Det er førebels usikkert kor mange som er drepne, tala varierer frå 7 til 16, men dette er høgst usikre tal.
Det Hamas-styrte helsedepartementet opplyser at fleire skal ha mista livet i angrepet det som blir kalla det europeiske sjukehuset i Gaza.
Israel hevdar på si side at angrepet var retta mot eit Hamas-kommandosenter som skal ha vore under sjukehuset.
Reuters hevdar at 16 er drepne, og over 70 såra, medan AFP melder at minst sju personar er drepne.
Den palestinske TV-kanalen al-Aqsa melder at det er elleve drepne.
Krigen starta etter at rundt 1 200 menneske vart drepne og 251 tekne som gislar i Hamas sitt åtak 7. oktober 2023.
Israels motangrep har ifølgje lokale helsestyresmakter ført til over 52 000 drepne palestinarar og store øydeleggingar i Gaza.
Publisert 13.05.2025, kl. 19.53 Oppdatert 13.05.2025, kl. 19.58