Den 78 år gamle artisten hadde ikkje sjølv anledning til å ta i mot prisen. Den æra fekk hans gode ven og musikerkollega Øystein Sunde.
Finn Kalvik var ein av berebjelkane i det som blei kalla den store visebølga som traff Noreg på 70-talet.
No er han også aktuell med nytt samlealbum kalla «60 favorittar».
For mange er han og avdøde Lillebjørn Nilsen sjølve andletet på ei tid då ein kassegitar og ein ærleg tekst var alt som skulle til for å fange ein heil nasjon.
Men kva var eigentleg denne visebølga som skylte over landet?
Frå rennestein til stoverein
Ifølgje forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket, Liv Kreken, var visebølgja eit resultat av fleire straumdrag som trefte kvarandre samstundes.
– Tidlegare hadde viseomgrepet vore noko negativt lada, knytt til «rennesteinsviser» og skillingsviser. Men pionerar som Alf Prøysen, Erik Bye og Otto Nielsen klarte å snu dette på 50- og 60-talet, seier Kreken.
Då den amerikanske motkulturen med namn som Bob Dylan og Joan Baez nådde Noreg på 70-talet, var grunnen allereie pløgd.
Visa hadde vorte «stoverein», og folk var tørste på noko ekte og nært.
«Måken», «Ride Ranke», «Aldri i livet» og «Sommerøya» er noen av Finn Kalviks mest populære sanger gjennom tidene.
Song om Chile og oljeboring
Sjølv om artistar som Kalvik og Nilsen vart store stjerner, var dei sjeldne gjester på dei kommersielle hitlistene.
– Det var lite viser på hitlistene. Kulturen spreidde seg heller gjennom viseverkstader, festivalar og klubbar som legendariske Dolphins i Oslo, forklarar Kreken.
Dette var ikkje berre underhaldning, det var politikk. Men kva ein song om, varierte etter kvar i landet ein budde, ifølgje Kreken:
- I byane: Her gjekk det ofte i internasjonal politikk, Chile og kvinnekamp.
- I distrikta: Spesielt i nord vart visa eit våpen mot fråflytting, oljeboring og Alta-utbygginga.
Finn Kalvik, Lillebjørn Nilsen og Øystein Sunde.
Foto: Ole RotvoldHandverket bak heideren
Når Finn Kalvik no får sin velfortente heider, peikar Kreken på at det er kombinasjonen av bodskap og knallhardt handverk som har gjort at musikken har overlevd.
– Kalvik er ein utruleg karismatisk artist. Han er ein dyktig gitarist og formidlar som får folk til å lytte. Ein kan vere samd eller ueinig i bodskapen, men handverket kan ingen ta han på, avsluttar ho.
Publisert 22.03.2026, kl. 21.16 Oppdatert 22.03.2026, kl. 21.21










English (US)