Full brems for milliardprosjektet – som kan bli dyrare: – Vi er frustrerte

2 weeks ago 7


Torsdag sleppte Bane Nor bomba: Opninga av dobbeltspor til Hamar, som skulle stå ferdig neste år, blir utsett til 2032.

Dette som følge av ny kunnskap som viser at grunnforholda i naturreservatet i Åkersvika er dårlegare enn det som var lagt til grunn, ifølge prosjektdirektør i Bane Nor, Eirik Harding Hansen.

– Vi har hatt éi løysing i den første delen av prosjektet, og så har vi omprosjektert og funne ei ny løysing undervegs. Vi ser at denne løysinga også har svakheiter ved seg, seier han, før han fortset:

– Vi er opptatte av sikkerheit og ei forsvarleg gjennomføring, og er nøydde til å stoppe opp og finne ei ny løysing for korleis vi skal krysse Åkersvika.

Bane Nor må samtidig ta omsyn til eksisterande trasé. Ved belastning av for mykje masse i området, vil dette kunne påføre setningsskadar på traseen, ifølge Hansen.

Bane Nor og samferdselsministeren er ueinige om delar av prosjektet kan takast i bruk allereie i 2027 eller ikkje.

d

Eirik Harding Hansen, prosjektdirektør i Bane Nor.

Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK

– Svært alvorleg

I over ti år har arbeidet med nytt dobbeltspor til Hamar gått føre seg. Da utsettinga blei kjent torsdag, førte det til sterke reaksjonar lokalt.

– Det er jo svært alvorleg og eigentleg ikkje heilt til å tru. Det luktar jo litt skandale, synest eg, av heile saka nå. Men vi er nøydde til å få ei betre forklaring på behovet for utsetting, sa Hamar-ordførar Vigdis Stensby (BBL).

En person står på en plattform, iført en lys jakke og en blå skjorte. Flere andre personer kan sees i bakgrunnen, inkludert en gruppe som snakker sammen. Atmosfæren er uformell, med tydelig dagslys og en skyfri himmel. Togstasjonen er synlig i bakgrunnen.

Ordførar i Hamar, Vigdis Stensby (BBL).

Foto: Frode Meskau / NRK

Bane Nor forstår at folk nå reagerer på at desse forholda først blei kjente nå.

– Det har eg full forståing for. Dette er sjølvsagt noko vi gjerne skulle vore forutan. Det vi nå må gjere, er å stoppe opp og finne ei forsvarleg løysing, både sikkerheitsmessig, økonomisk og miljømessig, og ikkje minst i eit Ramsar-område.

– Er det forsvarleg og mogleg å bygge ein ny jernbanetrasé gjennom Åkersvika?

– Ja, vi er trygge på at vi finn ei løysing, men dessverre tar det litt meir tid enn det vi hadde lagt til grunn.

Reagerer på handteringa

Bane Nor var allereie klar over at prosjektet kunne bli forseinka.

Gjennom heile fjoråret blei ferdigstilling i 2029 vurdert som realistisk, og blant anna kommunisert til ordførarane, ifølge Hansen.

– Det har ikkje vore ei forseinking som har vore konkludert med. Vi har jobba med å få på plass ein plan som er gjennomarbeidd, og som eventuelt ville gått til Stortinget for å få nye rammer basert på den kunnskapen.

Bildet viser en oversiktsvisning av en elv med en bro som strekker seg over vannet. I vannet er det flere anleggsskip og flytende plattformer i forskjellige størrelser. I bakgrunnen ses skogkledde åser, mens det i forgrunnen er en vei med biler som kjører. Området ser ut til å være delvis bebygd med bygninger synlige nær bredden av elven.

Inntil vidare ser det ut til at brua over Tangenvika blir Noregs lengste jernbanebru utan tog. Dette etter full stans lenger nord på prosjektet.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) blei først kjent med den femårige forseinkinga nå i 2026.

– Vi er, på same måte som befolkninga og politikarane på Innlandet, frustrerte over denne beskjeden, og er ikkje godt fornøgd med det som nå ser ut til å spele seg ut. Vi er heller ikkje heilt tilfreds med korleis Bane Nor har handtert situasjonen.

Nygård vil nå sjå på om det finst moglegheiter for raskare framdrift på prosjektet. Nygård har allereie oppretta dialog med Bane Nor om saka, og vil ha tett dialog med dei framover.

Utbyggingsdirektør Bettina Sandvin i Bane Nor har ikkje ønskt å kommentera NRKs intervju med Nygård.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård annonserte 12. november 2024 at prosjektet med flyplasskrysset på E10 i Evenes kommune blir startet opp.

Bane Nor har trekt i nødbremsen i gigantprosjektet på Innlandet. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er ikkje tilfreds med handteringa til selskapet.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Trafikk frå 2032, eller tidlegare?

Sjølv om problema med grunnforholda berre omfattar ein liten del av prosjektet, blir alt arbeid nord for Ottestad nå sett på vent inntil ei løysing i Åkersvika er klar.

Det sjølv om rundt halvparten av den 30 kilometer lange strekninga alt er bygd ut, og det vil bli lagt dobbeltspor frå Kleverud til Ottestad.

– Når vi nå vel å utsette å bygge sjølve jernbanen, er det på grunn av signaltekniske utfordringar. Ein må bygge eit nytt signalsystem, som berre skal vere der i ein kort periode, inntil ein rullar ut det nye digitale signalsystemet på heile strekninga opp til Hamar, seier Hansen.

Dobbeltspor-prosjektet går frå Kleverud til Åkersvika. Det er berre arbeidd nord for Ottestad som no blir sett på vent.

Nygård meiner på si side at det er mogleg å sette inn trafikk på strekninga til Stange.

– Stange stasjon ser ein for seg kan vere klar i 2027, så det vil bli togtrafikk på delar av strekninga. Det er den siste biten inn mot Åkersvika og Hamar stasjon som er forseinka.

Nygård presiserer at dette avheng av at strekninga er klargjord for togdrift.

Bane Nor presiserer at det kan la seg gjera å opna Stange stasjon med tilhøyrande 2 kilometer dobbeltspor i 2027.

Åkersvika

Det skal byggast dobbeltspor på jernbanen forbi naturreservatet Åkersvika ved Hamar.

Foto: Frode Meskau / NRK

17 milliardar kroner

Som følge av utsettinga ser ikkje Bane Nor bort frå at utbygginga blir samkøyrd med utrulling av det felleseuropeiske signalanlegget ERTMS. Sjølv reknar Bane Nor med å spare opp mot éin milliard kroner på å ikkje innføre eit mellombels signalsystem.

Foreløpig er det uvisst kor mykje problema i Åkersvika vil bety i kroner og øre.

– Det talet har vi dessverre ikkje nå. Det vil bety auka kostnader, og vi legg til grunn at vi må til Stortinget for å få ei ny kostnadsramme for prosjektet, seier Hansen.

Dobbeltspor-prosjektet har frå før ein prislapp på rundt 17 milliardar kroner.

Hei!

Takk for at du las saka! Har du tips til denne saka eller liknande saker? Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 16.01.2026, kl. 19.51

Read Entire Article