Litt før klokka 20:30 fekk politiet melding om ein lastebil med hengar som hadde køyrt inn i ei bru på Herreveien i Bamble. Hengaren står framleis bom fast under gangbrua og vegen er sperra.
– Ein lastebil har komme køyrande på Herreveien, og av ein eller annan grunn så har planet gått opp under køyring og treft brua her med eit veldig brak, seier innsatsleiar Sondre Dahl.
Innsatsleiar Sondre Dahl.
Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRKDahl seier at bilen og førar er like heile og at ingen har blitt skadde.
Politiet melde også at brua hadde begynt å gje etter.
– Brua er veldig solid, ho er godt laga. Men delar har fått seg ein solid trykk, noko armering har blitt bøygd, seier Dahl.
Brua har fått ein kraftig trykk. Og delar av brua har rasa ned.
Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRKBrannvesenet har spylt på brua for å sjekke om den var heilt porøs, men det tolte den veldig greitt, seier innsatsleiaren.
Vegen blir nå stengd i lengre tid. Nå skal berging og sikring bru skje før vegen kan opnast igjen.
Publisert 09.10.2025, kl. 22.05