Fleirtal for at brystkreft kan gje yrkes­skade­erstatning: – Eit historisk gjennomslag

2 weeks ago 15


– Det er eit historisk gjennomslag for likestilling.

Det seier Lill Sverresdatter Larsen, leiar i Norsk sjukepleiarforbund (NSF) til NRK.

Måndag vart det klart at Arbeidarpartiet snur i saka om kva typar skadar som kan gje yrkesskadeerstatning.

Brystkreft hjå personar som har jobba natt eller turnus i lang tid, har ikkje tidlegare vore omfatta av reglane.

No skal det verta endra.

Larsen skildrar dagens reglar for yrkesskade som «skikkeleg urimelege» for helsepersonell, fordi dei ikkje kan unnlata å jobba natt.

– Pasientar vert sjuke på natta òg. Så dette har betydning for helsepersonell som har ein auka risiko for brystkreft, nettopp på grunn av nattarbeid over mange, mange år, seier ho.

Samstundes meiner ho dette er ein siger for helsepersonell generelt.

– Det har også betydning for at ein sikrar helsepersonell meir generelt, at ein vert anerkjent for dei risikoane ein står i, også i den kvinnedominerte sektoren som helsetenester framleis er.

– Ein vanvitig urimelegheit

Ifølge NSF-leiaren er det hovudsakeleg menn som nyt av dagens reglar for yrkesskadeerstatning:

  • 9 av 10 som får erstatning ved yrkessjukdom, er menn
  • 7 av 10 som får erstatning ved yrkesskade, er menn

– Det seier noko om den skeivskapen i regelverket. Lovverket vart laga på 60-talet, då menn var i jobb og kvinner hadde uformell omsorg i heimen. Så er det ikkje revidert. Det har vore ein vanvitig urimelegheit, som no vert retta opp, seier ho.

I Danmark vart reglane endra i 2007. Der auka kostnadane frå 10 til 13 prosent, ifølge Larsen.

– Det betyr at det er ein veldig liten andel som likevel vil få yrkesskade eller -sjukdom dekka, men det gir likevel grunnlag for at ein kan søka erstatning når ein står i dei belastande situasjonane, som til dømes viss du har jobba 20 år natt som sjukepleiar eller helsefagarbeidar, svarar NSF-leiaren.

SV-forslag får fleirtal

Det er Sosialistisk Venstreparti (SV) som står bak forslaget som Stortinget skal handsama tysdag.

No får dei altså med seg fleirtalet, inkludert Arbeidarpartiet, på følgande:

  • ulike typar kreft skal verta rekna som yrkessjukdom for brannfolk
  • brystkreft hjå personar som jobbar natt/turnus skal verta godkjent som yrkessjukdom
  • ein skal endra den såkalla presumpsjonsregelen, noko som inneber at det er arbeidsgivar eller forsikringsselskap som må bevisa at ein skade eller sjukdom ikkje skuldast jobben, i staden for at den sjuke må bevisa at den skuldast jobben

– Det er veldig bra. Det er ingen skam å snu, og det er berre å ønska hjarteleg velkomen etter, seier SV-leiar Kirsti Bergstø.

Det var SV i mai fremma forslaget om å endra lova.

– Regjeringa har varsla at dei skal gjera noko, men der har dei ikkje levert. Så me vart leie av å venta på at regjeringa skulle koma med tryggheiter for dei yrkesgruppene som treng meir beskyttelse i lovverket, seier Bergstø.

Tonje Brenna utenfor Ahus

Arbeidsminister Tonje Brenna (Ap).

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Dette er veldig viktig for likestillinga i arbeidslivet, fordi yrkesskaderegelverket har vore nesten uendra dei siste nesten 70 åra, seier arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) til NRK.

Arbeidarpartiet har hatt makta i ganske store delar av tida sidan regelverket vart endra sist. Kvifor har det teke så lang tid å få gjort noko med?

– Dette er eigentleg noko som burde skjedd for fleire tiår sidan. Eg er glad for at me får det til no. Det er komplisert å laga eit regelverk som passar til eit arbeidsliv i stadig endring. Men med dei endringane me no gjer, så kjem regelverket til å også kunna verka i ei framtid der me kanskje jobbar litt annleis, svarar Brenna.

Ho kallar det ei modernisering av arbeidslivet og ei anerkjenning av kor viktige kvinner er i arbeidslivet.

– Ein kjempesiger

– Dette er så bra at ein nesten manglar ord. Dette er ein sak me har kjempa for i så mange tiår. At brystkreft no endeleg vert godkjent som yrkessjukdom er ein kjempesiger for alle dei som går på jobb kvar kveld og natt.

Det seier Mette Nord, leiar av Fagforbundet.

Ho peikar òg på kor viktig det er at presumpsjonsregelen no skal endrast. I staden for at arbeidstakarar må bevisa at

Publisert 26.05.2025, kl. 15.10 Oppdatert 26.05.2025, kl. 15.20

Read Entire Article