– Folk spydde og det var leikeslåsting og roping.
Dette fortel Maren Villanger Rosenlund frå Radøy, som hadde teke turen med familien inn til Bergen sentrum 17. mai.
Planen var ein fin familietur, sjå på livet og dra på tivoli.
– Me såg fulle ungdommar alt då me parkerte på Bystasjonen, seier ho, og held fram:
– Nedover gjennom byen var det utruleg mykje ungdomsgjengar som var fulle, og det var rett og slett skremmande, fortel Rosenlund.
Solveig Villanger Roselund (13) og Maren Villanger Roselund reiste til Bergen sentrum på 17. mai, men snudde etter kort tid grunna fulle ungdomsgjengar.
Foto: Oskar Rennedal / NRKDå familien kom til tivoliet blei det klårt at det ikkje var ein stad dei ville vera.
– Det var gjengar med gutar som var store i kjeften og trudde dei var kule med silkeskjerf i halsen. Dei såg ikkje konfirmerte ut, mange av dei, seier ho.
Rosenlund fortel at familien gjekk på ein restaurant for å eta, og heller prøva tivoliet litt seinare. Men det hadde ikkje blitt betre då måltidet var over, og familien avgjorde til sist at det beste var å berre reisa heim.
– Ufin framferd
I fleire kommentarfelt er det folk som skriv om at det var svært ubehageleg for barnefamiliar i sentrum.
I BA skriv Hans Eirik Systad Tyssen om at han måtte vera som eit skjold mellom den sju år gamle dottera og fulle ungdommar då dei skulle kjøpa is. Han måtte mellom anna hindra at dottera fekk stupfulle ungdommar i hovudet.
Til NRK fortel Tyssen at det var ufin framferd, men først og fremst at det er trist at det skal vera slik.
PYNTA: Hans Eirik Systad Tyssen og dottera var klåre for ein fin dag i Bergen sentrum, men blei møtte av mange fulle ungdommar.
Foto: Privat / NRK– Sidan ho er sju år følgjer eg henne rundt uansett, men om eitt år eller to hadde eg kanskje sendt ho åleine for å kjøpa seg is. Det kunne eg ikkje gjort i går, seier han, og held fram:
– Neste år kjøper me nok inn isen på førehand, slik at me slepp å vera i sentrum.
Meir å gjera enn før for helsevesenet
Ved legevakta i Bergen har dei merka ein auke i saker på 17. mai dei siste åra, fortel medisinsk fagsjef Arild Iversen.
LEGEVAKT: Helsevesenet i Bergen har fått meir å gjera på 17. mai enn tidlegare.
Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRKDet er særskild i kategorien «vald» at Iversen har sett ei endring.
– Der har me også ein del, og det er ganske trist. Det er ein del som får hovudskadar, og det er trist at ein festdag skal bli ein valdsdag.
Han seier vidare at ein del av dei som kjem inn er yngre enn det pleier å vera ei vanleg helg, og at det dreier seg om barn frå 15 år og oppover.
– Mange unge kan kjenna seg pressa til å drikka
Magnhild Bøe-Hansen frå Natteravnene i Åsane var i sentrum, og fortel at det blei mykje å gjera.
– Me starta å gå rundt klokka 17. Men me skulle nok vore der tidlegare, for no hamna me midt oppi det. Det var mange som trengde hjelp, fortel ho.
Bøe-Hansen seier det har vore ei stor endring sidan pandemien.
– På store merkedagar som 17. mai, halloween og nyttårsaftan har det blitt eit veldig press på ungdommen om å vera med å festa. Så blir det jo bygd opp ei stor forventing før ein slik dag, og dersom ein ikkje er med kan ein kjenna på å vera utanfor, seier ho.
FÅR HJELP: Ein mann får helsehjelp i Bergen sentrum 17. mai
Foto: Oskar Rennedal / NRKTidlegare har 16. mai gjerne vore ein kveld der mange har teke seg ein fest, men no har festinga hjå dei unge i stor grad flytta seg til sjølve dagen på 17. mai, fortel Bøe-Hansen.
– Det er så stort fokus no på å vera der alle andre er, så eg trur kanskje at mange unge blir med på ting dei eigentleg ikkje har lyst til, for å vera med i gjengen, meiner ho.
Peiker på foreldra
Både legevakta og politiet peiker på at foreldre til mindreårige må ta større ansvar for arvingane.
– Snakk med ungane om alkohol, slik at dei veit korleis det verkar, og kva dei skal tenke på, og kvar dei skal vere forsiktige, seier medisinsk fagsjef Arild Iversen ved legevakta.
Også politiinspektør Lars Morten Lothe ber innbyggjarane følgja råd frå politiet, og foreldra om å følgja med.
– Foreldre må ha meir kontroll på kva ungdommane gjer på dagen seier han.
ALKOHOL: Det var mykje knuste flasker og ølboksar på gatene i Bergen 17. mai.
Foto: Oskar Rennedal / NRKPublisert 18.05.2026, kl. 16.37















English (US)