Dei tre siste åra har prisen ein må betala for å leiga bustad i norske storbyar hatt rekordvekst.
Nye tal viser at prisauken har flata ut i norske storbyar. Unntaket er Bergen.
Då Kaya Stæger-Breisnes skulle flytta til vestlandshovudstaden, tråla hen og kjærasten annonsar på nettet på leit etter ein passande bustad.
– Eg sende veldig mange meldingar, men eg fekk veldig få svar og ingen napp, seier student Kaya Stæger-Breisnes.
Løysinga vart å kjøpa seg ein seglbåt. No bur hen sentralt i byen i ein 28 fot stor fjordcruiser.
– Eg er ung ein gong liksom. Eg kan køyra på og bu i ein båt da.
Båten blei kjøpt for 40.000 kroner og pussa opp, men Stæger-Breisnes meiner han raskt blir nedbetalt.
Foto: Sissel Rikheim / NRKTrur ikkje utviklinga vil snu
Dei siste tre åra har veksten vore «veldig sterk», ifølgje Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Norge.
Sidan starten av 2022 har prisane stige med 26 prosent i dei store byane. For Oslo er talet 28,3 prosent. Det er den største veksten så lenge Eiendom Norge har ført statistikk.
– For leigetakarane har det blitt mykje tøffare, seier Lauridsen.
Henning Lauridsen er administrerande direktør i Eiendom Norge.
Foto: William Jobling / NRKMen no har utviklinga flata ut.
– Bergen er den einaste byen som framleis har ganske sterk prisvekst.
Det siste året har prisen for å leiga bustad stige med 8 prosent i vestlandshovudstaden.
Prisveksten det siste året:
- Oslo 2,9 prosent
- Bergen 8,0 prosent
- Trondheim 3,0 prosent
- Stavanger og Sandnes 1,0 prosent
Lauridsen trur ikkje utviklinga i Bergen vil snu med det første, fordi lite tyder på at det blir fleire bustader tilgjengelege for leigemarknaden.
– Me ser også at det er ganske få bustader som ligg ute til leige i Bergen, samanlikna med dei andre byane.
Sentralt og rimeleg med båt
Stæger-Breisnes meiner hen og kjærasten ikkje hadde spesielt høge krav.
Dei ønskte å bu saman, utan å bu med mange andre. Dei ønskte også å anten bu sentralt, eller nær buss- eller bybanestopp.
Og så hadde det vore fint å ha oppvaskmaskin.
Kaya Stæger-Breisnes er politikar for MDG på fylkestinget i Vestland, men uttalar seg som privatperson i saka.
Foto: Sissel Rikheim / NRK– Me fann ganske mykje som var innanfor prisen me såg etter, men det forsvann veldig raskt frå marknaden.
Kjærasten valde å flytta heim til Førde då dei ikkje fekk napp på bustadmarknaden, medan Stæger-Breisnes kasta seg ut i noko nytt.
BA har skrive om hen tidlegare.
I seglbåten bur hen sentralt og rimeleg. Båten blei kjøpt for 40.000 kroner for eit år sidan. Stæger-Breisnes har i tillegg brukt pengar på å pussa han opp.
– Sånn sett så har eg jo betalt eit veldig stort depositum, men eg får jo relativt raskt betalt ned igjen båten.
Heimen har et lite kjøken, eller «bysse», med kjøleskåp, mikrobølgeomn og to steikeplater.
Salongen fungerer som eteplass og arbeidsplass. I tillegg er det greitt med lagringsplass og mogleg å laga sengeplass til fire.
– Eg hadde aldri funne ein hybel til 3300 kroner i månaden.
Salongen er både eteplass og arbeidsplass. Inni den grøne hylla gøymer også mikrobølgeomnen seg.
Foto: Sissel Rikheim / NRKEi fyldig krydderhylle på eit lite kjøken.
Foto: Sissel Rikheim / NRKKaya Stæger-Breisnes har plass til det viktigaste i seglbåten sin.
Foto: Sissel Rikheim / NRKTo steikeplater til matlaging.
Foto: Sissel Rikheim / NRKRoret kan også fungera som knagg.
Foto: Sissel Rikheim / NRK
Mange sel seg ut i Oslo
Men sjølv om prisstiginga er størst i Bergen, er det framleis hovudstaden som har landets høgste leigeprisar.
Der ser Eiendom Norge ein trend der store utleigarar sel seg ut av marknaden.
– Det betyr at det på sikt blir færre utleigebustader.
Svært mange av utleigebustadane som blir selde ligg i sentrale bydelar. Desse bygga blir no gjort om til burettslag, noko som gjer at dei ikkje blir leigde ut framover.
Lauridsen og Eiendom Norge trur leigemarknaden i Oslo kjem til å forskyva seg ut i dei ytre bydelane.
– Det blir færre leigebustader i sentrumsbydelane.
Dei ser den same salstendensen i Bergen også, men i mykje mindre grad enn i Oslo.
– Og så finst det eitt eller to eksempel i Trondheim, men der er det mykje betre balanse mellom kjøpsprisar og leigeprisar enn det er i Oslo, seier Lauridsen.
– Har me ein sunn leigemarknad for alle dei som treng å leiga bustad?
– Me har ein situasjon som er veldig uheldig på sikt, der det forsvinn mange leigebustader ut av marknaden.
Han peikar på at veldig mange av dei som leiger bustader er dei som har lågast kjøpekraft.
– Så me har nok ein leigemarknad som er litt usunn i pressområda, i den forstand at prisane blir litt høgare enn kva dei nødvendigvis burde blitt.
Publisert 09.10.2025, kl. 07.00