– Før kunne vi finne over tusen korkar på éi måling. Nå finn vi under 100 stykk per gong.
Det seier Anne-Lise Bekken i Oslofjordens friluftsråd.
Ho er med på å rydde og sortere søppel på Akerøya på Hvaler, noko ho har gjort årleg sidan 2012.
Anne-Lise Bekken
Seniorrådgjevar i Oslofjorden friluftsråd
Marinbiolog
Øya i Ytre Oslofjord er ein av 15 stader i Noreg der strandsøppel blir registrert og kartlagt, ei såkalla OSPAR-strand.
– Veldig positivt
Fleire målingar viser at mengda plastfunn på øya, og særleg eingongsplast, har gått kraftig ned i løpet av det siste tiåret.
Men også langt færre plastkorkar frå brusflasker og drikkekartongar blir funne nå, samanlikna med for få år sidan.
– Det er jo veldig positivt, og det viser jo at miljøtiltak hjelper, seier Bekken.
Grafen frå Miljødirektoratet viser ein jamn nedgang over plastkorkar funnen på Akerøya i Ytre Hvaler. Den blir rekna i median, da dei frå 2022 starta med fleire registreringar per år.
Grafikk: MiljødirektoratetDet var i 2022 at produsentar som Coca-Cola innførte fastkorken på fleire av produkta sine.
Eit påbod om at alle drikkevarer i plast skulle ha fastkork kom til Noreg i 2024, etter eit direktiv frå EU.
Ein del av nedgangen kjem av påbodet om dei festa korkane, ifølge Miljødirektoratet.
Men akkurat kor stor andelen er, veit dei ikkje enda.
Elska og hata
Målingane frå Oslofjorden viser også at andelen korkar funne på Akerøya blei færre, også før fastkorken blei introdusert.
Dei siste åra har strandryddarane på Akerøya likevel sett effekten av fastkorken når dei ryddar.
Dei finn nemleg sjeldan korkar dei kjenner igjen.
– Og av dei få flaskene vi finn så sit korken alltid fast, med mindre flaskene er gamle, seier Bekken.
Hengsler frå «gamle» flasker og kartongar utan hengsla kork, som vart funne i 2022 på Akerøya.
Foto: Anne-Lise Bekken / Oslofjorden friluftsrådHo trur nedgangen både kjem av haldningsendringar rundt søppel over tid og tiltak for miljøet, slik som fastkorken.
– Så for dei som irriterer seg veldig over at korken sit fast; vi ser jo at det nyttar, seier ho.
Skeptisk til påbodet
Drikkeprodusentar, den norske pantebransjen og bruselskarar var blant dei som måtte omstille seg da den hengsla korken kom.
Stortingspolitikar Bård Hoksrud (Frp) var ein av dei som syntest påbodet var ganske korka.
– Som Frp-ar sit det litt i ryggmergsrefleksen at eg er kritisk til at EU skal sitte nede i Brussel og bestemme dette, når det er andre EU-land som har mykje større utfordringar med plast enn det vi har hatt i Noreg.
Bård Hoksrud
- Stortingsrepresentant for Telemark (Frp)
Hoksrud synest den tydelege nedgangen av plastkorkar i Oslofjorden er gledeleg å sjå.
Likevel trur han tiltak som panting av flasker totalt sett er meir effektive miljøtiltak enn fastkorken.
Han peikar også på at andelen korkar gjekk ned også før fastkorken kom.
– Så eg trur at denne utviklinga handlar vel så mykje om at haldningane til folk har endra seg over tid, seier han.
– Framleis eit problem med plastkorkar
Sjølv om andelen plastkorkar har gått ned i Ytre Oslofjord, er plastkorkar som hamnar i naturen framleis eit stort problem i Noreg.
Det fortel Mari Mo i den ideelle medlemsorganisasjonen Hold Noreg Rent.
Også tal frå ryddeaksjonane deira ved Oslofjorden viser ein nedgang dei siste åra i talet på korkar, lokk og drikkeboksringar.
På landsbasis er likevel korkar, lokk og drikkeboksringar blant dei ti vanlegaste gjenstandane som dei frivillige deira finn og registrerer.
Mari Mo
- Fagleiar for førebygging og opprydding i Hold Norge Rent
– Men det er kjempeflott at vi ser ein nedgang rundt Oslofjorden, der det bur mange folk.
– Det viser jo og at festa kork er eit kjempefint tiltak, som ser ut som det faktisk nyttar, seier Mo.
Ho håpar den hengsla korken blir innført på fleire flasker og behaldarar, ikkje berre til drikkevarer.
Publisert 09.03.2026, kl. 10.57











English (US)