– Eg må ha fullada øyreproppar og mobilen i flymodus, fortel den blide sørlandsdama og ler.
På bakrommet sit ei konsentrert Solfrid Koanda. Medan konkurrentane kan virre rundt sit ho roleg på ein stol. Blikket er fokusert og det er umogeleg å oppnå augekontakt.
I øyra sit to svarte pluggar. Det er det siste ho leverer frå seg før ho tar steget ut på den store scene.
– «Higher» med The Score.
Denne låta frå den amerikanske rockeduoen var det som dundra på øyre til Solfrid Koanda like før ho gjekk på scena og løfta seg inn i OL-historia under leikane i Paris.
– Å høyre på den same spelelista har ubevisst blitt eit slags ritual.
Trengde musikk som gav sjølvtillit
Ritualet oppstod under hennar første verdsmeisterskap i Moskva i 2021. Året etter at elektrikaren frå Grimstad vart oppdaga og tatt inn i vektløftarmiljøet.
– Vi var jo ikkje så mange utøvarar frå Noreg og det var mitt første meisterskap. Så eg trengde musikk som gav meg sjølvtillit og trua på meg sjølv.
Duoen som vart etablert i New York i 2011, The Score, med frontfigur Eddie Anthony Ramirez og Edan Chai Dover, er blitt ein favoritt hjå Koanda. Ein musikk som er ei blanding av rock, pop og indian.
Tekstane deira handlar ofte om motivasjon og personleg styrke.
MUSIKK: Solfrid Koanda har eit fast ritual før ho på går på scena og løftar.
Foto: Frode Søreide / NRKDuoen har hatt stor suksess med songar som «Unstoppable», «Legend,» og «The Champion», som ofte brukast i samanhengar som krev ein inspirasjonsboost, inkludert sportsarrangement og filmtrailera.
– Eg vil ha musikk som gir med positiv energi. Når du kjem til konkurranse er alt anna for seint å gjere noko med. Du må jobbe med hovudet og halde skuta flytande.
«Rusa» seg på russelåter
Solfrid Koanda er ikkje den einaste som brukar musikk som motivasjon. Forskarar ved Universitet i Agder har funne ut at du også har nytte av musikk før du trenar.
– Vi hadde ei spesialkomponert låt. Det viste seg at dei som høyrde på den raskaste versjonen av låta presterte betre enn dei som fekk ei rolegare utgåve av same låt eller ingen musikk, fortel førsteamanuensis Aron Gauti Laxdal.
Han fortel at spesielt teknomusikk er motiverande. Eksperimentet vart utført på 40 soldatar, som var både i lik alder og godt trent.
Han seier det var viktig for dei at låta ikkje var spelt for testpanelet på førehand, fordi mange har eigen assosiasjonar til musikk som kan påverke resultatet.
RUSSELÅT: Solfrid Koanda speler gjerne russelåter for å gire seg opp på trening.
Foto: Frode Søreide / NRKI dag tel spelelista til Koanda 129 songar og kan underhalde i over sju timar. Vektløftaren har førebels ikkje kome i ein situasjon der ho har mista musikken på øyret.
– Men det er jo av og til at du blir ropt opp på plattingen og tenker at «shit, eg må få med den siste «beaten», før eg kan gå opp der.»
Det meste av musikken er gladiator-musikk som skal bygge ho opp. Men det er ikkje all musikk ho likar å snakke like høgt om.
– På trening kan det bli ein del russelåter, faktisk. Sånn som «Haien kjem», seier ho og ler høgt.
Torsdag løftar Solfrid Koanda for VM-gull på heimebane i Førde. Det blir også snakka om verdsrekord.
– Stemmer. Det hadde vore utruleg gøy å få til føre eit norsk publikum, så eg trenar hardt for å ha mogelegheita til å gjere det. Det er ein veldig fin motivasjon å ha. Men så er det jo konkurransen som kjem aller først, da.
Sjå Koanda løfte for VM-gull torsdag klokka 17.00.
GULL: Solfrid Koanda slo for alvor gjennom etter OL-gullet i Paris.
Foto: Amanda Perobelli / NTB/REUTERSPublisert 09.10.2025, kl. 10.59