Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_25cd87af0a789d22ef00b134b56419a1, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Fekk «alternativ» hjelp etter ulykka til vennen: – Har prega meg veldig mykje - NorwayToday

Fekk «alternativ» hjelp etter ulykka til vennen: – Har prega meg veldig mykje

2 hours ago 3


Sjå slopestyle-finalen med Birk Ruud, Tormod Frostad og Sebastian Schjerve tysdag frå kl. 12.25 på NRK3 og i NRK TV.

Etter ei suveren kvalifisering i slopestyle må Birk Ruud leve med favorittstempelet i finalen. Allereie i sitt første av to forsøk fekk han 81 poeng og vann kvalifiseringa like framfor lagkamerat Tormod Frostad.

– Eg har ikkje vore så nervøs på lenge. Det er ei fantastisk kjensle, sa Ruud etter kvalifiseringa.

En skikjører iført rød og hvit mønstrete genser og hjelm deltar i et vinterarrangement. Han står på ski, klart fokusert, med snø i bakgrunnen og Olympiske ringer synlige. Arrangementet finner sted utendørs, med snødekte fjell i horisonten. Det er tydelig at han er en del av konkurransen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FINALEKLAR: Birk Ruud jaktar sitt andre OL-gull.

Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters / NTB

Men oppladinga til leikane i Italia har ikkje vore heilt optimal – verken for Ruud eller resten av dei norske friski-utøvarane.

Lagkamerat blei lam

11. desember 2025 datt rekruttlandslagsutøvar William Bostadløkken stygt på ei trening i USA. 20-åringen blei lam frå ryggvirvel fem og seks og ned. Nå er han heime i Noreg og i gang med rehabiliteringa.

William Bostadløkken på Ullevål sykehus med hans kjæreste Valentina Jamne Grøthe.

DATT STYGT: William Bostadløkken og kjærasten Valentina Jamne Grøthe på sjukehus etter det stygge fallet på trening i USA.

Foto: Privat

Både Ruud og lagkameratane i OL er opne om at skaden til Bostadløkken har sett spor.

– Det med William har prega meg veldig mykje. Det var jo nesten ikkje til å tru, fortel Ruud.

– Eg gjekk mange veker der eg berre tenkte på William. Eg måtte verkeleg grave djupt og liksom verkeleg løyse opp i ting og tang gjennom jula for å nå det stadiet eg er på nå.

Bustadsløkka er kjent med at NRK omtaler ulykka. Han gler seg til å følge dei norske medaljehåpa i finalen.

– Det blir heilt rått med tre nordmenn i finalen. Dei er det beste laget i verda. Eg ønsker dei masse, masse lykke til, skriv Bostadløkken i ein SMS til NRK.

en ung mann i Marius-genser og blå vest med OL-logo

SPEIDAR ETTER GULL: Han har allereie eitt OL-gull. I Livigno kan han ta to til.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Fekk «alternativ» hjelp

– Kven har hjelpt deg gjennom den tøffe perioden?

– Mamma og Tonje har eg snakka mykje med. Tonje har vore der mykje gjennom jula, men det er jo sånn at dei også blir prega.

Bildet viser to personer som sitter på en benk i et treningsstudio. Den ene personen har på seg en blå hettegenser og en caps, mens den andre har på seg en lys topp og har lyst hår. I bakgrunnen er det treningsutstyr og vekter synlige, noe som indikerer at settingen er knyttet til trening. Begge ser ut til å være involvert i en samtale.

STØTTESPELAR: Birk Ruud er glad for å ha kjærasten Tonje Frigstad i kvardagen.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Men eg var hos ein fyr som eg hadde ein samtale med. Han er ikkje noko trenar eller psykolog, men den samtalen gav meg eit perspektiv som fekk meg til å gi slepp på mykje av frykta og alt.

– Du seier «ein fyr», kva betyr det?

– Eg skal ikkje seie namnet hans, for det veit eg ikkje om han vil. Men det var gjennom ei oppfordring frå mamma. Han vil nok gå under kategorien «alternativ», men han hadde eit veldig logisk syn på livet. Det fekk meg til å sjå klarare på alt det vi grublar og tenker over.

– Dette høyrest litt spirituelt ut, med meditasjon og litt zen-stemning?

– Eg veit det! Eg får høyre «har du blitt religiøs?», men det er ikkje noko religiøst. Det er meir at eg ikkje er like redd for uro eller får dei tankane som kan gjere meg engsteleg, samanfattar Ruud.

25-åringen fortel at det også hjelpte å besøke Bostadløkken på sjukehuset etter at ungguten var frakta heim frå USA.

– Nå ser eg jo at han driv og «jibbar» rundt i rullestolen og har eit smil om munnen. Han er ein krigar og er rett og slett ein ... heilt. Så det har på mange måtar gjorde godt å sjå at det går bra ut frå omstenda, reflekterer Ruud.

en ung mann i Marius-genser og blå vest med OL-logo snakker med en kvinne som står med ryggen til kameraet

ENGSTAR SEG MINDRE: Ein prat med ein «alternativ» fyr har hjelpt Ruud med å handtere kjensler.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Går for gull

I slopestyle-finalen tysdag stiller han til start saman med lagkameratane Tormod Frostad og Sebastian Schjerve.

Før jul fortalde Ruud til NRK at han skriven «OL-gull 2026» på peisen heime. I 2022 var det i Big Air gullet kom – men denne gongen kan slopestyle vere ein enda betre match:

– Eg har vunne ti verdscuprenn i slopestyle og seks i Big Air, så per nå er eg eigentleg ein meir stabil medaljekandidat i slopestyle. Så eg tenker at eg har gode moglegheiter, eller eg veit eg har gode moglegheiter her. Så det er berre å kose seg. OL er berre kvart fjerde år, så det lønner seg å nyte, smiler 25-åringen.

Publisert 10.02.2026, kl. 06.18

Read Entire Article