analog foto enn Noreg, seier han.
Årsaka til det seier han er at nordmenn elskar å fotografere og mange fleire har fotografering som hobby enn i andre land, i tillegg til at analog fotografering har blitt trendy blant unge.
– Det unike med analog fotografi er jo den spenninga at du må vente på å sjå bileta, seier Stein.
Louise Flesland skrollar gjennom bileta ho tok med eingongskameraet på Rhodos. No har ho fått bileta digitalt.
Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRKOverraske seg sjølv
Benedicte Grødem Nes er ei av dei som har kasta seg på trenden
– Eg liker litt den overraskinga. Du vett ikkje kva du får, seier ho.
Ho har nettopp levert inn åtte eingongskamera ho hadde i sitt eige bryllaup.
– Dei bileta eg har tatt sjølv blir jo ei overrasking dei og, ein veit aldri kva ein får, ler ho.
Det fører også til potensiell skuffelse.
Den klassiske feilen
– Du har jo ikkje heilt kontroll når du tar med eingongskamera. Nokre er litt mørke, du ser ikkje så godt, seier Flesland som sit og blar gjennom bileta frå Rhodos.
På nokre kan ein berre sjå konturen av jentene på tur. Dette fortel Samuelson er ein klassisk feil.
Ikkje alle bileta kjem like godt ut etter framkallinga. Dette vart til dømes for mørkt.
Foto: Privat– Den vanlegaste feilen er at ein har gløymt å skru på blits på innebilete.
Han får ofte inn rullar der tre-fire bilete er så mørke at ein ikkje ser noko. Det kan føre til at kundane får færre enn 27 bilete, men noko han presiserer er heilt normalt.
Det er likevel nokre råd du kan følgje for å få mest mogeleg ut av eingongskamera.
Tips til rullen
Forutan blits innandørs nemner Samuelsen hos EliteFoto i Stavanger også ei nærgrense:
– Dersom ein går for nærme blir ikkje bileta skarpe, seier han.
Nærgrensa er på omkring ein meter. Andre tips han kjem med er:
- Bruk blits innandørs, sjølv om det er lyst
- Rett avstand, omkring. 1,5 meter frå motivet
- Personar i front av motivet
Publisert 24.07.2025, kl. 12.14 Oppdatert 24.07.2025, kl. 14.02