Erna slit overalt - Høgre ikkje lenger størst i nokon valdistrikt

4 hours ago 3


I går var Høgre-leiaren heime «hos sine eigne», blant publikum under den solfylte opninga av Festspillene i Bergen.

Men ein kald, sur vind trefte statsministerkandidaten i nakken der ho sat.

Ikkje ulikt den ferske meiningsmålinga som NRK fekk frå Norstat same dag.

Den viser eit klart raudgrønt stortingsfleirtal med 88 (Ap, SV, Sp og Raudt) mot 81 mandat (H, Frp, KrF, V, MDG).

Høgre er no det tredje største partiet i landet, med 18,4 prosent oppslutnad.

Framstegspartiet har 20,6 prosent. Arbeidarpartiet er størst med 29,4 prosent.

– Dette er for dårleg, seier Erna Solberg (H).

– Korleis skal du snu det?

– Vi står i vanskelege og urolege tider. Vi vil skape ein politikk mot skatteauke og uføreseieleg økonomisk politikk. Vi vil få ned helsekøane, få fleire politifolk i gatene, og sørge for meir verdiskaping i Noreg.

Erna Solberg under opningsseremonien til Festspillene 2025

Under festspelopninga onsdag sat Erna Solberg midt i det bergenske folkehavet (med den rikaste Ap-medlemen Trond Mohn rett bak seg), men oppslutnaden i Høgre-bastionen Hordaland har gått ned sidan stortingsvalet i 2021.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Slik vil Solberg snu skuta

Ved stortingsvalet 2021 vart Høgre størst i fem av dei 19 valdistrikta:

  • Akershus (27,4 %)
  • Hordaland (24,5 %)
  • Rogaland (23,9 %)
  • Oslo (23,5 %)
  • Vest-Agder (21,3 %).

I denne målinga er Høgre ikkje lenger størst i nokon del av landet.

Arbeidarpartiet toppar i alle valdistrikt, bortsett frå Møre og Romsdal, Rogaland og Vest-Agder. Der tek dei andreplassen bak Frp.

– Det skal vi gjere noko med til hausten: Få fokus på korleis Noreg skal utvikle seg i ei tid der omstillingane blir store, seier Solberg.

– Kva tilbyr du veljarane i valdistriktet ditt for at du skal snu skuta?

– For eksempel ei meir kraftfull samferdselssatsing, som inneber å bygge Hordfast. Meir politifolk i gatene til førebyggande arbeid mot ungdomskriminaliteten.

Jaffery: – Gledeleg

Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) kommenterer meiningsmålinga slik:

– Det er gledeleg at vi fortset å gå fram. Det viser at folk ønsker ei Ap-regjering med trygg styring i den urolege tida vi lever i nå.

– Kva tenker du om at ei raudgrøn regjering ifølge denne målinga er avhengig av Raudt?

– Dette må vi komme tilbake til når vi skal fordele og finne ut av kva type samarbeid vi skal ha til slutt.

Lubna Jaffery studerer meiningsmåling

Kulturminister Lubna Jaffery (Ap) er Ap sin førstekandidat for Hordaland til stortingsvalet. Ho er godt nøgd med dagens meiningsmåling.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Meiner Ap har treft blink

Valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen (UiB) seier at Solberg ikkje har den same posisjonen som tidlegare.

– Solberg har nok hatt si tid der ho representerte noko anna, seier han.

Flo ser Høgre sitt fall i lys av Ap sin vekst.

Når verdssituasjonen er som han er, får Arbeidarpartiet stort utbytte av det, meiner han.

– Ap har verkeleg treft planken med dei folka dei har i regjering no. Dei har tre-fire «utanriksministrar» i regjeringa.

– Kva rolle har Jens Stoltenberg i framgangen?

