– Du kjem deg ikkje til San Francisco med det første, humrar Einar Rydland Auestad (16).
Tenåringen frå Fitjar er den første i Noreg som får pilotopplæring i eit elfly. Heilt sidan han blei fødd har han hatt lyst til å bli pilot.
No får han draumen sin oppfylt. Han er nemleg éin av to elevar på eit nytt sommarprogram som skal få dei to unge pilotane klare til sin første soloflyging i et heilelektrisk skolefly.
Det er første gong eit elektrisk fly blir teke i bruk i grunnutdanning for pilotar i Noreg.
– Eg er veldig glad og takksam for at eg kan vere med på dette. Eg har lyst til å bli kommersiell flygar, seier Auestad.
Han fortel at elflyet er annleis enn andre fly han har vore på.
– Men no er eg blitt veldig vant til det. Eg landar flyet sjølv, tek av sjølv, og svingar og alt. Det er veldig komfortabelt.
Maks 50 minutts reise
Det tek rundt ein time å lade elflyet.
Eskil ByrkjelandFlyet er av typen Pipistrel Velis Electro, toler maks 600 kilo og har ei rekkevidd på maks 50 minutt.
I praksis blir sjølve flytida i lufta 35 minutt, utanom avgang og landing, fortel pilotinstruktør Oda Helmine Hildre.
Pilotinstruktør Oda Helmine Hildre inne i det vesle elflyet.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRK– Det er ganske normalt i forhold til andre fly, eigentleg, berre at du må passe på litt andre ting, som at det har nok straum, seier Hildre.
Trass i kort rekkevidd, er elflyet ypparleg til å lære opp nye pilotar, ifølgje Bergen Aero Klubb.
– Elevar og flygarar kan få mykje meir mengdetrening, seier Odin Sætre, assisterande skulesjef i klubben.
Oda Helmine Hildre er pilotinstruktør.
Eskil Byrkjeland– Store fordelar for miljøet
Han synast ikkje det er eit problem at flyet har lite med plass, sidan dei som regel ikkje treng å frakte meir enn ein instruktør og ein elev.
Odin Sætre er assisterande skulesjef i Bergen Aero Klubb.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRK– Bensinfly vil framleis vere der, men du kan ta elfly viss du skal ut på ein rein landingstrening. Det vil ha store fordelar for miljøet, både klimamiljøet og flymiljøet, seier Sætre.
Når det kjem til sikkerheit, føler Sætre seg tryggare i elflyet enn mange andre typar fly.
– Vi har floge dette flyet ganske mykje utan nemneverdige problem.
Slo Torp på målstreken
– Det er første gang elfly blir brukt til organisert grunnutdanning for pilotar i Noreg, heilt frå scratch. Vi har jobba med dette sidan ideen kom i 2015, fortel John Eirik Laupsa, rådgjevar i Noregs Luftsportforbund.
Bergensklubben slår med det ein Torp-skule på målstreken.
For på Sandefjord lufthamn har eit kliss likt elfly stått i to år, eigd av flyskulen Redflight Aviation.
På grunn av EU/EASA-reglar som nyleg vart innført i Noreg har dei ikkje komme i gang med elflyet i pilotutdanninga enno. Men til hausten skal det skje.
– Elfly kan kutte utslepp
– Det er veldig gøy at Bergen Aero Klubb bidrar til meir kompetanse, seier Anne Marit Post-Melbye, fagsjef i Miljøstiftinga Zero.
– Elfly kan kutte utslepp og bli viktige på dei korte strekningane i luftfarta i Noreg dei neste åra, seier ho.
I framtida kan også elfly kan ta seg av lengre flydistansar, meiner fagsjefen.
– Med meir kompetanse og fortsatt teknologiutvikling kan elfly ta ein stadig større del av luftfarten, slik vi har sett i transporten på land, seier Post-Melbye.
Også Noregs Luftsportforbund ser føre seg at det vil bli fleire elektriske fly med lengre rekkevidd i tida framover, akkurat som då elbilane blei introduserte og etter kvart tok over marknaden.
Laupsa peikar også på planane om elfly-rute mellom Bergen og Stavanger.
Dessutan blir det jobba med å utvikle heilelektriske sjøfly for ni passasjerar og bagasje på same distanse.
– Vi prøver å få ei rekkevidd på 200 kilometer, men det er ekstremt vanskeleg. Vi ser at vi kanskje kan greie 190 kilometer, seier Eric Lithun, administrerande direktør i Elfly Group.
Eric Lithun i Elfly Group, fotografert i 2023.
Avstanden mellom Bergen og Stavanger er 157 kilometer i luftlinje. Ei av utfordringane er å lage lette nok batteri til flya.
Elfly Group utviklar dette elektriske sjøflyet.
Foto: Elfly GroupLithun synest det er kult at Bergen Aero Klubb no er i gang med elfly-opplæring av nye pilotar.
– Eg er sjølv medlem der. Vi vil ha mange elektriske fly til Noreg, og jobbar med å få hit eit fly som flyr lengre, med driftstid på ein time og 13 minutt.
Drøymer om betre rekkevidd
– Ein føler seg litt som ein prøvekanin, seier Mariell Lund (28).
Pilotstudent Mariell Lund.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKHo er den andre eleven som får pilotopplæring i elflyet denne sommaren.
– Med ein gong ein er blitt vant til det, så er det jo som å sitte i kva som helst fly. Du tenker ikkje over at det går på el når du er der oppe, då flyr du berre. Det er godt testa ut, så du skal vere trygg, seier ho.
Målet hennar er å kunne fly med sambuaren, som er pilot i Widerøe, som passasjer.
Men det står nok litt att før ho og medstudent Einar Rydland Auestad kan føre elfly i kommersiell lufttrafikk.
– Det må få lengre rekkevidd, sjølvsagt, seier Auestad.
Frå venstre pilotstudentane Mariell Lund og Einar Rydland Auestad.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKPublisert 24.07.2025, kl. 11.46