Reaksjonane hagla då det blei snakk om at barneavdelinga på det splitter nye sjukehuset ikkje skulle vere døgnbemanna likevel.
Det blei derimot stor glede då styret i helseføretaket nyleg vedtok at den skal vere open både på dagtid, kveldstid og helg.
Men vedtaket kjem med ei presisering som gjer at Jan Ivar Nordal og Ina Semundseth i Kristiansund, blir veldig bekymra.
Saka skal nemleg behandlast på nytt innan utgangen av 2026, og dermed er det usikkert om avdelinga vil vere døgnbemanna i meir enn eitt år.
– Vi har to barn som er avhengig av sjukehus, seier Nordal.
Mathilde har måtta fått hjelp på sjukehus fleire gonger.
Foto: Eirik Haukenes / NRKMå køyre i tre timar
Dottera Mathilde, som har Downs syndrom, har hatt behov for hjelp på sjukehus fleire gonger. Førre gong ho blei sjuk var det like før ho fall i koma, fortel faren.
– Influensa og liknande går kraftigare inn på henne enn hos normale barn.
Det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir bygd på Hjelset i Molde kommune. Éin times køyretur frå familien i Kristiansund.
I dag er Ålesund sjukehus det næraste med døgnbemanna barneavdeling. Slik blir det også dersom det nye sjukehuset ikkje får behalde tilbodet.
For familien i Kristiansund betyr det ein køyretur på tre timar.
Av og til er mamma og pappa sitt fang alt som trengst. Andre gongar er tilgjengeleg helsehjelp avgjerande.
Foto: Eirik Haukenes / NRKMed to barn til heime, som også treng å bli passa på, har foreldra måtte prioritere kven som skal bli med Mathilde på sjukehus. Men å køyre åleine med eit sjukt barn i baksetet er heller ikkje aktuelt.
– Sist fekk eg mor mi til å køyre, for ein veit jo aldri kva som kan skje bak i bilen der. Om vi skulle dratt med ambulanse måtte vi ha venta lenge, for det var ingen bilar tilgjengeleg, seier ho.
– Eg skjønar ikkje kvifor
Ingrid Ovidie Rangønes, som er leiar for Nordmøre interkommunale politiske råd, har kjempa for at barneavdelinga på Hjelset skal bli døgnopen. Ho hadde blitt overraska om dei hadde vedtatt noko anna.
– Det hadde ikkje harmonert med låg risiko og sårbarheit, seier ho.
Ingrid Ovidie Rangønes er glad for at barneavdelinga blir døgnopen, men stiller spørsmål med kvifor vedtaket seier at det skal vurderast på nytt neste år.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKMen til liks med foreldra i Kristiansund set ho spørsmålsteikn ved kvifor vedtaket seier at saka skal behandlast på nytt neste år.
– Eg skjønner ikkje kvifor det skal vurderast på nytt i løpet av 2026. Det må i så fall berre vere grunngitt med økonomi, for det er ikkje noko anna som er endra, seier ho.
Vurderer flytting
Foreldra til Mathilde synest det er vanskeleg å leve med usikkerheita og redselen for at barneavdelinga kan forsvinne.
– Vi har snakka om å flytte om det ikkje blir fast avdeling. Vi har jo Mathilde som slit med sitt, og så har vi ei jente som nettopp har fått epilepsi, seier Semundseth.
Ina Semundseth og Jan Ivar Nordal er redde for kva som kan skje viss barneavdelinga forsvinn.
Foto: Eirik Haukenes / NRKHo er tydeleg på at Ålesund har flinke barnelegar og at det ikkje er der problemet ligg. Men ho fryktar alvorlege konsekvensar dersom reisevegen skal auke frå éin til tre timar om eitt år.
– Eg er rett og slett redd for dødsfall, seier ho.
Må drivast med normal bemanning
For å unngå at døgntilbodet blir samla i Ålesund om eitt år, må helseføretaket klare å drive på Hjelset med normal bemanning, og ikkje med vikarbruk.
Det seier Olav Lødemel, som er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.
– No ser det ganske bra ut, så eg tenker at vi skal meistre det. Men det er eit veldig tydeleg signal frå styret at kostnadskontrollen også må vere ein del av bildet.
– Kva kan skje om det ikkje er det?
– Då må vi sjå på den samla kapasiteten vår. Det var jo diskutert no òg, og den samla kapasiteten i Helse Møre og Romsdal er stor nok med å ha tilbod i Ålesund, men no valde styret å følge oppfordringa om å opprette barnesenger på Hjelset slik det er bygd for.
Men han seier at dei må revurdere dersom dei ikkje klarer å drive verksemda innanfor dei samla rammene.
Olav Lødemel er tydeleg på at dei må klare å drifte barneavdelinga på normal bemanning.
Foto: Eirik Haukenes / NRKPublisert 20.02.2025, kl. 07.58