– Stoltenberg har ein heilt spesiell standing etter det han gjorde i Nato. Han blei hylla av politiske motstandarar, som gjer han noko uangripeleg. Når Stoltenberg og Støre sit rundt bordet til Trump og klarar å handtere han, blir det lagt merke til av veljarane.

Flo meiner samstundes at Erna Solberg ikkje står fram som like feilfri som ho gjorde før, etter skandalane med ektemannens aksjehandel og då familien braut koronarestriksjonane.

Statsminister Erna Solberg (Høyre)ut frå vallokalet saman med ektemann Sindre Finnes

Ektemannen Sindre Finnes dreiv omfattande aksjehandel bak ryggen til Erna Solberg medan ho var statsminister, slik at ho tok avgjerder som inhabil.

Foto: Leif Rune Løland

Meir svekka på heimebane

Svekkinga av Høgre er endå større i Solberg sitt eige valdistrikt enn i landet samla sett:

Nedgangen er 3.7 prosentpoeng i Hordaland, mot 2 prosentpoeng nasjonalt.

– Tala frå Bergen og Hordaland er ikkje gode nok for oss. Vi skal jobbe godt med å vise at Høgre er det partiet som varetar Vestlandets interesser best, seier Solberg.

– Heng Finnes-saka meir igjen her i Bergen enn andre stader?

– Det veit eg ikkje. Ingenting tyder på det i tilbakemeldingane frå veljarane.

– Kvifor er Høgre i denne målinga svekka endå meir i ditt valdistrikt enn nasjonalt?

– Det er vel ein sum av inntrykka av Høgre. Eg trur ikkje det kjem til å sjå slik ut når valet er ferdig.

Høgre har uansett framleis større oppslutnad i Hordaland enn i landet samla sett: 20,8 prosent i denne målinga.

Det er likevel mindre enn Frp sine 21,2 prosent.

Yngve Flo

Valforskar Yngve Flo seier Ap har «treft planken» medan Erna Solberg «har nok hatt si tid».

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Listhaug meiner Høgre og Ap er for like

I førre stortingsval vart Høgre nesten dobbelt så store som Frp. Nå er Frp 9 prosentpoeng større enn ved 2021-valet.

Høgre er klart mindre enn Frp, og får åtte færre mandat enn Frp i denne meiningsmålinga.

– Eg trur mange oppfattar at Frp er det beste og tydelegaste alternativet til Arbeidarpartiet. Og at Høgre og Arbeidarpartiet blir litt like, seier leiar Sylvi Listhaug i Framstegspartiet.

– Kjem du til å krevje å bli statsminister viss Frp er større enn Høgre på valdagen?

– Det er naturleg at det største partiet får statsministeren. Men det er ikkje posisjonane som er det viktigaste for oss, men at vi får ein ny politisk kurs.

Statsministerkandidat Erna Solberg og byrådsleiar Christine Meyer, under opningsførestillinga til Festspillene 2025

Statsministerkandidat Erna Solberg og byrådsleiar Christine Meyer i Bergen, under opningsførestillinga til Festspillene 2025 i går.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Solberg vil styre med Frp, KrF og V

– Frp har hatt ein vind med seg. Det er nok nokre av sakene som har vore i vinden der dei blir oppfatta å ha tydelegare standpunkt enn oss, medgir Solberg.

– Krev du å bli statsminister viss det blir borgarleg fleirtal, sjølv om Frp blir større?

– Det er eit forhandlingsspørsmål. KrF og Venstre har peika på meg.

KrF er under sperregrensa på denne målinga òg. Venstre er akkurat på 4 prosent. Solberg vil helst styre med alle desse fire.

– Eg trur vi er nøydde til å gjere det saman.

Solberg presiserer at ho på langt nær har gitt opp.

– Eg har vore ute i vanskelege meiningsmålingar før. Legg me inn godt arbeid dei neste vel 100 dagane, så trur eg vi skal få dette til.

Publisert 22.05.2025, kl. 06.30

Read Entire Article